Julirevolutionen.

[Del 4 av 8. Første delen]
 
4. Fraa Hertugen av Berry vert drepen til Ludvig den 18de døyr. 1820-1824.
 
 
Desse politiske Mord, paa Kotzebue og Hertugen av Berry, skræmde mange upp, som fyrr hadde voret trygge. Kjeisar Aleksander gav no upp dei folkevenlege Tankarne sine, og nærmad seg til Metternich. Fleire Stader hadde dei kvite Jakobinararne lokkat fram myrke Uvedrs-Skyer. Jamvæl i Russland var det løynlege Samlag, som tenkte paa Umbot. I 3 Aar hadde 50,000 Russarar leget paa Vakt i Frankrike og hadde der set mykje nytt, og naar dei so kom heim, vart dei misnøgde. Soleids hadde Aleksander ikkje kuat Revolutionen i Frankrike, men ført Fræet til ein Revolution til Russland. I Italia var der eit stort Samlag, Karbonariarne (Kolbrennararne), som hadde sett seg fyre aa samla Italia til eit Rike og fri det fyr det framande Herredømet. Det arbeidde so stillt som mogelegt, til ikkje aa koma i Klørne paa Styringi. Lagsmennerne lest vera Kolbrennarar, som vilde selja Kol, og hadde ymse Utsal (Vendita). I kvart Utsal var der tjuge gode Syskenbarn, som heldt ihop, men var skilde fraa hine Utsal. Desse mindre Utsal sende Utsendingar til eit større Utsal, og yver desse større Utsal stod der eit Øvste Utsal og ei Styrings-Nemnd. Fraa denne kunne det gaa Bod og Paalegg nedigjenom til dei minste Utsal i kvar den Kraa i heile Italia, og endaa for alt so løynt, so det eine Utsalet visste ikkje um det andre; berre Styrings-Nemndi heldt alle Traadar i si Hand. Lagsmennerne kjende kvarandre paa Ordtaket Von og Tru, og hadde eit visst Lag, naar dei handtokst og dessutan fulltupp med løyndomsfulle Teikn liksom Frimurararne. Den, som svor falskt elder bar ut nokot um Samlaget, vart drepen. Kvar Kolbrennar skulde hava Byrsa og 25 Skot.
           
I Spania hadde Kong Ferdinand den 7de faret aat som den verste Tyrannen; ingenstad hadde Bakstrævet sleppt seg so til som der, baade med Fengsel, Draap og Pinebenk. Difyr var der allestader løynlege Samlag og; i Amerika stridde alle dei spanske Nybygderne paa harde Livet fyr Fridom og Sjølvstende. Det var inkje Under, at Spania var det Landet, som det bar fyrst laust i. Nyaarsdag 1820 let Oberst Riego Soldaterne sine sverja Truskap til Grunnlogi av 1812, og nokre Maanadar etter laut Kong Ferdinand godkjenna Grunnlogi, som han sjølv 8 Aar fyrr hadde gjort til inkjes. Daa det kom Tidend um detta til Italia, reiste Folket seg i Neapel og tok den spanske Grunnlogi, og strakst etter sette dei upp i Piemont, paa Sicilia og i Portugal og fekk seg fri Riks-Skipnad der og. 1821 reiste Grekararne seg mot Tyrken, so no var Fridoms-Venerne paa Ferde paa alle dei tri sudeuropæiske Halvøyarne. Ved same Leitet hadde det norske Stortinget fyr seg tridje Gongen ei Log um at der ikkje skulde finnast Adel lenger.
           
Slikt kunne ikkje det heilage Samlaget sjaa paa. Dei 5 Stormagterne heldt Kongress i Troppau i Oktober 1820. Aleksander vilde ikkje bruka Vaapenmagt mot Fridoms-Venerne, men daa fekk han høyra, at det hadde voret Staak heime i Russland. Ein Oberst ved eit Regiment i Petersburg hadde dengt og smurt paa Soldatarne so ille, at desse visste ikkje paa Slutten si arme Raad, og so vart dei samstellte um, at dei vilde ikkje lystra lenger, men elles for dei fredeleg aat, og Politikk fanst det ikkje Namnet av. Daa detta spurdest, sette Metternich i Alekander, at no heldt det paa aa verta Revolution i Russland med, og fraa den Stund vart Aleksander heiltupp med paa Bakstrævet. Russland og Austrrike og Preussen gjorde ei Semja um aa tyna Revolutionarne og sagdest hava Rett til, naar det turvtest, aa intervenera, som dei kallad det, i andre Land, det vil segja, leggja seg imillom. Utsendingen fraa England protesterad mot slik Innblanding i andre Land. I Januar 1821 hadde det heilage Samlaget Kongress att i Laybach til aa tyna Revolutionen i Italia. England protesterad att, og Frankrike talde til aa fara fram med Lempe; men Metternich fekk sin Vilje fram, og det vart paalagt i Austrrike aa slaa ned Fridomen i Italia. Det heilage Samlaget gløste Rangaugom til Norig med, og ein svensk Flote og Her lagde seg ved Kristiania til aa skræma Stortinget; men endaa Faaren no var stor, avlyste likevæl Stortinget Adelen.
           
Soleids rustad Bakstrævet seg paa harde Taket. I Norig sette Kongen fram 10 Grunnlog-Forslag, som skulde gjera ein Ende pa det Folkestyret, som det saag ut til vilde arbeida seg fram. Elles slapp Norig godt fraa detta; Landet var litet og laag i ein Utkant av Europa, og daa Folk litet fekk vita um det, som gjekk fyr seg der, var der liten Faare fyr, at det skulde fengja paa andre. Grekararne, som Aleksander sjølv i Løynd hadde lokkat til aa reisa seg mot Hardstyret, fekk ingi Hjelp, og laut no greida seg som best dei kunne, mot den fæle Yvermagti og dei hemnesjuke Muhamedanarne; det heilage Samlaget gav ein god Dag i Kristendomen, naar han kom i Vegen fyr Politikken. I Italia, med alle dei smaa Rike og sundrivne Tilstand, vann Austrrike ein lett Siger, og Einveldet vart innført att. Spania laag verre til: Frankrike var den einaste Magt, som kunne tugta Spania, men fyrst laut Bakstrævet heiltupp koma til Styret i Frankrike. Portugal var det Uraad aa tugta, for det ligg millom Spania og Sjøen, og daa England ikkje vilde intervenera, fekk Portugal vera i Fred fyr Framande.
           
So skulde daa Bakstrævet hava Magti i Frankrike; men i Fyrstningi skulde dei fara nokot varleg, og Richelieu vart Formann fyr Ministeriet. Han gjekk sjølvsagt no med Høgre, Censur vart innførd, ei Log vart vedteki um, at Ministrarne kunne setja i Fengsel, kven dei vilde, og etter mykje Strid sette Ministeriet gjenom ei ny Val-Log. Umfram dei 258 Tingmennerne, som var i Deputeret-Tinget, skulde det heretter veljast 172 av og millom dei 12,000 rikaste, som no fekk Rett til aa røysta 2 Gonger, baade paa dei 258 og paa dei 172. Det var ei Tid mest som under det gamle Konventet, Kjegl og Slaasting paa Tingmennerne og paa Gaturne. Fleire lagde seg ihop mot Styringi og vart refste; Styringi vonad, at Menner som Lafayette og skulde voret med paa Upprør, men det slo ikkje inn.
           
Legitimistarne hadde paa denne Tidi ei stor Gleda, for Enkja etter Hertugen av Berry fekk ein Son, 7 Maanadar etter Mannen hennar vart drepen. Det var Forsynet sjølv, som hadde stellt det so, no var Trona trygg, og no skulde daa Erkeengelen trakka med Føterne paa Draken.
           
Prinsen fekk Namnet Hertugen av Bordeaux (Bordaa) og er den same, som no heiter Greven av Chambord (Sjangbaar), og som Legitimistarne no kallar Henrik den 5te 1) .
           
Ved dei nye Vali i 1820, daa dei valde heilt nytt Deputeret-Ting, gjorde Val-Logi god Nytta. Av yver 400 Tingmenner slapp berre umkring 60 Vinstremenner igjenom, men mangfoldige Ultra-Royalistar vart valde, av dei nokre av Hovdingarne i det ufinnelege Tinget. Det heldt paa med Staak, Trugsmaal og Uro baade i Tinget og utanfyr Tinget. Vinstremennerne var harme, fyr di Frankrike gav etter fyr det heilage Samlaget; dei totte det var ein Flekk paa den franske Æra. Ultra-Royalistarne vilde, at Ministeriet skulde leggja all sin Hug paa ein Mot-Revolution; i Kongregationen var der no yver 50,000 Lagsmenner og dei sende ut Missionærar til alle Kantar av Frankrike og preikad religiøs Politikk og politisk Religion, og hadde alle Kloster og geistlege Ordens-Lag og mange løynlege Samlag til Hjelp aat seg, og arbeidde paa aa faa Undervisningi slik lagad, at den nye Ætti skulde verta fulltut bakstrævande baade kyrkjeleg og politisk. Bisparne fekk Tilsyn med alle Skular, og frilyndte Lærarar baade ved Universitetet og Skularne laut gaa av.
           
Richelieu freistad paa aa bauta seg fram millom all denne Striden fraa baade Sidur; men daa Ultra-Roylistarne totte dei var sterke nok, fekk han Avskil. Etter honom vart Villéle (Villél) Formann fyr Ministeriet, og til Ministrar tok Kongen no Menner, som Greven av Artois totte høvde best. No vart alle dei reinskad ut or det høgre Embætsstandet, som ikkje var Presteskapet tillags, Kongregationen raadde Grunnen og hjelpte sine Vener til gode Embætte.
           
Endaa ei stor Gleda hadde Bakstrævararne no; 5te Mai 1821 sloknad Napoleon. Alle Bakstrævararne vart mykje større, daa den store Mannen var burte, men umkring i Folket vart det Sorg; det gløymde det vonde, han hadde ført yver Landet, mintest berre det gode og tenkte med Harm paa det Tilstandet som var daa. No snakkad Bakstrævararne beint fram um aa innføra Einveldet og gjeva Kyrkja att den politiske Magti, ho hadde havt. Altaret og Trona gjorde midt i Folk-Augom Samlag til aa kua all Rett fyr Folket.
           
Villéle var ein praktisk og retttenkt Mann, men laut gjeva etter fyr Ultra-Royalistarne, og vart meir og meir ein viljelaus Reidskap fyr dei.
           
Daa Bladi no var under Tilsyn, og det soleids ikkje kunne verta nokot offentlegt Ordskifte, laut Lafayette og hans Vener verka i Skugg og Skjol med løynlege Samlag. Etter italiensk Vis skipad dei eit Karbonarie-Samlag utyver heile Landet, mest av Millomklassen og Militære. Harm og Misnøgje fanst det allestader. Fleire ætlad seg til aa reisa seg mot Styret, men vart rettad. Dei mistenkte Politiet fyr aa hava stellt til sjølv fleire slike Tiltak.
           
Um Hausten 1822 hadde det heilage Samlaget Kongress i Verona; no var Tidi komi til aa tugta Spania. Aa senda ein Her inn i Spania var ikkje lett; Folket var djervt, Landet var fjellutt og vandt aa taka, og Spanjorarne hadde synt, kvat dei dugde til, under Ufreden med Napoleon. Kong Ludvig og Villéle totte difyr det var eit stort Vaagespel, men Ultra-Royalistarne var dei for treke. Austrrike, Russland og Preussen gav Frankrike Paalegg um aa intervenera i Spania, og Frankrike tok imot. England protesterad, men det heilage Samlaget brydde seg ikkje um England lenger og svivyrde det paa mange maatar, no daa dei ikkje turvte Hjelp mot Napoleon lenger.
           
Daa den franske Styringi kravde Pengar til denne Herferdi av Tinget, vart det eit forfælande Braak. Ein Vinstremann, Manuel (Manyéll) talde fraa, men midt i ei Setning, fyrr han fekk talat ut, sette Høgre i med eit rasande Skrik og kastad han ut, og sette han av, og dermed lagde alle Vinstremennerne, umkring 60, Protest imot slik Styggeferd, og reiste fraa Tinget. Bland desse var Lafayette, Benjamin Constant (Kongstang), Casimir Périer (Perié) og General Foy (Foá). Folket, som hadde samlat seg utanfyr Tinget, vart burtjagat med Hestfolk, og Tinget let Pengarne til. Men i heile Frankrike æste det og kokad med Hat og Forbanningar mot Bourbonnarne.
           
Den franske Styringi hadde kravt, at Spanjorarne skulde gjera slike Forandringar i Grunnlogi, at Kongen fekk mykje større Magt, men dei svarad nei. Daa gjekk 100,000 Franskmenner under Hertugen av Angouleme yver Pyrenæar-Fjellet. Dei møtte ikkje stor Motstand. Spanjorarne hadde stridt manneleg mot Napoleon, fyr di dei var stolte og heldt seg fyr det fyrste Folket i Europa, og fyr di dei var fanatiske Katolikkar, som heldt Franskmennerne i Revolutions-Tidi fyr Kjættarar, og faakunnige, so dei heldt fast paa alt det gamle. Men no, daa dei skulde verja ei fri Grunnlog, slost dei kleint. Det var i Røyndi ikkje mange, som var frilyndte. Det var med Spanjorarne, som med eit Fjell-Land, naar Soli renn. Fridoms-Soli, som ikkje var høgt paa Himlen komen endaa, skjein berre paa dei øvste Nutarne, men Tinda-millom var det kolande myrkt; og utor detta Myrket avlad og krak det fram med Faakunna og Einvelde, Fanatisme og Prestevelde, og Franskmennerne fekk meir Bry med aa styra dei forsinnad Bakstrævararne enn med aa slaa Grunnlog-Venerne. Ferdinand den 7de avlyste no dei Logerne, han hadde svoret paa, uppattreiste Einveldet og for fram slik, at endaa dei franske Ultra-Royalistarne vart uppargad. Riego vart fangad, bunden til Rumpa paa eit Esel og førd til Galgen.
           
Same Aaret rauk Vinstremennerne i Portugal og, og Einveldet vart innført der med.
           
Alle Stader i Sud-Europa hadde Bakstrævet vunnet; men i Nord-Europa hadde England fenget seg eit liberalt Ministerium og sette seg djervt imot det heilage Samlaget. I Norig skulde Stortinget avgjera Grunnlog-Forslagi til Kongen i 1824; der var komet Trugsmaal, Kongen hadde samlat ein stor Her; Stortinget var ikkje hugheilt og sende daa ei Adresse, der det bland annat stod, at Kongen efter Sagens Natur hadde absolut Veto i Grunnlogsaker; men elles fekk Kongen ingenting fram. Stortinget negtad alle Forslag samrøystes og utan Ordskifte, og det vart ingen Ufred.
           
Men i Frankrike aukad Bakstrævet no som ei Skrida. At det hadde gjenget so lettvinnt i Spania, at Hertugen av Angouleme paa ei liti Stund hadde gjort det, som var umogelegt fyr Napoleon, det kallad Presteskapet fyr ein Gudsdom. Det kom nytt Liv i Kongregationen, Vinstremennerne tagde seg, og Lafayette for til Amerika. Villéle meinte, at no var det Tid til aa tyna Vinstremennerne reint, løyste upp Tinget i Desember 1823 og heldt nytt Val. Styringi med sine Embætsmenner styrde Valet etter sitt eiget Hovud, og berre 13 Vinstremenner vart valde. Detta nye Tinget vedtok med stort Fleirtal, at det berre skulde vera Val 7de kvart Aar, so no kunne Styringi styra trygt i 7 Aar og lækja alle Saar etter Revolutionen.
           
Ein kann ikkje leggja Skuldi fyr detta paa Kong Ludvig; han var ein godkyndt Mann, som hadde verjat Grunnlogi mot Bakstrævet i den fyrste Tidi, han var Konge; men no var han utlivd og kleint med Helsa, og det var Greven av Artois, som mest stod fyr Styret. Den gamle Kongen hadde Illhug i seg fyr Framtidi. Daa det leid aat med han, lagde han vælsignande Handi paa Hovudet til det vesle Kongsemnet og sagde: Gjev Karl av Artois kunne bergja Kruna til detta Barnet. Han døyde September 1824.
 
 
1) Dei sagde um honom, at Hoffet kallad han Dieudonné, (den av Gud gjevne, men Folket Henry (en rit = lær aat det).
 
[ Meir]