Mjølkestellet vaart.

Det tek til aa gaa op for Folk, at det er ved ei dugande Feavl Norig paa Lengdi vil faa sine sikkraste Innkomur. Men skal det so verta, lyt det leggjast meire Umsut paa Kustellet og paa Mjølkestellet, enn me fyrr hev voret vant med. Det er for galet aa tenkje paa, at Noreg med sin gjilde Grasvokstr og feite Fjellbeite ikkje kann livnære seg sjølv med Smør og Ost! Me ligg i so Maate alt for langt bakom Land som Danmark. Og so er ogso vaart Smør so daarlegt, at ikkje Engelsmannen vil eta det. For no er det ikkje so i dei store Land, som det var og i Bygdom vaare, at Folk tok det mest som ei Guds Bespottelse aa vera vand paa Maten aa vraka Guds Gaavur og daa iser Smør: Smør det var Smør det, korleids det so var.
           
Ein kann endaa sjaa, at det er dei som held paa detta, for gaar ein yver Torget i Kristiania, kann ein treffe paa Kassur med Smør, som ser meire likt ut Grisemat, enn at det skal vera meint paa aa vera Manna-Føda. Men so vert og Prisen deretter, endaa hertelands er det ikkje so stor Skilna paa god og daarleg Vare, som det burde vera, og som det og er annarstaden. Som no berre i Danmark. Kjøbenhavns Smørliste hev 5 Klassur og fyst i April var Prisen for 100 Kg. 1ste Klasse 208 _220 Kr., 2dre 192 _ 204, 3dje 187 _184 4de 152 _160, 5te 120 _140.
           
Det beste stod soleides 83 % høgre i Pris enn det simplaste, og det kann nok hende det og, at det simplaste der er ein god Mun betre enn det simplaste vaart.
           
Men det munar no fram hjaa oss og lyt ein vona. Naar til aa med so gjilde Kornland som Danmark med stor Vinning meire og meire legg meste Arbeidet sitt paa Kustell og Mjølkestell, lyt det vera klaart, at det hjaa oss endaa meire maa vera det einaste rette aa leggje seg etter Feavlen med so stor Kraft, som ein berre kann.
 
I sume Bygdelag er det og i so Maate komet i god Gjenge.
           
Soleides øvst i Østerdalen og i Aalen og Holtaalen, der var det før Kolbruk og Kjøyring for Røyros Verk, som Folk for det meste livde av. So kom Jarnvegen og tok burt den Fortenesta. Det var dei, som meinte, at det med det skulde verta reint Kaaraahyt med Folk; men so vart det klaart for dei, at no hev me ikkje anna enn Kua aa faa Pengar ifraa og med den Kraft, som desse Bygdelag hev, naar dei fyrst vil nokot, let dei det ikkje vera berre med Snakket, men gjev seg ikast med aa skapa heile Stellet sitt paa ei ny Gjerd. Og det er reint utruleg, korleids dei paa faae Aar hev komet seg. Naar no Folk møtast, vert meste Pratet om Kyr og Kustell og um Smør- og Mjølkestell, og det berre ikkje av Kvinfolke; Kararne sjølv tek til aa gange med i Fjoset.
           
Fyr i Tidi maatte javnast Mannen kaupa Nistesmøret sitt, naar han skulde i Ferdesvegen; no sel dei paa smaae Gardar til og med ofte yver 5 Vog Smør for Aaret taa kvar Ku.
           
Det er Smørlagi, som i meste Maaten hev hjulpet til med dette.
           
I kvar Grend hev dei slegjet seg isaman, og møtest ein Gong i Vika og hev med seg Smøret, som dei hev kjinna. Der hev dei no eit Par Menn til aa vega Smøret og sjaa paa og smaka paa det, um det er rett laga, rett salta, og um det er rett Farge paa det. Det som daa er fullgodt, vert ihopmenta paa eit serlegt Mentebrett, nedpakka i høvelege Koppar og straks sendt til Byen. Pengarne vert so sidan utdelt, naar Rekneskapet vert uppgjort, etter det som kvar hev latet til.
           
Dei same Vrakarar hev ogso det Embætet aa gange rundt aat kvar, som er med i Smørlaget, og sjaa til, at Mjølki vert stelt paa rette Gjerdi.
           
Paa dette Viset vert det reint ei Æresak for kvar Kjering baate aa skaffe godt Smør og mykjet Smør.
           
Paa Tynset er det nokk ei seks sjau slike Smørlag, og fleire vert det for kvar Tid.                               
P. M.