[Tidender.] Morgenbladet


tykkjer ille um det, at Sverdrup, som er Statsministar og Departementssjef, skal leggja seg burti andre Saker, soleids som no dette Framlegget um Skulestellet vaart. Slikt er mot all god gamal Departementsskikk: Fyrr gjorde ein Embættsmann inkje det Slag meir enn det han hadde Løn for, og no kjem Sverdrup og skjemmer ut all gamal god Sed. Han er inkje nøgd med sitt eiget Departement, og med si Stelling som Statsministar, men han vil aataat vera norsk Borgar, og hava same Rett som andre til aa gjera Framlegg aat andre Departement. Skulde du hava høyrt paa slikt fyrr! Dette er so beint imot Morgenbladets Meining um kvat det sømer seg ein Eksellense, som det best kann vera. Statsministarembættet vert misbrukat paa den Maaten, meiner nok Bladet. For med ein Statsministar meiner Bladet ein Mann, som hev stor Løn av Riket nettupp for aa passa paa, at Livet inkje flyg for fort, at Framgangen inkje vert for braa. Han skulde berre sitja og venta som ein annan Konge til des at Sakerne vart lagde fram for honom, og dei Saker, som daa inkje alt fyrr hadde fenget si Grav paa dei Stelle, hvor man arbeider, skulde det daa vera hans Embættesgjerning aa leggja fram for Hans Majestæt med Bøn um naadigst Negting av Sanktion.

Morgenbladet hadde væl kanskje trutt det um Sverdrup ogso, at naar han kom so høgt upp og fekk so stor Løn, so vilde han ogso vyrda seg til og sitja for seg sjølv i det innste Romet, dit litet nytt kom inn, og der endaa mindre kom ut ifraa.

Men no hev dei med Rædsle set, at det er so langt ifraa, at han nøgjer seg med aa sitja som Gamlefar og berre jamna og sletta paa det, som andre gjer fyri _det er so langt ifraa, at han tykkjer Landsens Arbeid gjeng for fort, at han sjølv, rask som ein Ungdom, steller seg fremst i Arbeidet og skuvar det veldugt fram:

Er det Under, um Morgenbladet jamrar seg yver slikt?

Er det Meiningi han vil driva sine undergjevne Embættsmenn etter sitt eiget Fyredøme, kor skal det verta av deira gode Dagar daa?

Tenk um han kravde av dei, at dei skulde gjera meir for Folket enn det nettupp var fyreskrevet dei som Embættespligt _ kven kunde verta Embættesmann i Landet daa?

Tingmann Emil Stang sagde i Møtet paa Festningi, at det no inkje fanst nokot annat, som kunna halda att mot Rotriving og Øydeleggjing enn Landsens eigne Borgarar. Han tykte, han laut minna Høgre um, at han var komen so langt i politisk Visdom, saag det ut for.

Mannen er snart eit halvt Aarhundrad gamall, og han veit endaa likso mykje, som ein vanleg flink Gut i Konfirmasjonsalderen.

Er det inkje store Ting af Høgres fyrste Mann?

Det som Pastor Heuch hev imot Vinstre er inkje det, at det vil gange litt fort fram paa den eingong gjevne Veg; men det var det, at dei vilde brjote den gamle Vegen av og byggja nye Vegar, sagde han i Møtet paa Festningi.

Hr. Heuch gjorde væl, um han vilde upplysa Folk um, kvat han meinar med den engang givne Vei , som det norske Folk skulde ganga, og kven som hadde synt honomden.

Ellest er det inkje vondt aa skyna, kvat han meinte. Det var han, som sagde, at Grunnloven av 1814 var nokot Tull, og det var han, som inkje kunna stole paa Armeen, difor kann ein utan altfor stor Vande skyna, kvar den Heuchske Veg ber av.

Dersom Folket gjekk fram til Prestarne med all si aandelege Magt og til Tronenmed all si politiske, daa vilde det visseleg av Heuch faa Skotsmaal for, at det gjekk fram paa den engang givne Vei .

Men Tiderne er vonde, Hr. Pastor!

Kristiania hev ei god Aand; men Folket utyver Landet var narrat upp i Stru, sagde L. L. Daae.

Ja er det inkje eit elendigt Folk dette norske.

Kristiania gode Aand hev sendt ut L. L. Daae, Yngvar Nielsen, A. B. Rustad, Lensmann Stenbuch, Steen fraa Bygdøy, B. Kjekstad, Advokat Vogt, Lærar Skaar, Grosserar Gulbrandsen m. fl. for aa upplysa vort arme forblindede Folk um, at gjekk det med Vinstre, so skulde det verta Krig baade innanlands og utanlands; daa var Vantru og all Landsens Ulukke ventandes.

Og endaa let Folket seg narra og gjekk med Vinstre.

Er det inkje so det kann kulsa i ein Stein tes meirs?


Kristiania gode Aand! Men kvat var det Aftenposten sagde daa Kongen kom? Jau, han fortalde, at han inkje var i Stemning til aa rope Hurra, og at han ved det Tilhøvet kom til aa minnast, kvat Jødarne sagde, daa Heidningarne vilde hava dei til aa syngja. Hvorledes skulle vi synge Jehovas Sang i Hedningeland.

Ja so: Kristiania med den gode Aand, den mest nasjonale av alle Noregs Byar, Byen med den virkelige Historiesøkk paa 8 Dagar ned til aa verta Hedningeland.

Det er inkje langt fra Kapitolium til den tarpejiske Bergknausen og inkje fraa Kristiania til Hedningeland helder.

Forfaldets og Nedgangens Tid.  
 
_ r _