Fraa Sell.

 
(Gudbrandsdalen).


At alle Maalvener vart glade daa dei fekk sjaa at Fedraheimen vilde gjesta oss tvo Gonger i Vika er væl sjølvsagt, eg for min Del kjende meg reint lukkeleg. Ikkje somykjet fordi me skulde faa ein heil Del meire Lesnad; men fordi eg kjende, _ og forstod, at Maalsaki voks og gjorde Kjempesteg framover mot det endelege Maal _ Norsken i eit og alt.

Berre me no var sikre paa at Fedraheimen vilde kunna orka dette, aa koma te oss tvo Gonger i Vika utan større Betaling. Det fær me no vona i alle Fall. Det som det mest kjem an paa det er den norske Ungdom. Me skulle no gjera alt me kunde for aa halda uppe det einaste Maalblad me hev, arbeida for det aa lesa det. Difor vil eg no au vona, at kvar norsk Gut, og kvar norsk Jenta som hev eit Hjarta som slær litevetta varmt for Fridom og Norskdom, _ og hev Kjærleik te sitt eiget Maal, _ vil gjera kvat dei kann. Beste Hjelpi me kann bjoda Fedraheimen er, at me held honom. No kann me so godt hjelpa oss med Fedraheimen som Avisa, og kvifor ikkje daa hava han. Fyrr hev han vore liten aa nokot dyr; men no vert han baade stor nokk og billig. Amtsskulegutar vil eg beda um at hugsa vaart Maalblad. Naar dei slær seg isaman 10 aa 10 so fær dei honom for halv Betaling. Ved aa halda Fedraheimenvilde dei hava Avislesnad, _ og det god Lesnad _ heile Kurset for nokre faa Øyre, som dei paa ingen Maate saknad. Aa eg er vis paa at største Slumpen av vaart Lands-Skuleungdom brukar upp mange Gonger fleire Øyre te Sukkergodt um Kveldarne te langt større Skade hell Gagn. Ja Gutar! hugse Fedraheimen.

Alle som hev ein skrivandes Tankje vil eg beda um aa hugsa Fedraheimen _ han tek det so gjenne, aa du hev den Hugnad atpaa aa hava gjort litet Nytte med Blekket og Pennen din. Men meire seinare. Te Lukka! Fedraheim _ med det nye Tiltaket.


15 _10 _84.

Din
Paul Kleiven