Tidender.


Kristiania, den 25de Juli.


Tingmann Wollert Konow fekk eit stort, reint, norsk Flag av Sambygdingarne sine, daa han kom heimatt fraa Tinget. Dei vilde ved det syna honom, at dei set Pris paa det han hev gjort, baade der i Bygdi og i Tinget.


Statsministar Sverdrup er reist til Danmark.

Statsraad Haugland hev teket ein Tur til Heimstaden sin. Han kjem hit att ikring 20de August.


Son aat Krunprinsen er døypt no. Fadderarne var alle Stormenn, sume svenske og sume tyske. Ingen Nordmann var Fadder, og det fær no vera det sama det.


Styringi skal vera tenkt paa aa skjipa fleire kongelege Komisjonar.

Det er nokk mykje som treng gjerast no, for Selmer og dei Kararne gjorde inkje for mykje.


Det hev voret svært til Uver mange Kantar av Landet no. Her i Byen hev det voret so kaldt som seinhaustes, og det eine Haglskuret etter det andre hev gjestat oss. Tordyn og Lyneld hev det og voret nokk av baade her og andre Stader. I Gudbrandsdalen var Natt til fyrre Sundagen inkje meir enn tri Varmegrader, og paa Dovre snøgad det, som det skulde voret midvinters.


Paa Kvamøy i Sogn vart ein 14 Aars gamall Gut ihelslegen av Lynelden.


Haraldstytta ved Haugesund skal vera skral no. Bladi ymtar um, at ho bør vølast no snart, dersom ho inkje reint skal verta øydelagd.


Kommunekasseraren i Eidsberg er rymt. Han skal hava teket ikring 4000 Krunur av Kassa. Dei trur, han er paa Vegen til Amerika.


Storeggfisket ved Sunnmør skal gjeva litet av seg iaar.


Um Sundagen skal det vera Folkefest paa Myrer her ved Byen.

Ein Fane, som nokre Kvinfolk i Massachusett hev gjevet Skjotarlagi her i Landet, skal vigslast av O. Thommesen.


Alle, som kann bør vera med paa Venemøtet i Seljord.


Den 29de Juli vil dei halda Fest for Tingmennerne sine i Bergen.


Krunprinsessa er inkje frisk att endaa.


Skrefsrud, Børresen og Fru Børresen hev voret sjuke eit Bil; men no er dei i Betring.


I Englandvert det livlegare og livlegare. Som me fyrr hev nemnt, so hev Vinstre haldet mange Møte, der alle hev klandrat Yverhuset. Sume hev sagt, at ein laut sjaa til aa minka Yverhuset si Magt so mykjet som mogelegt, og andre hev meint, at det nokk var det beste, um det reint vart avskaffa. No tek Lordarne og til aa halda Møte for aa faa Folket med seg mot Underhuset; men det er liti Von um, at dei kjem til aa hava Lukka med seg. Leidt er det og for dei, at Dronningi held med Styringi og Underhuset, og so vidt me veit, so hev dei ingen Pastor Heuch der burte.


No ei Tid hev det set ut for, at Frankrike og Kina skulde koma i Haari paa kvarandre; men det vert nokk inkje nokot av. Kina hev vortet red, og byd baade Forlik og Pengar. Franske Krigsskjip ligg ferduge, um Semja inkje kjem istand.


Nihilistarne i Rusland er endaa inkje trøytte av aa slaast mot Styringi, ser det ut for. No nyst hev Politiet funnet eit Trykkeri og mykje Dynamit og andre Sprengjingsgreidur, som høyrde dei til.


I Ægyptener det inkje rolegt endaa; der er sama Røra no som fyrr.


Kolerasjuken grip um seg framleids. I Marseille og Tulon døyr det paa Lag 70 um Døgnet av honom. Sotti er og i Landskapet runnt ikring.


I Belgia vann Høgre ved Tingvalet, og daa dei hev parlamentarisk Styre der, so tok Kongen ei Høgreregjering med det sama. Styringi og Fleirtalet i Tinget held no paa aa bu seg til aa tyna dei Umvølingarne, som dei frilynde hadde fenget istand.


I Forio paa Ischia (Italia) var det Jordskjelte no ein av Dagarne. Det var Dunder og Brak inne i Jordi; men nokot meire vart inkje av, so Folk slapp fraa det med Reddsla denne Gongen.

Paa eit Skjip, som gjekk fraa Marseille til England døydde tvo Mann av Kolera medan dei var paa Reisi. Daa Skjipet kom til Liverpool hadde heile Mannskapet fenget Sjuken, og ingen av dei fekk Lov aa ganga iland.


Amerika. Det ser ut for, at Demokratarne kjem til aa vinna ved Presidentvalet.


I England hev yver 20,000 Minearbeidarar gjort Streik. Grunnen er den, at Lønerne deira er nedsette.


Sildfisket ved Skottland slær godt til iaar.


I Ruslandhev Aaker og Eng set lovande ut; men i det siste hev det vortet altfor turt i Veret, so dei ottast for, at det skal verta til Skade for Grøda.


I Svartehavet er eit Sjørøvarlag no for Tidi. Dei hev ei snarsigld Skute og gode Vaapen. Dei hev plundrat fleire Skjip og fenget stort Herfang. Ingen veit endaa, kvar dei høyrer heime.