Ukristeligt Frisinn og fridomhatande Kristendom.


(Av John Lie.)


Kr. Brun hev skrivet myket vent og godt i Bladet sitt, og eg _ og mange med meg fraaTelemarke _ sender honom hermed hjarteleg Takk fyr det. Men i Stykket hans vaar Politik er nokot, som inkje eg kann rima ihop med Rettferd oog Sanning. Det kann henda det er mi Skull, at eg inkje forstaar Stykket hans rett. Um so er, vilde Bruun gjera vel um han vilde vyrda meg so myke at han greidde litt betre ut si Meining.

At elska Fridom og arbeida fyr den, det vil segja: gjera alt ein orkar til aa lyfta Menneskje fram i Lykke og Sæla, skulle inkje det vera kristelegt?

At hata Fridomen og arbeida imot den, det vil segja: gjera alt ein orkar til aa trælka Menneskje og dermed søkkja det ned i Vanmagt, Ulykke og Usæla, skulle inkje det vera ukristelegt?

Der Herrens Aand er, der er Fridom _ altso vel ogso: der Fridomen er, der er Herrens Aand. Eg meiner sjølvsagt den ægta, sanne Fridom, inkje taumlaus Eigenraadugheit.

Kristus hev sagt desse fagre og store Ord: Herrens Aand er yver meg, difyr salva han meg, han hev sent meg til aa kunngjera det gode Bodskap fyr dei Fatike, til aa heilbrigda dei knusa Hjartur, til aa kunngjera dei Bundne Løysing, til aa gjeva dei Blinde Synet, til aa gjeva dei Plaaga og Pinte Fridom, og utropa eit velsignat Herrens Aar. Kristus elska Fridomen, og arbeidde sit heile Liv her paa Jorde fyr aa gjeva Menneskje den. Apostlarne elska Fridomen, og det stend skrivet: Lat ingjen gjera dykk til Trælar.

Der maa vera Skjyldskap millom Fridoms-Elsk og sann Kristendom; men kann der vera nokotslag Samband millom Kristendom og Fridoms-Hat?

Soleids kann eg inkje forstaa korleids Bruun kann tala um ukristelegt Frisinn og ein fridomhatande Kristendom. Eg kann aldri tru at Kristendomen kann hata Fridomen og arbeida mot den, og aldri kann eg tru at Fridoms-Elskjen kann vera ukristeleg.

Alle veit at her staar tvo Program kvast mot hinannen, Høgre- og Vinstre-Programmet. Det fyrste Program arbeider millom annat fyr aa trykkja ned Folke-Fridomen, det negtar Folkesuveræniteten, det vil inkje vidka ut Røysteretten, det vil inkje norsk Upplysning, det hatar tvertom det nationale; det vil svinebinde det norske Folket, og til det søkjer det Hjelp utanskjers _og Hr. Bruun og me alle veit at det er noko annat enn god Vilje som vantar Programmet medan at alle Programmets Trugsmaal med Statskup, Meineid, Riksrett-Sprengning og Stortings-Streikarenno meste berre er vortne tome Ord. Tykkjer Bruun det er lettvinnt aa finna noko Samband millom dette Program og Kristendomen? Er der nokot Skyldskap millom dette Program og heiderleg Ferd og Moral?

Det andre Programmet arbeider fyr Folke-Fridom, Sjølvstyre; det vil lyfta dei Smaa upp til Lykke og Velfærd, det vil at det meir og meir skal verta so at alle Menneskje kann faa njota Rettferd, det vil minka paa faafengd Stordom og unyttelegt Glitter og Glimmer, det vil national Sjølvstøda, det vil Fridom, Likheitog Broderskap.Tykkjer inkje Brun at dette er nærskyldt Kristendomen? Skulde det inkje vera nokso kristelegt aa arbeida fyr dette Program?

Men det er dette Program, som Bruun segjer han so innerleg godt unner ein Usiger her og der. Det vilde vera forvitnelegt um Bruun nevnde dei Sakerne, som han tykkjer det var so tilpass at Fridoms-Programmet maatte tapa paa.

Den Strid, som no stend paa, er inkje fyrst og fremst ein politisk; _ det er ein Kultur-Kamp;det er ein Strid der det norske Folk kjempar fyr sine Menneskje- og Folke-Rettigheiter. Aa strida fyr dei meiner eg er kristelegt, aa ville tyna dei meiner eg er ukristelegt.

Og so enno eit. Den Deild av Pressa, som lyfter Fridoms-Programmet finn Bruun er so serdeildes smitta og befængde med Vanagt fyr Kristendomen. Me Bøndar fylgjer toligt godt med no um Dagen, men eg trur inkje mange av oss er einige med Bruun i dette. Eg trur inkje her er mange i Fridoms-Flokken som vanagtar Kristendomen . Nei, her er vel inkje ein ægta Fridomsmann, som det gjer. Men liksovist som her er mange Menn, som hev hinaufgefrømmelt seg til høg Rang og høg Løn, likesovist er her i Fridoms-Flokken mykje Foragt fyr slike foragtelige Menn, som bare med Munnen preikar Kristendom. Dette skulle vel inkje vera det sama som aa vanagta den kristelege Religion?

Les inkje Bruun Morgenbl., Budstikken og Fædrelandet? Det er Blad som høgagtar Kristendomen vel? Fyr dei gjer Duskarne store paa Rombarne¹) sine, dei gjer sine Tanke-Strimlar breide fyr aa verta vel sedde upp i Høgdi. Kot tykkjer Brun um desse Bladi?

Me vonar han inkje set dei upp som Mønster paa anten Fridoms-Blad elder kristelege Blad.

Nei, eg trur Bruun godt kunne vera i Sanning um han tilstod beintfram, at Vinstre-Pressa i dette Land er mykje nærskyldare Kristendomen enn Morgenbladet er det med sit heile Herki.

¹) Kjolarne.