[Tidender.] Forsoningsministerium?


Det var med mykje Stræv at den nye Regjeringi vart samla. Og endaa er ho inkje heil, endaa er den tiande Plassen tom. Men ho skulde daa no vera sopas heil, at me kunde sjaa, at me hadde ei Regjering iallfall. Det hev alt gjenget mange Vikur.

Kvat hev dei gjort daa?
Hev dei kanskje møtt upp i Stortinget? Nei.
Hev dei kanskje betala ut Pengarne aat Folkevæpningsamlagi? Nei.
Hev dei kanskje kalla inn Hjorth og Lunde i Jarnvegsstyret? Nei.

Det einaste me veit um dei er at eine Hovdingen deira og tvo til er slike, som Riksretten hev dømt i største Bot, som kann gjevast¹). Hellest hev me berre lause Ord fraa Stang i Stortinget um at det skal vera eit Forsoningsministerium, en helt igjennem konstitutionel Regjering, der nærer Ønsket om Samarbeide med Stortinget.

Det var ein god Attest ja.
Aa det er Skamm for ei ærekjær Regjering aa faa Attestar for den gode Viljen sin, før dei sjølve hev gjort noko!

For Attest millom Folk kann dei berre faa paa ein Maate: ved Gjerningarne sine. Lat dei vinna seg den, soframt dei held han gjæv, soframt dei nærer Ønsker slike som Stang sagde.

Kvifor drygjer dei so? Trur dei, at dei skal styrkjast med det? Aa nei, dei veit at dei fraa fyrste Stund er sedde paa med Mistru. Lat dei so gjera eit Grip og berga sine Voner og si Æra og fri den Lovnaden, som Stang og slike hev gjort for dei.

Aa nei, dei gjer nokk ingen Ting, Likesæla deira hev alt stempla dei og rivet burt alt Grunnlag for aa tru paa kvart Lovnadsord.

Det skal inkje vera noko Kamp-ministerium, sagde Morgenbl. Kvat skal det vera Meiningi daa? Jau dei skal berre driva med Forsvar.
Kven hev dei daa aa verja seg imot?
Mot det norske Folket .
Kvat er det dei skal verja?
Skuggar!

Dei skal ganga som nokre Tullingar og gjæta sine Skuggar, gjæta Skuggar av det verkelege Livet, dei som Tidekravet teiknar av.

Kvat skal me gjera, korleids skal Stortinget fara aat? Skal det bida, til slike Folk handlar? Daa fekk dei vist venta kalleg lengje.

Gjæta dei lyt me, det er vist. Men det er inkje nokk. Me lyt verja oss me. Me lyt stella oss slik, at me inkje gjev den anten Pengar hell anna aa stella med, meir enn det endeleg trengst for at Riksstellet kann haldast ved Lag. Meir Tillit hev me inkje til dei, før me hev fenget set kvat Slag Karar det er.

Stortinget hev alt teket til aa vara seg.

Det hev alt vortet fleire Smaahoggingar, det er ymse Ting som dei hev komet inn paa det i. I Lensmannsloven, i Kvendesaki, og no i Stellet med Sjøheren. Nemndi, som hev med Herstellet, hadde alt minka av 300,000 Kr., men det var inkje nokk til aa visa Misstilliten mot Regjeringi. Kapt. Krogh sette hardt paa, at dei skulde gjera mykje meir Avkorting.

Der vart det ei styggleg kvass Skuring, og dei er inkje ferduge endaa. Rynning (fraa Drammen) var so grov, at det var paa Tale aa jaga honom paa Dør.
 
 
¹) Jau det er sannt, eit hev dei gjort, dei hev tilsett, at Bjørnson skal koma ibeit for eit Stykkje
til, som hev stadet i Verdens Gang.