Fraa Landvik.


(Um Maalarbeidet, Vinstremøte paa Herrefoss, Motlegg mot n.)


Det er det nye Maalsamlaget, eg vil røda nokot um. Eg er sams med Matias Skard i det, at eit slikt Samlag retteleg stellt og drivet kunde gjera mykjet Gagn _ ja retteleg stellt og drivet. Men eg trur inkje det vert retteleg stellt og drivet etter den Fyresegni, som Berner hev lagt fram, og det er daa mest dette Maalbrigde, eg inkje likar. Det vil sundra Krafterna vaare. Det er inkje godt aa slaa inn paa nye Leider i Eino. Det gror sjeldan um den Steinen, som ofta vert skipad. Istadenfyre aa freista med nye Maalformer, bør me samla oss um aa faa inn i Skulen den, me hava.

Hægstad og Bach lyt koma med 2dre og 3dje Deilen av Norsk Lesbok.

Vestmannalaget lyt faa ut Lærebok i Landkunna.

Lat oss faa ei Reiknebok, ei Songbok og dei hine Bøkerna, som vanta til Skulen, etter same Fyresegn og paa same Grunnar, som alt er lagde ved Austlids Abc-Bok og Norsk Lesebok, og lat oss faa bruka deim paa Skulen ; lat oss faa læra likaso trottugt Norsk som me no læra Dansk. Daa skal det nog verta Lesarar til Maalblad og Maalbøker. Daa veks det nog fram ein rikare norsk Bokavl ogso. Folket krev det daa. Eg undrast paa, kvi Maalmennerne tala so litet um Upplæring i Maalet paa Skulen. Det er det Kravet, som skal fyllast, og der bør me arbeida. Eg er so heilt sams med Trønderen A. N. i Stykkjet Det trengst Upplæring i No. 13, og Takk skal han hava fyr Røda si. Eg meiner, at Vegen aat Maalsaki gjeng korkje gjenom Fedraheimen elder Stortinget elder nye Maalformer, som det hev voret sagt, men gjenom Skulen . Og me lyt fyrst og fremst fikta fyr aa faa Norsken heil og halden inn paa Skulen i dei beste Maalbygdom. Daa faa me fast Fot under oss og ein Stad, der alle, som vil vigja seg til Arbeidet fyr vaar nasjonale Folkereisning og Folkeupplysning, kunna byggja og bu.

Korleids er det tru? Hava me Bønder Rett til Styringi uspurt aa taka Norsk til aalmennt Skulemaal so som dei gjorde i Kviteseid og Laardal? Eg vil plent hava Greida paa dette. For er det so, skal det ropast til Bønderne at dei skal bruka Retten sin.

Kor som er, var det nog aa taka Fot i fyre eit nytt Maalsamlag. Det er so mangt ugjort. Men eg trur, det var best aa samla seg um dette i det norske Samlaget. Der vilde me best kunna samla oss um Maalarbeidet. Men lat det inkje koma for mykjen Strid um Maalformi.

Eit godt Døme paa, at Ivar Aasens Maalform vert godkjend som Folks Eigedom, er det, at Songarne hans er vortne reine Folkevisor og det inkje berre i ei Bygd elder ein Landslut, men yver heile Landet. Og alle dei, som hava leset Bibelumskrifti og Nokre Salmar, kyta svært baade av Maal og Innhald. Me ynskja berre, at det gjekk nokot skjotare fram. Det vilde inkje vera lenge, fyrr me kunde lesa heile det nye Testamentet paa Norsk, um Prof. Blix vilde ofra seg meir fyre dette store Arbeidet, som berre han er Mann til aa gjera. Me skulde ogso plent fengjet gjort dette Verket, det Bilet Ivar Aasen kann hjelpa til med si store Maalkunna. _ Austlids Abc-Bok køypte me ei 30 Stykkje av og deilte ut millom Bygdarbornom. Dei tykkja stor Mun i henne og skyna henne betre enn hi. Ein Mann or Granneheradet Herrefoss skriv soleids. Kor heppne me var, naar me fekk bruka Norsken jamt! Eg ser det so vel med denne Abc-Boki og vesle Olav. I denne Boki tarv eg ikkje rettleida honom stort, medan eg i hi maa forklara mest kvart Ordet. Norsk Lesebok heve ogso vortet kjær fyre Bornom her, heve eg set.

Som fyrr nemnt i Fedrah., hava me eit Leselag her i Bygdi; det heiter Hugin, og kauper inn paa norske Bøker. Me eiga no umlag heile Landsmaalsbokavlen. I Vetr fekk dette Laget istand eit litet handskrivet Blad, heiter Munin. Der skriva daa Bondegutarne ymse Stykkje _ berre paa Norsk, skynar du _ som me lesa upp i Møtom, der me ogso samrøda um eit og annat Spursmaalet.

Den 8 Mars var det eit Folkemøte paa Herrefoss, Amtskulelærar Jørund Lauvland heldt Fyredrag um Politikken vaar. Paa sitt norske Maal greidde han ut um det norske Bondefolks Framvokstre fraa gamle Dagar til no; dinæst talad han fyre Riksraadssaki, aalmenn Røysterett, Jury¹) og ein meir folkeleg og uvand Skipnad i Herstellet. Det vart inkje Ordskifte av, daa den, som skulde ført Ordet fyre Høgre, ikkje kunde koma. Etterpaa vart det skipat eit Vinstresamlag og eit Skjotarlag fyre Herrefoss Prestegjeld.

So heve eg eit Motlegg mot Fedrah. fraa baade meg og andre av Tingararne hans her. Me vil ikkje sjaa fleire Stykkje i Bladet som det, Hr. n skriv i No. 11, Fraafall o.s.b. Skal Bladet vera Organ fyre og ei Framsyning av Maalmannaflokken, og skal me, som det hev voret sagt, alle kjenna oss andsvarlege fyr det, som vert sagt i Bladet, so er det vaar Skyldnad aa leggja fram det sterkaste Motlegg mot slik Skrivemaate²). _ Vinje skil millomaustlandsk og vestlandsk Upplysning; eg meiner, ein no kann skilja millom austlandsk og vestlandsk Bladstil og Tone elder millom V. G.s og Vestlandspostens. Fedraheimen under det nye Styret ogso tykkjest meir og meir faa det austlandske Laget og Tonen. Um ikkje so var, trur eg, han maatte finna mange fleire Tingarar paa Vestlandet, der dei er Maalmenner mest annankvar Mann. Vestmannen vil inkje hava so mykjet Skjemt og Løgje um aalvorlege Saker og dei ymse Parti, men humane, sanne og aalvorlege Utgreidingar, som kunna verta til Upplysning i Livsens Strid. Tru Fedrah. inkje kunde gjera meir fyre Maalsaki, dersom han inkje saag burt ifraa Huglyndet hjaa Folket i Noregs beste Maalbygder?


13 April 84.

S.

¹) Lagretta paa Norsk?
²) Dette Stykkjet hans n kom inn ved Mistak, paa sama Vis (Burtevera og anna) med nokre
andre Stykkje. Men Folk maa vera meir toluge med Fedrah. enn med andre Blad. For anten
maatte det vera berre ein Mann, som greidde alt etter sitt eiget Tykkje og gjætte kvart Ordet.
Daa vilde det verta fastare, men meir einsidelegt, og det vilde hava faaare Hjelparar og
Tingarar, og Kostnaden vart større. Hell so maa han vera noko romsam, so han kann nytta den
Hjelp som finnst so langt det er Raa. Med det er det inkje vaar Vilje at han skulde vera
lausmynt. Fedrah.