Tidender.

Kristiania, den 24de Februar.
 
Dagbladet hev fenget ny Styrar att. Det var so mange som inkje likad Bætzmann der, daa han baate var for tungfør til aa skriva, og det som verre var, at dei inkje plent visste, um dei skileg kunde lita paa honom i Politiken. Det er Lars Holst, som no hev teket fat, han hev voret Styrar av Bergens Tidende til dessa, og han skriv baate greidt og vitugt for seg, plent ein god og lett Stil hev han, som me trur Folk vil finna Gaman og Mun i aa lesa. Me hev serskild Grunn til aa lika Bytet, daa han er ein god Maalmann og, som hev hjelpt til aa skrevet Norsk baate i Fedraheimen og andre Stader.
           
           
Valnemndi æ no ferug me Utskotsvale. Jamnast hava dei gamle Storthingsmenn blit sitjande paa gamle plassen, men nokre æ flutte. Av dei siste ska merkjast at Motsfeldt æ gjengjen ivi fraa Næringsemndi No. 1 te Konstitutionsnemndi. Aschehaug sa te han i si Ti, at de va kje fyrr sine Dygder Skuld han vart sett i Lagtingje i 1880.
           
Kven veit ka Aschehaug segjer no? Daa Advokat Stang æ i sama Nemndi _ kann me segja at no æ de stangske aa de motsfeldske System kome Andlit mot Andlit aa morosamt va det dei to treftest. _ Der æ liti Von um at nokon Høgremann blir Fyremann i noko Nemnd meir.
           
Reint Vatn smakar best.
           
 
Santalen Nr. 2 er utkomen.
           
Han inneheld eit Dikt til Skrefsrud _ Forteljing um Missionær Skrefsruds Liv _ ei Tala som Skrefsrud heldt i Arbeidarsamfundet _ Skildring av India _ og eit Brev fraa Skrefsrud. So fylgjer der med Bladet eit stort, gildt Landkort yver India og Santalistan.
 
           
Utnemningar. Sokneprest Niels Laache i Eidanger er vorten Prest i Arendal. Hjelpeprest Andreas Berg i Vestby, Sokneprest i Botne i Kristiania Bispedøme. Aage Meling, som fyrr var prest i Amerika, Sokneprest i Bakke i Kristiansands Bispedøme. Provst Eiler Kaurin i Sundre Aurdal Soknepest i Eiker i Kristiania Bispedøme. Ledig Hjelpeprest Harboe fast Hjelpeprest paa Eiker. Hjelpeprest i Kristiansands Bispedøme Andreas Myhre Hjelpeprest i Melhus i Trondheims Bispedøme. Hjelpeprest i Kristiania Bispedøme Jens Tandberg Kateket i Porsgrund _ Prest L. Strømme i Herøy er vorten Sokneprest i Selja i Bergens Bispedøme ikkje Seløy som det stod i hitt Nr. Det heiter ikkje so.
 
           
I Frankriker Kammeret og Senatet endaa inkje vortne einige um Trunkrevjarlogi. Det kjem Stur paa alleslags Yrkje av denne Otte og politiske Ugreida, og dei store Handelsmennerne i Paris hev gjort Søknad til den franske Præsidenten, Grevy, um at han snart maa hjelpe dei ut or denne utrygge Tilstand.
           
Det nye Ministerium er no lagat og hev ein Ferry til Fyremann.
 
           
Professor E. Sars heldt Fyredrag aat Studentarne Laurdagskvelden. Det var greid Kar til aa tala, det høvde baate aat lærd og ulærd. Han er tenkt paa tala andre Stader og.
 
           
Studentarne heldt Fest for Prins Oskar her i Vika. 300 var med.
 
           
Kongen reiste att igaar Kveld. Han skal koma att um 14 Dagar.
 
           
Retting. I Lysingi fyrre Gongen for Aadals Bruk stod Namnet paa Jarnvegsstationen inkje rett skrevet. Han skrivst: Aadalsbrug. Firmanamnet er: Aadals brug.