Eit Ord i Kvendesaki.


(Av Hermod Hejmdal.)

(Del 2 av 4. Fyrste delen.)
 
(Framhald.)


Idag sagde Tinget eit Ord i Kvendesaki att. Det vedtok eit Lovforslag, som gjev Kvendi Rett til aa taka alle Eksamenar ved Universitetet¹) Dei hev no plent den same Retten som Mennerne i dette Stykke²). Dei kann lesa til, kva dei sjølv vil. Og etter Prøva kann dei verta baade Lækjarar, Sakførarar o.s.b. Det vil segja, dei kann driva paa med dette for seg sjølve, ikkje i Statens Tenest. Embættsmenn kann dei kje verta endaa. Det maa ei Grunnlovsforandring til fyrst. Etter Grunnloven kann kje andre enn norske Borgere vera Embættsmenn. Og med Borgere meinast daa naturlegvis berre Buksefolk. Dette bør dei tenkja yver dei Kvendi, som trur Kongen bør hava eit absolut Veto. Vil dei verta Embættsmenn nokor Gong, so lyt dei somenn sjaa etter, at Kongen ikkje fær stela til seg denne Retten til aa segja Nei til alle Tider. Men kanskje det vilde kje vera so faarlegt endaa i Saker, som vedkjem Kvendi. For me veit, at ei ven Dros, og her vart det vist mange slike, ikkje er god aa staa imot. Det hjelper kje aa bruka Grunnar, er det sagt. Kannhende det monad kje nokot med ei urokkelig Overbevisning hell.

Den nye Loven skal gjeva Kvendi Rett og Høve til aa prøva seg. Kann dei no greida sine Ting likso godt som Mennerne, so vil det kje verta lengi til, fyrr det spyrst um aa gjeva dei Rett til aa verta kongelege Embættsmenn. Og med dette kjem det ogso fram eit annat Spursmaal. Det er, um dei daa skal hava Røysterett som andre Embættsmenn. Og dette kann vel kje godt negtast dei og vil vist ikkje hell verta gjort, og det ikkje minnst fordi det maa gjerast ved ei Grunnlovsforandring. Men naar so desse Kvendeembættesmenn hev fenget Røysterett, so kjem det snart Krav paa det same fraa andre Kvendi og. Og dermed er me midt uppe i Striden um Kvendi skal faa same Retten som Mennerne ogso i dette Stykke.

I andre Land er dei paa ein god Veg til dette. Um Amerika er det kje verdt aa snakka, fyrr me hev fenget det aalkjende Brev med Posten. Men me kann gaa innum hjaa neste Granni. Den svenske Riksdagen hadde no nytt for seg eit Lovframlegg, som gjekk ut paa, at Kvendi skulde faa vera med aa velja Tingmenner. Det var fyrste Gongi det var framme. Men endaa røysta 48 Tingmenn for det; 56 var imot. Vent berre til neste Gong, kann ein hugheilt segja her. Og gjeng Svenskarne yver Haalisen fyrst, so vaagar nokk me forsigtige Nordmenn oss snart etter.

I Finland er det heile 10 Aar sidan, at kvendi fekk Røysterett i Bygdestell og slikt. Og samaleids er det paa Island. Kvendi der hev eit Ord med baade i Bygdestell og Kyrkjesaker. Det vil vel taka Tid ut, fyrr dei fær denne Retten her i Noreg; men at dei vil faa honom, det er vist. Det hjelper kje, um Presten Schiørn vert so gamal som Methusalem, og klok som Kong Salomo, han vil likevel ikkje verta Kar um aa stengja Kvendi ute fraa det politiske Livet. Men ei Tid til vert det; for det er so mykje annat, som maa gjerast fyrst.

Naar Gudbrandsdalsgjenta vil setja seg paa Tingbenken ved Sida av Gamlingen, so gjeng ho ikkje for vidt, men for fort. Ho lyt læra nokot meir fyrst. Skular er det fyrste ho maa krevja. Til dessa hev Kvendi maatt fanga Visdomen med List.

Og so maa ho prøva seg meir. Ho maa fyrst syna, kva ho dugjer til i Bygdestell og sovoret. So kann ho banka paa Døri til Tingsalen. Og Gamlingen vil nokk lata upp for henne og bjoda henne velkomi til Arbeids.


( Meir.)


¹) Det er aa merkja seg, at Forslaget vart vedteket samrøystes paa ein nær. Og denne eine var
naturlegvis Presten Schiørn fraa Sarpsborg. Han stod ogso blottande aaleine sist.
²) Ja dei, som les Teologi, skal kje hava Lov til aa betræde Prædikestolen. Nokon Grunn for
dette vert det kje nemnt. Kannhende er dei rædde for, at Kyrkjurne vaare vart for smaae, um
ei Gjente var Prest.