[Um Vonheimsskulen...]

Um Vonheimsskulen, hev Lærararne der skrevet ei Umsegn, som me vil setja fram, etter Verdens Gang.
           
Skulen vaar stend vel endaa fyr mange i eit dimt Ljos; for sume hev sagt eit, andre hitt um Arbeide vaart her. Me vilde difyre so gjerne faa greida ut eit og anna fyr Folk, so dei, kann henda, kunde sjaa paa Skulen vaar med større Skyn og varmare Medhug, enn til dessa vanleg er.
           
Dei held Skule fyr Gutar 5-6 Maanadar um Vetteren og fyr Gjentor 3 _4 Maanadar um Sumaren _ iaar fraa 22de Mai til 22de September.
           
Dei Læreemne, som dei hev fyr seg paa Skulen, er desse, som nærmast kjem Guteskulen ved.
           
1. Soga kring 10 Timar fyr Vika, bytt likt millom Noregs Soga og Heimssoga. Bibel- og Kyrkjesoga skil dei ikkje fraa hi Soga, men tek henne med der so mykje, som dei kann. For dei tykkjer, at all Soga fyre Kristus stemner mot Kristendomen, og etter Kristus er det den kristne Trui, som styrer den heile Framgong i Heimen, so henne lyt dei peika paa mest alle Stader.
           
2. Nokre Timar brukar dei til aa gaa igjennom og tyda Bolkar av Bibelen.
           
3. Det vert brukt ei 7 _8 Timar fyr Vika til aa læra Maal. Det vert dreve mykje med aa skriva etter det, som Læraren les upp, og so med Stil. Her kann ein daa gjera, som ein vil, anten ein vil verta dreven og lærd upp i Bokmaale elder Landsmaale elder i baade tvo. Derattaat les ein Maallæra, og so ven dei seg til Høglesnad _ dei tek med litet Grand svensk og der.
           
4. Jordkunna hev dei kring 3 Timar fyr Vika _ mest er det no um Fedralandet.
           
5. Rekning 4 _5 Timar fyr Vika _ etter ei vanleg Lærebok. Naar det trengst um, vert Skulegutarne bytt i 2 Avdelingar, so dei likaste kann sleppa lenger fram. Dette hender i sume av hine Læregreinerne med.
           
6. Øvste Avdelingi fær læra Utmælning.
           
7. Naturkunna 1 Time fyr Vika.
           
8. Sangen tek dei ofta med inn imillom hitt Arbeide, so der er ingjen serleg Time til det.
           
Paa den Skulen vert det ikkje berre stræva med aa faa Kunnskap inn i Folk, men allermest med aa upplysa og utvikla dei so, at dei gode Tankar kann vakna og Hugjen kveikjast etter det, som er sannt og fagert og godt. Serleg arbeider dei fyr aa faa Gutarne til aa bruka sine eigne Tankar, so dei kunde faa Greida paa alt det, som er framme no fyr Tidi. Detta er no ei Augnemed, som dei altid hev i Tankje, men ei 4 _5 Fyredrag fyr Vika er serleg maata til etter det. Daa greider dei ut um dei Spursmaal, som Folk hev Hugnad og Gagn av, _ baadereligiøse Spursmaal og Samfunds-Spursmaal og Skulesaker og Politik og Dikting osb. stutt sagt alt, som ein kann segja, høyrer til den aalmenne menneskjelege Upplysning.
           
Som eit Døme paa desse Fyredrag kann ein lesa Bruuns Folkelege Grundtanker (Boki kostar 2 Kr.)
           
Det vert i det heile halde 32-34 Timar Skule fyr Vika. Men ofta kann det vera endaa meir, for Timarne vert tøygde.
           
I flestalle Læregreiner (Rekning, Jordkunna, Maallæra, Stil osb.) lærer dei Gutarne sameleids som dei pla gjera paa andre Skular _ iallefall aa sjaa til daa. Men um Soga der held dei berre Fyredrag, men Læregutarne vert størde til aa fylgja med i Bøker og prenta i seg det, dei hev høyrt.
           
Paa Gjenteskulen gjeng det mesta som paa Guteskulen, anna det at dei ikkje reknar so mykje osb. Men so fær dei Like fyr det, med di dei lærer baade Skreddarsaum og anna Handarbeid 1 _2 Timar kvar Dag. _ Ingjen vert prøvd, naar han skal takast inn paa Skulen, so han treng ingjen serleg Kunnskap fyreaat.
           
Ein treng ikkje um aa halda seg tilbake um ein er komen eit Grand ut i Aari so ein tykkjest ha gløymt so mykje fraa Skuledaganne sine, at det synest vera meiningslaust aa taka til paa Skulen no.
           
Det hev vore mangein der paa Skulen, som var yver dei tretti; og endaa aukad han ikkje paa Umakjen, og Læraranne trur at det var beste Karanne, dei hev havt. For det dei vantad i Skulekunnskap hadde dei sanka i Livskunnskap. Gutarne tek dei sjeldan imot naar dei er under dei 18 Aar og Gjentunne under dei 16. _ Dei vanlege Skulebøker er: Erslevs Geografi med Billeder (0.50) Feragens Reknebok I og II, Aars Retskrivningsregler, Noregs Soga, Seips vesle Sangbok, N. J. Jensens Verdenshistorie, Snorres Kongesogur og Pettersens Fortællinger er gode aa ha attaat. Dei som ikkje hev Bøker kann faa kjøpa dei paa Skulen.
           
Dei faste Lærarar paa Skulen er no Ingvar Bøhn og Matias Skard og so ein Hjelpelærar og ei Lærarinna. Christoffer Bruun held Fyredrag kvar Vika baade eit og fleire.
           
Skulepengarne er 4.00 fyr Maanaden. Men mange kann faa fri Skule, naar dei søkjer um det. Best er det, naar ein, som er kjend paa Skulen, kann staa inne fyr, at det er fyr Trong Skuld dei søkjer. Hus og Mat (og Ljos og Ved) kostar 20.00 fyr Gutar og 16.00 fyr Gjentor. Men so lyt dei bu fleire ilag. Dei som ikkje det vil, lyt betala meir. Naar det er serleg Grunn til det, kann ein sleppa aa betala alle Penganne fyr Hus og Mat. Det er godt aa ha med iallfall ei halv Sengreidsla til dubbel Seng _ elles maa det nemnast, naar ein melder seg inn paa Skulen. Dei som bur paa Skulen lyt hjelpa til med eit og anna i sine Fristunder.
           
Innmelding lyt ein stella til J. Bøhn, Foldbu um Lillehammer. Det lyt vera gjort minst 14 Dage fyrr dei tek paa Skulen.            
           
Er det inkje nokon serleg Vande i Vegjen, so bør alle, som vil fara dit, endeleg vera der like fraa fyrst av. Det er det gagnlegaste fyr dei sjølve og det greidaste fyr Skulen. Det er lett framkomeleg Veg til Skulen paa Vonheim _ berre frammot ei 2 Mil fine Postvegjen upp etter fraa Litlehamar, og dit er det ingjen Vande aa finna fram.