Tidender.

 
Kristiania, den 25de April.


Lensmannsloven gjekk for tredje Gong igjenom i Odelstinget um Tysdagen. Høgre var imot, og Føraren deires, Stang, slo paa, at det kunde verta ny Strid millom Statsmagterne, um Tinget vilde bruka § 79 i Grunnloven. For Lensmannsloven var imot Grunnloven, meinte han. Men i dette vart han avsanna av andre Høgremenn. Motzfeldt, Roll og Blackstad trudde, at Tinget hadde full Rett til aa bruka § 79. Dei røysta imot Loven avdi dei trudde at den ikkje var gagnleg. _ No kjem det altso ann paa Regjeringi sjølv, um ho vil byrja Strid um § 79 og dermed tvinga Stortinget til aa bruka Riksretten paa nytt Lag.

Loven gjeng ut paa, at dei Søknader som kjem til Amtmannen um Lensmannspostar, skal han senda at Heradsstyret. Dei skal daa velja seg ut 3 av dei som hev søkt. Daa kann Amtmannen nemna ut ein av desse. Men finn han inkje nokon av dei høveleg, sender han det attende til Heradsstyret. Og er det daa minst 2 av Søkjararne som fær 2 Tredjedelar av Styret med seg, er Amtmannen nøydd til aa taka ein av desse 3 likevæl. Regjeringi og Mindretalet i Tinget vilde, at Amtmannen inkje skulde hava noko Band paa seg, men kunna faa ganga utom dei 3 innstelte, um han so tyktest.


Forbryderkallar no Fædrel. Bjørnson. Og Bladet meiner, at det var for mykje aa venta, at Regjeringi skulde vera forsonleg mot slike. Kvat er det Bjørnson hev vortet Forbrjotar med daa? Med det at han hev voret urædd til aa skriva um jamvæl Kongen. Det er inkje um anten det er sannt hell inkje det han hev skrevet, som det spørst um, berre det at det er Kongen, som han hev skrevet um. Difor skal han vera som den svartaste Brotsmann, som det er berre Skamm for skikkelegt Folk aa syna Mildskap og Soning.

Og det same Bladet er det, som hev arga seg sjølv so storvegjes og vilja øsa upp andre Folk og, fordi Selmer og dei Kararne vart kalla Brotsmenn.

Men det er Forskjel paa. Selmer og dei hev inkje vortet skulda einast for Brot, men dei hev vortet dømde for det, endaa Domen var mild og soneleg. Og dinæst er det Skil paa det aa skriva noko um Kongen, som kanskje kann dømast for Ordi, ved aa tøygja gamle Lovparagraffar _ men vert sanna i Grunnarne av det norske Folket. Det er Skil paa detta og paa aa gjera Brot mot eit heilt Folks Ære og Fridom, og stogga Vokster og Framgang i Landet for lange Tider. Aa vanvyrda ein Mann, um han og er Konge vert aldri so stygt som dette.

Skulde det norske Folket gjera etter ei slik uforsonleg Lære som Fædrel. hev, korleids skulde det daa verta utsjaa-ande meiner De?

Høgre maa takka sin Gud, fordi slik Illske og uforsonlegt Huglynde inkje finnst hjaa oss.


Evjepresten brukar inkje aa taka Stortinget med i Kyrkjebøni. _ Han er inkje som ein annan Prest her, som jamt baade nemner det i Bøni og attaat med seg sjølv legg til det Ynskjet, at Tinget maa umvenda seg.


B. Bjørnsonhev skrivet til ein svensk Bladmann, som hev sett ut um Unionshatet hans, at dei skal faa dette avgjort paa den Maaten, at dei skal velja seg ut ein Mann kvar og so skal desse tvo segimillom setja ein tredje, og daa skal desse tri døma, um det er Lygn hell Sanning i dette Ordet. Ein slik Dom skal han gjeva seg for, segjer Bj. Men Bladmannen er nokk rædd, at han skal verta avsanna han, er det sjaa-ande til, for han bryr seg inkje um det, det er berre upraktisk kallar han det.


Ullmann talad um den norske Politikken i Stockholm: Det var 3 _400 som høyrde paa honom. Sidan heldt dei Lag for honom.

120 Riks-dagsmenn var med der, mest av Landmannaflokken. Det hjalp ingen Ting at Kongen heldt Lag for dei samstundes med at Ullmann talad, dei gjorde fraa seg hjaa Kongen og kom til Ullmanns-festen likevæl.


Dei avdømde Statsraadarne fær seg i att Postar lite um senn. Selmer vart no Generalauditør, og Kjerulff vert Felttymeistar (byta med Dahl), Jensen vil bli Aktionsforvaltar i Kristiania (Løn ialt 5000 Kr.), Vogt Amtmann i Buskerud (etter Bang), Backe umframs Assessor i Høgsterett.


Fraa Sætesdalen. Her i Hyllestad hev me fengje istand eit Framstigssamlag. Formann er Torgeir Bjørnaraa. Me hava Møte kver Maanad, stundom tidare, og daa vert der lesne upp gode Bøkar, hallne historiske Fyredrag, og røda um ymse Ting. Eit liti, handskriva Blad, Daleguten vert og upplese paa kvert Møte. Og so heve Samlagje fengje istand ei Boksamling, som er millom 50 _60 Bind stor. Dette er mykje til aa vera berre fyste Aare, og me hava den Voni, at Boksamlagje vil auka endaa meir.


Det engelske Underhuset vedtok no nytt eit Røysterettsforslag, som vil gjeva Landet 2 Millionar nye Veljarar. Det var framsett av Regjeringi. Fleirtalet var større enn nokon hadde venta.


Fra Diakonissehuset Nr. 4 inneheld:

Bøn for Kvindeforeninger ved Gustav Jensen. _ Den første Diakonisse, efter en Festtale af Max Frommel. _ Menighedspleje: I. Menighedsdiakonisse. II. Billeder fra Gaden. III. Billeder fra Familierne (Forts.) _ Den tro Hyrdes Kvindeforbund i Berlin. _ Kjærlighedens Opfindsomhed. _ Bøger. _ Gaver. _ Til Abonnenterne.


Retting. I mit Stykkje fraa Aamlid Nr. 14 av Fedrah. var misprentat 35 istadenfyr 25, og dette gjenteket tri Gonger. Ulvson