Ragnhild Slettevoll.

[Del 2 av 6. Første delen]
 
(Forteljing av _bjørg.)
                         
(Framhald.)
 
           
Burte paa Nordigar var der mange Bonn, men Mann og Kjering var strævsame og nyttuge, so dei slo seg igjenom toligt. Men Tor tottest det var gruselege, naar alle desse sat med Bori til Mats, det kunne ’ki stoppast noken Ting, om dei so tok det tor Bekkjen. Og alli kunne han skyne hos dei der kunne vera so glade, for naar dei var paa Arbeid, kunne ein høyra Song og Løgje, alt gjekk som ein Leik. Folk totte det var bare Gama aa vera der og arbeide. Vesle Ragnhild var myki der burte og bræla med dei smæste Bonne og Gunhild Kjeringi stelte med ho som med sine eigne, so Ragnhild kalla ho Mor ho au. Sigurd Nordigar var paa sama Alder som Ragnhild og desse tvo helt seg mest ihop. So gjekk Aare.
           
Men no laut Ragnhild læra og lesa, men kven skulle læra ho; Tor kunn ikkje, og om han hadde kunna, so fekk han ’ki Tid hell.
           
No kann alt Sigurd Bokstavanne, fortalde Ragnhild til Far sin. Tor meinte daa han laut lære ho so nokolite, sovit ho kunde klara seg au, men kven sille han faa til det. Tenaranne ha’ han ’ki Stundir for, men han brydde seg no ’ki meir om det hell.
           
 
I Bygdi var ei som dei kalla for vise Tone. Ho og Aase hadde jamt vori so gode Venir. Tone var Dotter ette ein gomole Klokkare i Bygdi, so ho hadde blivi so godt upplærde baate til lesa og skriva, at det snaut var noken i Bygdi som stod ho i so Maate. Ho var noko utette Aare no, men ho var like lentuge og kvik enno. Ungdomen samla seg kringom ho, naar ho var tilstades, for ho kunne fortelja so mange Sogur og kvea so vene Visur, det var ei Syn. _ Ein Dag kjem ho gangande til Slettevoll, helsa daa so vyrdsamt paa alle, og Tor bad ho setja seg. Ho laut no bli vyrd som ein æra Gjest, hori ho kom.
           
No kjem au vesle Ragnhild springande inn og fortel det til Far sin, at no kann ho Bokstavanne ho au, Sigurd ha’ lært ho dei, sa ho. Tor svara ’ki noko større paa det.
           
Tone akta væl paa Ragnhild og seiste sa ho: Aanei kor ho er lik henne Aase, sama Augo so kvike og livande, ja der fær du deg ei god Trøyst paa dine gamle Dagar Tor, la’ ho til, ho kann allt Bokstavanne høyrer eg. Nei eg hev ingjen som kan lære ho, eg er ’ki noko til det, og Tenaranne hev eg ’ki Tid for, sa Tor, og glodde at Golvi.
           
Men, trur du ’ki det daa, sa Tone, at Aase ha’ vilt Ragnhild ha’ skult lært noko no, om ho hadde livt; ho er no paa ottende Aare. Ja, ja ha’ bare ho Aase livt, so ha’ ’ki eg loti havt sodant Bry med denna Gjentungjen, men eg lyt no koste paa ho og læra ho, sovitt ho kann sleppa fram for Presten, so bleiv eg au lærde, og eg hev komi væl fram. Ja men du maa koma ihug, at det er ’ki no som i gamle Dagar, og jamvæl kanskje i okons Ungdom, sa’ Tone. Daa var det ’ki fari ette, om Gjentunne kunne ’ki bare si Katkisme og ikkje so væl den eingong. Det var mange som sa’ til Far min kot det kund løna seg for han aa kosta sodan Lærdom paa meg, ha’ eg endaa vori Gut, so hadde det daa vori Von om eg kunne blivi Skulemeistare, men for ei Gjente er det til ingjen Nytti, men eg hev Far so myki og takka for. No skal du au Tor koste paa ho Ragnhild og gjeva ho ein god Lærdom, for du er rik nok til det. Du skal sjaa kor hugnalegt det vøre, naar Ragnhild kunne lesa for deg i Bibelen hell ei onnor god Bok, det kann driva burt mange tunge Tankar og gjeva deg mangein Kveik. Tor stod som i Tankar; hos mange Gaangjer ha’ han ’ki høyrt Aase tala paa sama Maaten. Men han ville døyva dette Minne, som ville smetta seg fram, og so kom han med det sama: Ja, det er som eg hev sagt, eg lyt faa lært ho noko, men kven eg skal faa til, det veit eg alli, for her er ’ki Skulemeistare som kann.
           
Du veit eg var her nest fyre Aase døyde, sa’ Tone, og daa rødde mi so mangt, mi ha’ mest vori som Systar. Ho bad meg daa om eg ville hava eit Auga med henne Ragnhild, og dersom du no ville, at eg skulle læra ho aa lesa og arbeide au, so vil eg gjera det, for det lova eg henne Aase.
           
Jamen du blei væl kallege dyre, kot vill du hava for aa læra ho litt aa lesa, men om du kann læra ho til arbeide det meste ho kunna, det ville eg helst, det er betre hell Lesnad.
           
Aa, sa Tone, eg er no ’ki so om Fortenesta som om eg kunne gjera noko gott for Folk, eg meinar eg skal hava nok til eg skal døy, so mi skal ’ki somyki røa om noko Betaling.
           
Eg hev nok funni den rette hera, tenkte Tor, bare ho no ikkje lærde ho formyke med Lesnad, so eg kann sjølv faa raa med ho, som eg vil, men skal ho læra ho upp slik som ho er sjølv, so er det ’ki gott aa klara seg, for det er plent som dei kunne eitkvart desse Klokinganne dei kallar; aaja eg vil daa late Tone reisa med ho ein Ture, og sjaa kos det lagar seg, men teke det ein galen Veg, so skal eg nok faa ho heimatte.
           
Med Tor stod og gruna soso, hadde Tone tekje Ragnhild paa Fangje og Ragnhild var so pratsam, at Tone bleiv glad i ho, for ho saag det var baate Vit og Vilje i Gjentungjen, og ho ynskte bare ho fekk ho no, før det vart forseint. Men Lykka var, at ho hadde vori so myki burt paa Nordigar og høyrt so myki gott der. Naar Gunhild fortalde Bonne sine, sat vesle Ragnhild og lydde so trugje som noken av dei andre.
           
Ja, so bleiv det daa til det at Tone skull læra Ragnhild, for so hev daa eg gjort mitt, meinte Tor; men det kann no ’ki vera so lengje, ho tarv vera hjaa deg, sa han til Tone, før ho kunne hava lært so ho klarar seg.
           
Eg set alli noko Tid sa’ Tone, men eg skal daa vist gjera det eg kann, for at du kann faa Gleda av Dotteri di. So er det best ho fær med seg Bibelen ette Mor si, for den skal ho kunna lesa i, baate fyr seg sjølv og Far sin. Tor viste ’ki hos det var laga med denne Tona, han maatte gjera, som ho sa, og kom fram med Boki, som alli ha’ blivi bruka no sia Aase livde. Forunderlegt nok, Haandi has skalv, daa han helt den Boki som Aase hadde so kjær, men han let seg ’ki merkje med noko. Han kom no ihug kor titt Aase las i denne Boki, han kom ihug hot ho ha’ sagt med han, nest fyre ho døyde, at han laut vera god mod Ragnhild og læra ho upp til ei god Kvinna.
           
Ragnhild var ’ki ufegje i aa reisa med Tone, dei hadde alt blivi Govenir. Ho bleiv daa feratil med sitt Stell; men Sigurd hadde ho au gjønne vilt havt med seg; men daa Tone sa’ at no laut dei sjaa, kven som kunne læra meir, medan dei var fraa kvarandre, daa let Ragnhild om det, at ho skull vinne.
           
So laut dei daa vera ferige, og Tone bad Ragnhild segja farvæl solengje, so tok ho Far sin og alle dei andre i Haandi, alle totte dei leit, daa ho skull reisa. Tenaranne var so glade i ho, for ho var so snill og so pratsam, og Tor gjekk uti Kamerse, han vil ’ki syne, at han totte leit, ho Ragnhild reiste. Det er daa godt meinte Tone, Hjartai has er daa ’ki hart som Stein, det saag eg no, Ragnhild kann gjera myki godt fyre Far sin ho, det vil eg vona.
           
So reiste daa Ragnhild med Tone.