[Tidender.] Frankrike



Som me nemnde i fyrre Numeret av Fedrah., er Tingi komne saman, og dei trur, at det inkje vert greidt for Styringi aa standa Skrifting for alle dei, som vil hakka paa henne. Det er mange Saker, som dei trur ho kjem til aa faa Vondord for, soleids Venskapen med Tyskland, Krigen i Kina og paa Madagaskar, Pengestellet og meire slikt. Men dei trur og, at ho kjem til aa greide seg. Verst vert det for henne aa svara for, kvat Franskmennerne hev gjort i Kina, daa etter Grunnloven ingi fransk Styring hev Lov til aa byrja ein Krig utan aa spyrja Tingi. Til det kjem og, at mange inkje hev nokor Tru paa, at det i Lengdi vil vera so stor ein Bate for Frankrike, sjølv um Kina laut gjeva seg og Styringi fekk det, som ho vilde. Pengegreidurne er inkje dei beste. Dei hev no gjort upp og det syner seg, at Innkomurne er paa Lag 50 Millionar mindre, enn som trengdest for aa greida Utgifterne. Handelen er i Forfall og fleire Stader er det Arbeidsløysa. Og alt dette vil sume Flokkar gjeva Styringi Skuldi for, endaa kvart eit vitugt Menneskje maa kunna skyna, at ingi Styring kann avvende alle Ulukkur. Serleg gjev Royalistarne Styringi Skuldi for alt, som galet er; men dei Kararne gjorde rettare i aa skulde Krigen med Tyskland og Sluskestellet hans Napoleon den 3dje, daa flestalle av dei Vandskar, som Styringi no hev aa strida mot nettupp hev si Rot der.

Fraa Kina er det komet Melding um, at Franskmennerne hev vunnet ein stor Siger ved Chu. 3000 Kinesarar laag att paa Plassen og dei andre tok Beini fatt. Av Franskmennerne vart i sama Slaget 92 saara og 20 daude. Den franske Generalen, som hev sendt Meldingi, trur, at Kina kjem til aa spakna etter dette. Ellest tek Folk til aa taka mot Tidender fraa Kina med større og større Mistru. Franskmennerne melder jamt, at dei vinn store Sigrar; men endaa er det inkje komet til nokot Endemaal.