["Novemberforeningen"...]

Novemberforeningentillyser eit Møte ikveld i Kristiania og byd inn alle Folk, som held med dei i det, at Riksretten no er uforenlig med Grundloven og skadelig for Landets Fred, for at enes om en offentlig Udtalelse i denne Anledning. _ Novemberforeiningi maavita er aaleine det sanne Folk, deires Maate aa tyda Grunnloven den gjeld difore meir enn det, som vert avgjort ved Vali, og det Odelstinget gjer, etter           at det hev grunda og talat i 14 Dagar. Novemberforeiningi er Folket, og dei hev ingen Ting imot, at Folket er den øvste Grunnlovstydaren, naar dei berre er visse paa, at det sanne Folk hell dei sjølve fær gjort det.
           
Kven skal so ein slik offentlig Udtalelse sendast aat? Til Kongen for aa faa honom til aa stansa Retten paa nokon Maate ved noko Kup? Hell til Riksretten for aa skræma dei? Er det inkje Høgre tru, som hev talat so mykje um Domareiden og herma den so ofte, at Domararne inkje skal vyrda anten Trugsle hell anna, berre gjera etter Rett og Sanning. Og no vil dei same Kararne sjølv daa koma med Trugsla og Trykk paa dei. Det er for langt komet no, til at slikt kann ganga an. Kvat vilde væl Høgre segja, um Vinstre no, etter at Odelstinget hev gjort sitt, au kom mannsterke og ropad høglydt paa Straff for Regjeringi og manad Riksretten til aa inkje spara dei. Daa vilde Høgre sikkert segja, at det var ulovlegt gjort, daa tok Folket seg frami med det, som dei hev gjevet fraa seg sjølve og yverlatet Lovanne; og det vart anarkiske Tilstande. Men no skal dei kanskje hava Rett til slikt sjølve!
                                              
t.