Bergens Tidende.

finn, at eg hev voret for strid mot ”Lands-Venstre-Forenings-Bestyrelsen”, som hellest ikkje heiter ”Lands-Venstre-osfr.-Bestyrelsen”, men ”Bestyrelsen for Norges Venstreforening”, ettersom Bladet upplyser. Serleg kann ”Berg. Tid.” ikkje sjaa annat, enn at Vinstrestyret hev gjort den nasjonale Sak all den Æra, som denne Saki fortener, naar det hev sett henne upp jamsides med ”Legemsøvelser og Haandarbeide” paa den siste Plassen i siste Klasse millom dei Sakerne, som Folk kann taka med, _ um dei so synest.
Haandarbeid, det er og ein nyttig Ting! segjer Bergens Tidende. Baade Haandarbeid og Gymnastik er nyttige Ting. Gymnastik er godt for Helsa, og Helsa veit du er det beste me hev; og det, at Ungdomen lærer aa bruka Nevarne sine, det skulde ”Bergens Tidende” meina og er ei landsvigtig Sak. Dessutan hev Solon sagt, at ein Son ikkje er skyldig til aa forsyrgja Foreldri sine, med mindre desse hev lært han eit nyttigt Handverk, og Solon var, um ”Berg. Tid.” ikkje mishugsar seg, ein av dei sju Vise, so hans Ord maa staa. Paa desse Grunnar spør so Bergens Tidende: ”Hvad er mest tjenligt for Unggutterne, at de kommer ud i Livet med sund Krop og med et Par Hænder, som de forstaar at bruge, eller at de kan læse et dødt Maal?”
Det var og eit Spursmaal? Finst det noko livande Kryp i Norigs Rike, som ikkje vil hava Gutar med god Kropp og gode Nevar, og finst det noko livande Kryp, som vil læra Folkeskule-Ungdomen upp til aa ”lesa daude Maal”?
Iallfall tenkjer ikkje Maalmennerne paa noko slikt. Eg skal fortelja Bergens Tidende, kva Maalmennerne vil. Dei vil, at Ungdomen i Landsskulen, like eins som i Ungdomen i Byskulen, skal tala og bruka sitt livandeMaal, og det vil me, mill. a. for at Ungdomen kann læra lettare, og altso faa Tid til aa læra meir, t.d. faa Tid til aa læra _ ”Haandarbeide og Legemsøvelser”.
Naar me kallar Maalsaki ”den nasjonale Sak” framifraa, og naar me finn, at ho av den Grunn ikkje endefram kann liknast ihop med Straafletning, Skolapping, skotsk Sildesalting og fornuftig Frugtavl, som og er nyttige og landsvigtige Ting, _ so skal eg um den Ting berre visa ”Bergens Tidende” til det Sendebrevet, som Styret for Det norske Samlag i desse Dagar sender umkring; for det ser meg i Sanning ut til, at Styraren av ”Bergens Tidende” treng til aa studera Maalsaki fraa Grunnen av.
Hellest er ”Bergens Tidende” eit maalvenlegt Blad. Det kallar ”det norske Sprog” eit ”dødt Maal”; men det vil hava det fram likevæl; og det er reint ut sagt meir enn ein kunne venta. Det ”døde Maal” skal liva! ”Arbeidet for det norske Sprog i Agt og Ære”, segjer Bladet. So vigtigt som skotsk Sildesalting er Maalsaki ikkje; men Herre Gud, næst etter Kongen er og ein god Plass.
Men ”Bergens Tidende” trur ikkje, at me skal arbeida so mykje med den Saki. Det hev gjenget so godt med Maalarbeidet i dei seinare Aar, segjer Bladet; no kunde me taka det meir rolegt eit Bil, for at det ikkje skulde koma til aa gaa altfor godt. ”Det hos os brugelige Skriftsprog er jo i en Slags Opløsningstilstand”, segjer Berg. Tidende; ”enhver skriver, som han selv synes; nogle med haarde, andre med Bløde Konsonanter, nogle med store, andre med smaa Forbogstaver; ... derhos er jo Maalsagen direkte fremmet ved positive Beslutnigner i Thinget og ved Venstres Arbeide,” altso: lat oss taka det med Ro no! synest Bergens Tidende aa meina.
Me Maalmenner segjer, at no, naar Arbeidet hev teket til aa koma i Gang, so skal det haldast fram for Aalvor! Det hjelper oss lite, at some av dei dansk-norske skriv ”Maalstræv”og andre ”målstræv”, so lengje Skularne paa Landet driv paa med aa plaga Landsens Ungdom med Fordanskningsstrævet sitt, og det gjer dei enno, mange av dei. Fridom og Æra for vaart norske Maal! segjer me no; og det er ikkje for tidleg aa reisa det Kravet. Lat Bergens Tidende ”og andre” ”interessere sig” for det norske Maal; me vil arbeida, og me trur, at dei Menn, som vil vera med aa byggja det nye Norig, vil arbeida med.
”Hvorfor vil I gaa, og hvor hen?” spør Bergens Tidende Maalmennerne, dersom dei skulde vilja tenkja paa aa gaa ifraa Vinstre.
Eg hev sagt: skulde det visa seg, at Vinstre ikkje vilde bry seg um den nasjonale Saki, so fær Maalmennerne skipa seg til eit serskilt Parti, som arbeider for seg sjølv og til kvar Tid hjelper det Partiet, som hev mest Mod og Vilje til aa vera med paa vaart Arbeid. Det hev eg sagt, og det stend eg ved. Men eg hev og sagt, at eg ikkje trur me tarv ræddast for noko slikt, og dersom nokon novil spyrja, kven Maalmennerne vil stydja, so kann eg _ etter at Statsminister Sverdrups Skuleforslag er komet fram _ trygt svara: Maalmennerne vil stydja Ministeriet Sverdrup.
Det same skulde eg tru at Vinstre vil gjera i det heile. Og her kjem eg innpaa ”Program”-Spursmaalet fraa ein ny Kant.
Me hev no ei parlamentarisk Regjering. Ei parlamentarisk Regjering er ei Regjering, som er Førar i Utviklingsarbeidet.
Fleirtalet i Landet hev Tillit til Regjeringi, det vil segja: Fleirtalet trur, at Regjeringi, i Samraad med Førarne i Thinget og i Tilslutning til dei Synsmaatarne, som der i det heile er uppe, vil taka upp til Gransking og Framhjelp alle dei Sakerne, som synest hava Krav paa Gjenomføring.
Det er altso Regjeringi, som i eit parlamentarisk Land set upp Fleirtalsprogramet. Ikkje so, at ho skriv upp paa eit Papir alle dei Idear, som ein kunde koma til aa tenkja paa; men soleis, at ho i Tale elder Foredrag legg fram ei Forklaring um den elder dei Reformerne, som ho i den Lovgjevarperioden som no fyrestend, vil hava fram for Folk og Thing. Naar Regjeringi soleis paa den eine Maaten elder den andre, hev sagt, kva ho trur bør upp, og korleis ho trur det bør gjerast, so gjeng Folket til Val paa dette, og fær daaRegjeringi Fleirtal, so er Programmet ”vedteket”, og fær ho ikkje Fleirtal, so er det fallet. Meir Stell trengst det ikkje med den Programgreida.
Naar Vinstrestyret gjorde upp Program utan aa venta paa, kva Regjeringi vilde koma med, saag det ut som um Vinstrestyret ikkje hadde Tillit til Regjeringi. Det saag ut som um Styret meinte, at Vinstre fremleides skulde vera i Opposisjon. For under parlamentariske Tilstand er det naturlegvis Opposisjonsflokkane, som kjem emd serskilde Partiprogram; paa den Maaten maa dei arbeida for aa koma i Fleirtal; men er eit Parti i Fleirtal og hev det altso ei Regjering, som det liter paa, so maa det naturlegvis fylgja denne Regjeringi og dermed krevja, at ho skal gjenomføra dei Tankarne, som Partiet hev vunnet Fleirtal paa.
No hev Regjeringi vist, at ho forstend si Stilling som parlamentarisk, og det Stykke av Programmet, som ved Statsminister Sverdrup alt er framlagt, er so godt og ægte liberalt, at Vinstre hev Grunn til aa hava dei beste Voner um Førarskapen. Det vert desutan no upplyst, at Vinstrestyret ikkje hev meint aa leggja fram eit Val-program, men eit Diskussjons- elder Forhandlingsprogram, og naar so er, so kann ein gaa ut ifraa, at Vinstre vil koma inn i den parlamentariske Skikk utan Vingel elder Mistak.
Arne Garborg.