Bokmelding. Fraa 1815 til 1830.



Eit Stykke av Heimssoga. Det norske Samlags Forlag. 132 Sidor. Pris Kr. 0.80 innbundi.


Den historiske Vitenskapen er som ein Spegel, der ein ser Tidi slik, som ho hev voret. Der ser me den Vegjen, som Mannaætti hev gjenget fraa gamle Tider like til no; me ser, korleids ho hev strævat seg fram smaatt um Senn og Steg fyr Steg. Me ser alle dei Freistnader og Tiltak, som er gjort, og likso dei Bakslag, som so ofta er komne etterpaa. _ Mange harde Tak er tekne, og der er hogget mangt eit kvasst Hogg for aa koma upp av Faakunna og Vesaldomen; mykje Mannskraft og Dugleik er slitet upp i den ævelege Striden, _ diverre so ofta utom inkje. Men Soga er kje berre myrk og svart. Ender og Gong ser ein daa au straalande Ljosblenkjar i den tjukke Skodda. Store Menn med Mot og Eldhug for det gode og gilde i Livet, hev vaagat Livet sitt i dei kvasse Spennetak, og dei hev mange gjort det ljost og lett kringum seg, _ som paa ein Vaardag med Lauvsprett og Fugleleik. De bundne Kræfter i Mannalivet hev vaknat og breitt seg ut, og heile Ætti hev komet seg fram, _ stuttare hell lenger, ettersom Tidi og Tilhøvet hev voret.

Der gjeng gjenom heile Mannalivet ein raud Traad, _ ein Lov, som nokk kann brjotast til sine Tider. Men Soga visar oss, at det ikkje gjeng i Lengdi. Den som vil symja mot Verdensstraumen, han gjeng til Botnen. So gjeng det med den einskilde Mannen, og so gjeng det med Fylkingar og Serlag i Nasjonarne au, naar dei vil setja seg upp mot det aalmene Livet. Det hev me so ofta set i Historia.

Og difor er Soga ein nyttug Læremeistar. Folk skulde kjenna meir til dei Lovar, som raadar i heile Mannaætti, og dei lærast ikkje utom Heims- og Mannasoga. Dei nye Tider, som kjem upp, stend paa Okslirne aat dei gamle; _ lat dei daa au sjaa aa læra dei framfarne Tider aa kjenna! Daa vart det kje so mykje bakvendt og rangt i Verdi, naar dei vilde taka etter dei Lærdomar, som var aa finna i Soga.

Alvisst skulde dei, som er sat til at byde og raade over os, kjenna betre til, korleids det hev gjenget fyrr tildags, enn dei no aalmennelegt gjer. Daa vilde dei visst ikkje fara fram slik, som dei so ofta hev gjort. For der er ei revsande Retferd (Nemesis) i Livet. Der kjem eit Bakslag. Og det raakar jamt dei, som gav det fyrste Slaget. Det kann ganga til ei Tid aa traakka og spenna paa dei, som er smaae i Verdi, og liva av det friske Hjarteblodet hjaa andre. Men Soga visar oss, at det kje gjeng soso til ævelege Tider. Og det er godt, at Soga visar det.

Dei Lærebøker, som me er vante med i Heimssoga, handlar mest berre um Kongar og Pavar og Prestar og Storfolk. Smaafolket, _ Masserne, ja dei er for smaae til aa nemnast. Den Strid, dei hev ført, og dei Framsteg, som dei hev gjort, vert anten ikkje umsnakkat, hell det vert framstellt slik, som um det heile berre er komet fraa dei store. So las eg Historia, daa eg gjekk i Skulen, og soso hev vel umlag alle gjort. For Lesebøkerne er slike. Dei store er alt, dei smaae _ ikkje nokot.

Men er Livet slik? Aa nei _ som au godt er. Det lærer me av Mannasoga, _ naar ho er sannt skrivi. Det stille og fredelege Livet: til sjauende sist vert det nokk det, som det heile grunnast paa. Og naar no Livet hev voret og enno er slikt, so skulde au me hjaa oss faa Bøker, som me kunde læra detta i. Men me hev kje havt slike fyrr, som kunde vera laglege aa lesa for kvar Mann og Kvende.

Men idag er eg so heppen, at eg kann ummelde for Lesararne ei slik god Bok i Heimssoga. Ho kom ut ifjor paa Norske Samalget sitt Forlag og heiter: Fraa 1815 til 1830. For eit Par Aar sidan kom det fraa sama Meistaren ei Bok, som heitte: Fraa 1789 til 1815, _ og denna, som eg skriv um idag, er Framhald av henne.

Det er ei god Bok. Det gjeng eit varmt Drag gjenom Skildringi, og ein kann sjaa, at Meistaren kjenner ut og inn det, som han skriv um. Og han syner au fram, at han hev Auga for det, som er det vigtugaste i all Sogeskriving. Boki gjev kvar det, som Rett er; ho er reinskat for all den gamle Kongekjæling; _ ho er sann. Endaa Boki berre er 132 Sidor, gjev ho utruleg klaar Utgreiding um alt det, som gjekk for seg i dei merkjelege Aari 1815 _1830. Bakslaget her i Europa etter Napoleon vert skildra paa ein mykje grei Maate, me ser det heilage Samlaget. (Den hellige Alliance) arbeida paa aa tyna Fridomsarbeidet runnt ikring. Dei legitime Kongeætter kjem til Styret att, og Bakstrævet veks seg fram paa nytt. Uppstyr og Folkereisning er det runnt heile Verdi, og alt vert fortalt i klaare Drag og i eit so greit Maal, at det er hugsamt aa lesa.

Fraa sama Hand hev me fyrr fengjet Norigs Soga, og sovidt eg veit, er det den sama Mannen, som hev umsett Snorre Sturlasons norske Kognesagaer paa Landsmaal. _ Alle me, som trur, at det er mykje nyttugt for Folk aa granska Heimssoga _ og allvisst vaar eigi _, og som hellst ynskjer, at ho skal lesast paa Folks eiget Maal, me maa vera mykje takksame mot den Mannen, som hev skaffat oss so gode norske Bøker i Heimssoga.