Er det trongt i Telemarkje?

Det kunne vera nyttelegt aa sjaa til aa finna det rette Svar paa dette Spursmaale, avdi det kann vera mange, som tenkjer baade fram og tilbakars um aa taka ut til andre Kantar og daa helst til Amerika. Det, som no neraste gjorde, at eg kom til aa tenkje paa dette, var eit Stykkje av John Lie i næst fyrre No. av Fedraheimen um Amerika-Reisur; eg tykkjer, at han der tek væl hart i ei Morgedølsgjente, fyrdi ho ser med eit annat Auga enn han, og difyr kann gleda seg i det, som er aa gleda seg i. No trur eg inkje, at John Lie just er av dei, som hev so god Hug til aa fara uvyrdslegt og ille med Folk; men han trøystar seg med, at naar Sanningi krev det, so fær det inkje hjelpe, um ein vert nokot hardfønen.
           
Spursmaale vert daa, um han heve Sanningi paa si Side, so hugheilt, som han tenkjer; det trur eg inkje.
           
I Telemarkje vita dei i det heile lite av Slit og Slæp fyr Aalvor, dei sløsar fælt med Tidi og Arbeidsgogni er lette som Leikur mot paa andre Stadar. Um Vetren gjera dei kje stort annat enn lagar til aa ete upp Sumarsavlen, og Livemaaten er i det heile framifraa god og nærande. Vilde dei arbeide meir og liva smaasamare, so slapp dei aa reisa til Amerika, mange daa. Naar det i gamle Dagar var tvo Ungdomar, som gifte seg med tome Hendar, so var dei inkje so rædde fyr aa rydja seg ein liten Plass, som snart bergja deim godt og dei livde koselegt med seg og sine Born og attaat med kalvar, Gjeitungar og Laamb. Av Solskin og frisk Luft og annat godt og vent i Naturen kann ein liva paa den Maaten, at ein av dette fær Hug til aa rydja og byggja seg ein Heim, um han inkje er so stor, det kjem meir ann paa, korleids ein trivst. I eit Stev syng ei Gjente:
 
Hot hjelper det hava Gard og Grunnar,
Naar ein skal koma dit, som ein inkje unar.
hot hjelper det hava Aaker og Eng,
naar ein skal syte kvar Kveld i Seng?
 
 
I Amerika gjeld den almægtige Dollar framfyr alt, so at eit Menneskje vert meir vyrdt her enn der.
           
I Telemarkje vert Fatikfolk helsa og tala til som andre utan Skilnad, avdi dei er Menneskje.
           
Fatikmannsborn og Rikmannsborn fær netupp sama Lærdomen, dei ganga ihop paa sama Skulen, til dei vert konfirmera, so at fyr den Skuld reiser vist inkje mange til Amerika.
           
Enndaa mindre kann eg tenkje, at nokon reiser fyrdi, at her inkje skulde finnast Log og Rett i Landet, sovæl fyr den eine som den andre, Ring som Rik.
           
Mesteparten reiser vel avdi, at dei tenkjer seg til aa liva betre der enn her, daa Kravet til Livemaaten er so i stigande; men det er enndaa eit Spursmaal, um dei inkje med det Slit og Slæp og den smaasame Livemaaten, som dei fraa fyrstundes maa finna seg i, kunna koma eit langt Stykkje her heime liksovæl, og trulegt trivast betre, um det var med nokot mindre Eigendom.
           
Det er snaut nok, um Aandslivi kann segjast aa stydjast og nærast av Dollarne, det vert snart til eit Jag etter den og eit Liv fyr den.
           
Dei, som er Diktarar og kann skrive Bøkar og Blad fyr Folk, skulde heller sjaa til aa gjera Folk nøgde og glade i sin Heim, fyr at dei kunna faa Hug til aa gjera den so god og ven og koseleg, som mogelegt, so vil Aandslivi taka den rette Vokstren.
 
F.