Fraa ei Landsbygd.

 
 
(Del 5 av 5. Fyrste delen.)  
 
 
VII.

Sidan eg sist skreiv, er store Ting hende oss i Politikken. Kven hadde vel den Gongen den mindste Von um, at me so snart skulde faa Endskap paa denne Striden? Men Løysingi kom som det namngjetne Brev med Posten, og den kom god. Du kann tru, at me vart glade her heime. Me er god fyr aa taka dei store Tilburdar med Ro her, Sorg og Gleda kann me bera utan aa skjifta Mina i Andlite. Men denne Gongen kom me ut av vaart gode Skjinn med ein Gong. Daa me Jonsokdag fekk høyra gjete, at Johan Sverdrup var beden um aa skjipa det nye Kongsraad, vart me som reint ute av oss av Gleda. Det var snaudt, som me kunde tru det, men likevel tykkte me, det var so gjildt, at der paa Flekkjen vart heisa Flag mange Stader her. Sume var meir tvilsame og tykkte, at dei vilde sjaa det fyrst. Du kann tru, det var inkje lite spennande dei tvo-tri Dagarne aa ganga og venta. Men so kom det: Johan Sverdrup er Statsministar! _ Eg er viss paa, at det gjekk ein Glede-straum gjenom mange Brjost ved det Bodskapet; det var, som um ein tung Stein var kasta av Nakken paa oss, me kunde atter anda lett og fritt. Det er no ogso ein velsigna Ting, at me no etter aa hava kjempa gjenom mest ein heil Mannsaldar _ dei siste tri-fire Aar ogso paa harde Live laust _ endeleg no er naadde fram. Det er som naar ein i lang Tid hev set sit Arbeid, si Framtid, sine gladaste Voner standa paa Spil, og so med ein Gong paa ein fin solblank Jonsokdag ser Ulukka vika som reint ved eit Guds Under.

Det var ogso eit stort Framsteg i vaart politiske og folkelege Arbeid, det som vart gjort ved detta Jonsokleite. At vaar politiske Kamp maatte enda nettupp her, det vil alle andre enn dei alramest blinde i Morgonblads-flokkjen lett skyna, fyr ein annan Ende vilde vera ei rak Fornegting av vaar eigen Grunnlov, Spott og Haan mot alle dei, som sidan 1814 er gjengne i Gravi etter eit heilt Livsarbeid fyr aa faa Folkestyre innført, og allvist vilde det strida mot all onnor verdenshistorisk Utvikling. Det kann me daa sjaa yver alt _ og det er ein velsignad Ting aa sjaa det _ at der eit livsfriskt Folk arbeider fyr ei god og rettferdug Sak, der vinn dei allstøtt Siger til Slutt. Kannhenda den kjem seint, men den skal koma. Den maatte ogso koma her hjaa oss, men det var vel snaudt nokon hadde vona, at den skulde koma so snart.

Næst etter, at Johan Sverdrup er Fyrsteministar, er det ingen Ting me er so glade i, som at Bonden Baard Haugland kom med. Det spaar godt fyr oss Bønder det. Inkje berre slik, at me er visse paa, at han i all sin Politikk kjem til aa standa paa vaar Sida, men ogso det, at det fyr alle Tider er slegje fast, at det gjeng an ogso fyr ein Bonde aa arbeida seg fram til dei høgste Postar i Lande. Presidentplassar i Tingje er tekne fyrr, og no er ogso ein Plass i Kongsraade tekjen. _ Eg kjem so livande til aa tenkja paa alle dei vanvyrdande Ord og Uttal, som me so ofta hev fengje høyrt av Stormannspartie, naar dei er komne inn paa Talen um oss Bønder og vaart Stell. Dei uoplyste , raa, udannede, fjøsopdrettede Bønder _ ja er det inkje slik det no i aarevis og Gong etter Gong har vore sagt um oss i deira Avisur med gamle Mor Morgenbladet i Fyreenden og alle dei andre diltande etter? No ser det ut til, at den norske Bonden er inkje so heilt utan korkje Daning elder Upplysning held, naar han kann fostra Søner som Baard Haugland, han som no sit i Kongjens eigje Raad. _ Og eg tenkjer, me har all Æra av dei Bønder, som sit i Stortingje ogso, dei er likso fint dana og hev likso god Upplysning, som dei der inne i Vollgata, som skraalar mest ut um slike Ting. Men Tingen er den, at dei er inkje god fyr aa skyna, at dei framande Spraak, juridiske Lovreglar og teologiske Læresetningar, som dei har proppa inn i Hausen paa seg, slett inkje er avgjort Døme paa Upplysning. Det kann vera godt nokk til sit Bruk, men det er inkje dermed sagt, at dei har mindste Mun større aalmenn menneskjeleg Upplysning enn andre, som inkje har havt stort av den Slags Lærdom. Dei syner oss ofta dei klaaraste Døme paa, kor uklaare dei simplaste, politiske og folkelege Spursmaal stend fyr Augo deira. Og Daningi paa Morgenblads-sida gjerer me rettaste i inkje aa tala stort um, det vilde vel verta lite smeikjande fyr dei sjølve. _ Og kann dei lite skyna, kvat me meinar med Upplysning, so kann dei sanneleg enno mindre skyna, kvat me meinar med Daning. Men fær me no umraada oss liten Grann i det nye, me no er komne i med Politikken, so kanskje dei skal faa sjaa, kvat me meinar med Upplysning og Daning.

Det er godt aa vera komen so langt, at ein veit med seg sjølv: no er eg ferdug. Men det er langt fraa meg aa meina, at me no er ferduge med alt Aandsarbeid i Lande. Nei, men me er ferduge til fyr Aalvor aa taka paa med Arbeide. Og det er det gode ved Sigren 26 Juni no sist. Den politiske Kamp fyr aa bergja Grunnloven fraa framand Tilsetnad med absolut Veto, Mindretalsstyre og meir slikt er me vonleg no ferduge med, men me er inkje ferduge med all politisk Framgong fyr det. Kampen um Grunnloven laut vel koma fyrst, og eg trur det var godt, at den kom fyrst; men so maa sanneleg ogso Kampen og Arbeide fyr aa faa Folkje heilt med i alt folkelegt, politisk og kristelegt Livi Lande koma. Den er det som no fyr Aalvor maa byrjast med.

Har enn Striden um det absolute Veto vore lang og uppslitande og stundom altfor kvass, so er det vel likefullt vist, at den hev gjort mykje godt. Eg meinar serleg i ein Ting: den hev lært Folk til aa høyra. Vel har det vore mest Politikk, me hev vilja høyrt no ei Rid, men eg er viss paa, at naar Upplysningsmennerne no kjem heim til oss, vert det lettare aa faa Folk saman til Møte, enn det ellest vilde vore. Det er no inkje lenger Skam aa ganga til eit Folkemøte, sjølv inkje fyr Kvinnur, som det var fyrr, og eg trur, at Folk ogso gjerna legg Øyra til, um det vert tala um folkelege og kristelege Spursmaal. _ Og detta er daa sanneleg ei stor Vinning.

Som ein nokk kunde skyna, vilde det inkje vara lengje, fyrr ei heil Mengd av Høgreslingringsmenn byrja gjera seg til Vens med Vinstre, so snart Vinstre gjekk av med Sigren. Eg hev høyrt, at baate Presten og Klokkaren, Futen og Lensmannen, allesaman gode Høgremenner _ jamvel Upproparar _, at dei no skal hava sagt seg so indarleg glade og fornøgde i det nye Kongsraad. _ Litt laagøyrde kann dei vel vera nokon kvar innan Høgre, men med Tid og Høve sadlar dei um i flokkevis, tenkjer eg. _ Det er inkje eingong aa venta, at gamle, utslitne Embættesfolk skulde vera god fyr aa standa mot den Magt, som no Vinstre hev vunne.

I Juli 84.

R