Mateo Falcone.


(Ei korsikansk Forteljing av Prosper Merimée).
 
(Del 3 av 3. Fyrste delen.
 
(Slutten.)


So fann dei seg noko Greiner og lagad det ihop som til ei Baar, og nokre av dei tok til aa fetla og stella med Saari hans Gianetto.

Best som dei heldt paa med detta, kom Mateo Falcone og Kjeringi fram i Svingen burtmed Holti. Kjeringi starvad med ein stor Sekk Kastanjer paa Ryggjen; Mannen gjekk nokk so kaut han, ei Byrsa hadde han i Handi og ei onnor i Reimi. Det er uhøvelegt for ein Mann aa bera noko annat enn Vaapni sine.

Det fyste Mateo saag Soldatarne trudde han, at dei kom for aa setja honom.

Men han hadde daa inkje nokot Krangel, med Øverheiti han? Var det so likt seg, han var vælgjeten han. Men so var det so, at han var Korsikanar og Fjellbygg; og det er faae av dei Gutarne, naar dei tenkjer seg um, som finn noko galet i eit Par Byrseskot, Dolkestyngar hell anna sovoret. Han hadde reint Samvit Mateo. For i tie Aar hadde han ikkje strakt Byrsa si mot ei Menneskja; men altid var han klok; han laut daa bu seg paa baade Voner.

Set ned Sekken, Kjering og hald deg ferdig! sagde han. Ho so gjorde. Han flidde henne den Byrsa, som han hadde i Reimi og som kunna vera han til Meins. Han spente Hanen paa den, han hadde i Handi og gjekk smaaningom burt aat Huset langsmed dei Trei, som stod attmed Vegen, og daa var han ferdig kvat Tid det skulde vea til aa kasta seg attum. Kjeringi fylgde han i Hælarne og heldt skiftevis Byrsa og Patrontaska. Ei grei Matmor er god i Striden til aa lada Vaapni aat Mannen sin.

Adjutanten kom i Knipa, daa han fekk sjaa Mateo koma paa den Maaten Fot og Fet med Byrsa framaat og Fingeren paa Næmekrokjen, kannhenda Mateo var skyld til Gianetto, tenkte han, elder um han var Ven hans, og han vilde verja honom, so vilde Ladet i dei tvo Byrsurne hans koma hit aat tvo av oss plent so vist som eit Brev i Posten utan aa ansa paa Skyldskapen!...

I denna Vannkoma tok han det modige Raad aa ganga ei small burtaat Mateo for aa utgreida Saki for honom, med di han rødde ved han som gamal Kjenning. Det var inkje langt Bilet imillom dei, men han tyktest det var fælande drjugt.

Hei der! gamle Kamerat, skreik han, korleids gjeng det, Kar? Det er eg, det er Gamba, Frenden din.

Mateo stanad utan at han sagde eit Ord, og alt som hin talad, lyfte han smaaningom Byrsepipa, so ho peikad mot Himlen, med det same Adjutanten kom burtaat.

Goddag Bror¹), sagde Adjutanten med di han handtokst. Det er lenge sida eg hev set deg.

_ Goddag Bror.

_ Eg kom for aa segja goddag, daa eg gjekk so, aat deg og Frenke Pepa. Me hev havt eit framifraa Arbeid idag, men ein lyt ikkje klaga paa Strævet, for me hev gjort eit godt Kaup. Me hev fakkat Gianetto Sanpiero.

- Gud skje lov! skreik Giuseppa. Han stal ei Mjølkegjeit fraa oss, her i Vika var.

Desse Ordi likte Gamba.

Stakkars Krok! sagde Mateo, han var svolten.

_ Han hev verjat seg som ei Løva, Knigten, heldt Gamba fram litet spakare; han hev drepet ein av Soldatarne mine, og ikkje nøgd med di, so hev han krasat Armen hans Korporal Chardon; men det er ikkje so faarlegt, det det er berre ein Franskmann... Sistpaa so hadde han løynt seg slik, at Pokker skulde faa Auga paa han. Hadde ikkje vesle Fortunato voret, so hadde aldri eg funnet han.

_ Fortunato! skreik Mateo.

_ Fortunato! hermde Giuseppa.

_ Jau, Gianetto hadde løynt seg i den Høybunken der, men vesle Frenden min synte oss Preina. Men so skal eg og hugsa paa og nemna han for Morbror hans, Korporalen, so sender han nokk ei vakker Gaava aat Guten han. De skal bli nemnde baade du og han i Meldingi aat Generalprokurøren.

_ Forbannad! sagde Mateo laagt.

Dei kom no burt aat dei andre. Gianetto laag alt paa Baari ferdig til aa fara. Daa han saag Mateo i Lag med Gamba, drog han so rart paa Smilen, so snudde han seg mot Utdøri, eit Svikarhus, sagde han og sputta paa Svilli.

Berre ein Mann, som var tenkt paa aa døy, hadde vaagat seg til aa segja Svikar aat Falcone. Ein god Dolkestyng, som ikkje turvte gjerast ei Gong til, hadde strakst voret Betalingi. Men Mateo gjorde ikkje annat hell lyfte Handi upp for Panna som han var hugstolen.

Fortunato gjekk inn i Huset, daa han saag Far sin. Han kom strakst ut att med ei Mjølkeskaal, som han flidde Gianetto, men han saag til Sida.

Vekk fraa meg! skreik Røvaren styglege hardt, so snudde han seg mot ein av Soldatarne. Kamerat, gjev meg litet aa drikka, sagde han. Soldaten gav honom ei Korgflaske i Henderne, og Røvaren drak Vatnet, han fekk av ein Mann, som han fyrr hadde skiftat Byrseskot med. Sistpaa bad han, dei skulde binda Henderne i Kross paa Brjostet i Staden for paa Ryggjen. Eg vil liggja godt, sagde han. Dei skundad seg med aa gjera han til Lags; so fekk Gamba dei berre aat Vegen. Farvel, sagde han aat Mateo, men han svarad inkje Ordet.

Det var ei Stund, fyrr Mateo let det Slag. Guten stod med ottefulle Augo og saag ymist paa Moderi, ymist paa Faderen; Mateo studde seg paa Byrsa og saag paa han med Harme.

Du tek godt paa Veg! sagde endeleg Mateo, roleg i Maalet, men det var fælande for dei, som kjende han.

_ Far! ropte Guten med Taarur i Augo og vilde kasta seg ned paa Kne.

Vekk fraa meg! ropte Mateo. Guten stanad og hiksad nokre Steg burt fraa Faderen.

Giuseppa kom burt aat han; ho hadde nyst gaadd Klokklekkja, som stakk fram fraa Skjurta hans Fortunato.

Kven hev gjevet deg den Klokka? spurde ho streng i Maalet.

Min Frende Adjutanten.

Falcone treiv Klokka fraa han, kastad henne hardt mot ein Stein, so ho gjekk i tusund Bitar.

Er det Barnet mitt slikt, Kjering? sagde han.

Dei brune Kinnerne hennar Giuseppa vart raude.

Kvat er det du segjer Mateo? Veit du, kven du talar ved?

_ Eg er lika sæl eg; men det Barnet er det fyrste av Ætti, som hev gjort Svik.

Fortunato hikstad og gret verre og verre, og Falcone neit dei kvasse Augo paa han.
Endeleg skok han Byrsekolven mot Jordi, kastad henne paa Aksli og tok Vegen burtyver aat Holti, og ropte aat Guten, at han skulde fylgja etter. Guten so gjorde.

Giuseppa sprang etter og greip Mateo i Armen. Det er Sonen din, sagde ho med Skjelv i Maalet og saag med dei svarte Augo upp paa Mann sin for aa tyda, kvat han tenkte paa.

_ Slepp meg, svarad Mateo; eg er Far hans.

Giuseppa famnad Son sin, so gjekk ho inn i Stova og gret. Ho kastad seg paa Kne for eit Mariabilæte og bad med Varme. Desimillom stabbad Falcone eit Par hundrad Steg paa Vegen og stanad ikkje, fyrr han kom til ei liti Raas, der gjekk han ned. Han stakk Byrsekolven ned i Jordi og kjende, ho var blaut og lett aa grava. Flekkjen tyktest vera høveleg til det, han vilde.

Fortunato, gakk burt aat den Steinen der.

Guten gjorde, som han sagde fyre og fall paa Kne.

Seg fram Bønerne dine.

_ Far, Far, drep meg ikkje!

_ Seg fram Bønerne dine! hermde Mateo med øgjeleg Røyst.

Med Stoting og Snykting las Guten upp Pater og Credo. Faderen svarad med sterkt Maal Amen! ved Slutnaden av kvar Bøn.

Er det alle Bønerne, du kann?

_ Far, eg kann Ave Mariaau og Litaniet, som Moster hev lært meg.

_ Det er i mesta Laget, lat gaa.

Guten sagde fram Litaniet laag i Maalet.

Er det taagjort?

Aa Far, Naade, ver ikkje vond paa meg! eg skal aldri gjera det meir. Eg skal beda min Frende Korporalen um aa liva Gianetto!

Han rødde enno; Mateo hadde ladd Byrsa si, lagde henne inn aat Kinnet og sagde: Gud forlate deg! Barnet freistad hugsprengd aa reisa seg og famna Knei aat Far sin; men det var for seint. Mateo skaut, og Fortunato fall daud til Jordi.

Utan at han so mykje som saag paa Liket gjekk Mateo fram att etter ein Spade for aa grava ned Son sin. Han hadde ikkje gjort mange Steg, fyrr han raakad Giuseppa, som alt var paa Spranget skræmd upp ved Byrseskotet.

Kvat hev du gjort? ropte ho.

_ Rett og Skjel.

_ Kor er han?

_ I Raasi. Eg skal grava han ned. Han er daaen som Kristen; eg let han syngja ei Messa. No kann me beda Maagen min Tiodoro Biancha koma og bu hjaa oss.


¹) Buon giorno, fratello, dei plagar helsa slik Korsikanararne.