[I Odelstinget...]

I Odelstinget hev dei haldet paa jamnt denne Vika med Lovsaker.
           
Um Eksamen Aritum var det framsett av Regjeringi ein ny Skipnad, at han skulde taka burt fraa Universitetet og leggjast til Skularne, Fleirtalet i Kyrkjenemndi hadde og innstelt paa dette, men sume var imot, dei meinte at det fekk drygja helst med dette til eit annat Aar, daa det skal koma fram eit større Umbotsverk i Skulegreida. Dei var rædde for, at det inkje vart til Bate for Privatistarne hell Lausgangarne (som Liestøl kallad dei) dette, men mest til Vinning for dei faste Skulegutarne, som var kjende med Lærararne sine. _ Det vart hellest inkje noko avgjort med det same, det vart utsett eit Bil, til Joh. Sverdrup kunde faa umraada seg paa ein nokot annan Maate, som han hadde i Tankar.
           
So hev dei haldet paa med ein Dissenterlov, um dei, som inkje vil vera med i Rikskyrkja.
           
Søknaden fraa Mormonarne um fullfri Stelling fekk inkje Framgang, Læra deira um Manggifte var tvert imot Kristendomen.
           
For Skulen sin Del vart det vedteket, at Dissenterar skulde kunna verta Lærarar i Haandarbeid, Skrivning, Reikning, Teikning og Gymnastik men inkje anna. Mindretalet, som var 38 Mann vilde sleppa dei meir inn, men Religionsundervisningi skulde daa likevæl vera utskilt.