Gjenom Dalsland og Vestergötland.

[Del 6 av 12. Første delen]
 
(Framhald.)
 
Ei slik Segn, som den eg hev fortalt, kunde føra Tankarne inn paa dei vonde Magterne her ut paa denne Trollholmen, der det liksom ylte og skreik og stønde yver allt det vonde, som dagstødt hender i Verdi. Det er myket, det; men kannhenda Segni gjerer det værre. Eg vende meg fraa desse Trollfossarne med alle sine Svelg og Avgrunnar og gjekk paa Land til aa venda Tankarne mot det gode og nyttuge paa Jordi. Det er nokot det au. Dikt attmed sjølve Fossarne stod Verk etter Verk. Uhorvelege Stoplar med smaae Stokkar og umaatelege Stakkar av Halm og Straa stod og ventad paa aa verta sundrivne til ein Slags Graut fyr seinare aa gjerast til Papir, som der naa brukast so myket av. Blandt Bygningarne i denne Fossdalen lyt eg nemna eit høgt Torn, som stend paa eit Berg. Vegvisaren, som sjølv hadde gjevet seg dei Lovordi, at han visste allt og kunne tala um allt, fortalde, at ein Fotograf hadde bygt og budde paa dette naken Berget, og at han hadde vortet ein rik Mann ved aa selja sine Bilæte av Fossarne og av alle dei Pengarne, han fekk av Ferdafolk, som gjekk upp paa Tornet hans fyr aa faa eit godt Utsyn yver heile Fossedraget. Dei synest aa kara og klora paa alle Vis i denne vesle Dalen alltifraa dei rike Verkseigarar til alle dei Smaagutarne, som Gong paa Gong stengjer Vegen fyr Ferdamannen og ropar: Vil Herren kaupa det Bilæte til Minne um Fossarne? Enn det? Enn det?
           
Fraa det største Natursyn i Göta Rike ber det naa til det største Mannaverk _ Torllhättakanalen. Dette Verk er inkje nytt. Alt den djuptenkte Biskop Brask, som Kristian den 2dre sparde Hovudet paa i det stockholmske Blodbad, kom paa den Tankjen, at der burde gjerast ein Skipsveg fraa Venern til Havet! for det vilde vera so stor Nytta fyr Landet. Gustav Wasa likte dette Paafunnet godt, og Son hans, Karl den 9de, som sette i Verk myket av det, Faderen inkje vannst med, byrjad Arbeidet og fekk strakst sunnanfyr Venern istand ei Renna, som enno kallast Karls Grav. Gongverksbyggjaren (Mekanikeren) Polhem raadde Karl den 12te til aa gjera heile Elvi og Fossarne med siglande; men denne Kongen hadde, som ventande var, inkje Stunder aa tenkja paa slikt. I Frihetstiden, dei kallar, børjad Arbeidet atter, men vart snart avbrotet. Ei Tid etter vart det uppatt teket, og i Aaret 1800 gjekk det fyrste Skip fraa Venern til Havet. I 1844 vart Kanalen gjort so breid, som han naa er.
           
Kanalen gjev seg inkje i Kast med sjølve Fossarne, slikt som Polhem gav Utkast til, men gjeng av Vyrdnad av Vegen fyr deim. Han byrjar ved Kavledamm, dei kallar, og gjeng austanfyr Elvi lenger og lenger fraa Fossarne, til dess han kjem til den vesle Aakersjøen. Nedanfyr denne gjeng han nedyver Aakersberget. Her er Skipvegen hoggjen ut i harde Fjellet. Det er liksom ei stor Tropp med 5 Stig elder Slusor. Høgdi paa denne Troppi er 72 Fot. Naar ein er paa det øvste Stiget og skal nedyver, ser det so fælslegt ut, at ein mest kunde verta rædd; men allt gjeng godt, um inkje fort. Denne Vatstroppi med Fjellveggjen paa Sidorne er det, som fyr Ferdamennerne er det mest forvitnelege aa sjaa av heile Kanalen. Nedanfyre er endaa 3 Slusor; men so kjem ein til Elvi atter, som daa er siglande lika til Götaborg.
           
Men aa fara med eit Skip nedyver ei Vatstropp! korleids kann det gaa fyr seg? tykkjer eg høyra ein elder annan spørja. Jau, naa skal du høyra. Kvart Stig er ein djup Damm, som er so stor, at der minst er Rom nok fyr eit stort Skip. Strakst du er komen i ein Damm, vert Skipet gjort fast, og du ser ein Mann med ei Slags Heisegreida hala up ei Jarnluka, som heng fast i ei Jarnstong og dyttar til eit firkantat Hol djupt nede i Stemmen. So høyrer du det byrjar fossa; Vatnet renn fraa den eine Troppi til den andre, og Fartyet søkk so fort, som Vatnet minkar. Snart stend det like høgt i baade Dammar; 2 sterke, vatstette Portar vert upplatne, ein til kvar Sida, og Skipet kann maklegt faa fraa den eine Dammen til den andre. Kvar Port er breidare enn Halvparten av Renna, so det vert ein Vinkel, naar dei lukkast mot kvarandre. Paa slik Vis er dei betre god fyre aa halda den uhorvelege Vatstyngd, og med svært Trykk heldst dei ihop i Meden, so dei umogelegt kan gaa upp av seg sjølve. _ Gjeng Skipsvegen nedyver Bakkar, er baade Botn og Veggjer bygde av hoggjen Graastein.

Inkje alle Dammar elder Slusor er her like store korkje i Lengdi elder Breiddi; sume hev Rom fyr fleire Skip. Paa Sidorne er lagde smaa Gator av Stein, og yver kvar Port er der ei smal Bru med Handrekkjer, so Ferdamannen kann gaa, kor han vil paa baade Sidor, ifall han tykkjer, det er langsamt aa vera umbord paa Skipet. Myket er gjort fyr aa gjera Ferdi gild. Vakkre Tre er sette paa Sidorne. Tretoppar og Master blandar seg undarlegt saman.
Ser du upp yver Bakkje, synest du, Skipi kjem fraa sjølve Himelen. Av og til stend der smaa vakre Hus fyr Uppsynsmenner. Kanalen hev alle Stader Arbeidsfolk, som ein kann kjenna paa Huva med Messingskilte Göta-Kanal.
           
Det er trulegt, at ein ægte Sjømann likar seg betre, naar hann kjem ned paa den breide Götaelvi; for der fær han betre Svingerom og kann fara avstad i ein Fart. Fraa Trollhättakanalen til Göteborg er der paa Lag 7 Mil. Heile denne Leidi er eit Dalsdrag med smaa skoglause Aasar, Berg og Bakkar paa Sidorne. Grøne Gardar blenkjer her og der i desse Hallebakkar, men hellest møter Augat allra mest Øydemarker med Lyng og Stein i denne Elvedalen. Stillt og vyrdnadsfullt strøymer Elvi nedyver. Berre paa ein einaste Stad er der ei liti Slusa, ellest er der naturleg Skipsveg fyr alle dei Eimbaatarne som dagstødt fara upp og ner her um Sumaren.
           
Austanfyr denne Dalen, som truleg er lagat av Flaum og Straum, breider Vestergøtlands store Slett seg ut _ her og der i lange Byljedrag med smaa Knausar. Galtaasen i den sudre Deildi er den høgaste; denne Galten er 1232 Fot og soleides høgare enn den fyrr nemnde Kinnekula i den nørdre Deildi. Av og til er der litt Smaaskog, men forlitet til Husbruk, so Folk der myket lyt berga seg med Torv istadenfyr Ved. Inkje alltid hev der voret so skogarmt. Det kann ein bland annat skyna av Soga hans Sverre. Daa han vitjad Byrge Jarl i Gautland Joli 1177, foor han paa Atter-ferdi si villt 7 Dagar i store Skogar, segjest der. Naa er der forlitet Skog til aa fara villt. Landet er godt dyrkat og reknast til dei beste Landskap i Sverige. Det ser gildare og storslegare ut enn Dalsland, men synest inkje kunna koma upp mot dei austlandske Flatbygdar korkje i Velstand elder Venleik. Men so skal ein naa helder inkje skoda Hunden etter Haari. Vestergötland ser i det heile rikt og godt ut. Det er berre paa einskilde Stader, der er øydslegt. Sveltorne er namngjetne.
           
Vestanfyr Gøtaelvi var det gamle Alvheim. Der budde Elvegrimarne. Det var hardbalne Folk, og det kunde turvast, for dette Grenseland vart jamt og samt herjat av Vikingar. Den norske kongen trong um harde Hovdingar her, slike som han Sveike Steinarson. Denne store og digre Mannen var Fosterfar aat Haakon Magnusson, som ei Tid var Konge saman med Magnus Berføtte, og daa Haakon var lagd under Jord, brydde Sveike seg litet um Magnus. Daa Sigurd Ullstreng kravde Landskyld og Leidang fyr Kongen, svarad Sveike berre: Det ser ut til Snø, Gutar! sagde Finnen, hadde Ski aa selja. Ullstreng sagde, at Kongen vilde lysa honom ut or Landet, ifall han inkje fekk det, han skulde hava; men daa vart Sveike storkjeftat og grov til Gagns. Han gav Ullstreng Klengenamnet Ullbelg og kallad honom ein ermelaus Mann, som Bakskjurta var av paa. Um Frendarne hans sagde han, at ein heitte Gille Bakrauv, og ein annan hadde endaa styggare namn, og at dei stal, kor dei kom. Han trugad Sigurd Ullstreng paa Livet, so denne laut kasta seg paa ein Hest og ryma til Skogs. Daa Kong Magnus spurde dette, sagde han til Lendermennarne sine, at han trudde, Sveike vilde vera Konge i Noreg; men desse fekk Forlik istand. Sveike skulde fara ut or Landet og vera burte i 3 Aar. Men det viste seg snart, at Kong Magnus inkje kunde vera av med honom so lenge. Fantar og Skarvar lagde seg yver Elvegrimarne, daa dei var hovdinglause. So laut Magnus beda Sveike koma heimatter og verja Alvheim elder _ som det daa myket kallast _Raanrikje fyr Ransmenn, og dei var etter den Tid dei besste Vener.  
                                               
( Meir.)