Skiemne.

Er det til nokot det trengst god Emningsved, so er det til Ski, Veden skal vera baate haal og fjødren og godt verka lyt han au vera, so Skidi ikkje slær seg baate skakk og krokut. So nøje er Skide paa Veden, at det plent er eit Hende aa sjaa eit Skipar, som er fritt for Lyte paa nokon Vis; og verre vert det alt ettersom Skogen vert pynta, so me berre fær Buskar att aa kalla for.
           
Og so lyt Skidi vera so sterk, at ein kann lita paa, ho ikkje ryk om ho raaker ein hell annar Motgang; det er mange som hev voret ute fyre Uhøve og brotet sund ei Ski og vortet standande mest hjelpelause paa Skogen og ville Fjellet. Daa hev vist mange tenkt: gjeve Skidi ha vore sterk som Honn men lett som Tre.
           
Og so, naar det kjem Linnveer paa ein, med ein er langt fraa Folk hell Veg; daa er det eit av dei verste Slitarbeid som te er aa stavra seg fram, naar Snjoen klabbar paa Skidi.
           
No kann det snart bli Ski aa faa som korkje klabbar hell ryk sunn, og veit De kvat dei skal gjerast av? Jau, det er Papir det. Papir skal bli likaste Skiemne i Framtidi.
           
Det er svært so myket, dei hev funnet paa aa nytta Papir te i det siste. I Amerika gjer dei Jarnvegshjul av Papir. Dei klistrar det eine Papplaget paa det andre og pressar det tilgangs ihop (med eit Trykk av 1500 Kg. paa Kvadrattumen) og legg so Jarngjorder umkring. Slike Hjul skal vera mest uslitandes sterke, men so koster dei og 5 Gonger so mykjet som Jarnhjul.
           
I Handelen skal der og no finnast Spaserstavar, som er gjorte av gamle Avisblad. Dei skal vera sterke som Honn, so ein hugheilt kann freiste deim paa Ryggen aat ein Skøyar. Eg skal vaage det vert sterke Ski og fljote Ski au av slikt eit Emne; vil ein so koste paa deim eit galvanisk Metallag, kann dei ikkje klabbe i Linne hell og daa vert det vant um aa faa meir fullkommlege Ski.
           
Men so vil det nok og eit Vonom større Emne til, og ein lyt hava mange Aargangar av Fedraheimen fyr det vert stort nok til eit fullpanta Skipar; ja, um ein ikkje hev betre Bruk for Fedrah. daa.