Klokka.



(Etter Iwan Turgeniew. )
 
(Del 9 av 13. Fyrste delen.

(Framhald.)


XVII.

_ David let att Døri, lagde Klokka paa Bordet, krossad Henderne yver Bringa _ og jamen log han. Daa eg saag det, laut eg lægja med.

_ Det er daa Furdur med den Klokka lel _ sagde han _ som me aldri kann verta kvitt. Men kvat skal me no gjera med henne?

_ Um me grov ho ned att? _meinte eg. Hell lat oss gjeva ho aat Latkin.

_ Nei _ sagde David _ duger inkje. Men no hittar eg det; du veit dei held paa og samlar ihop Gaavur aat dei brandskadde ned i Kassimow, me kann gjeva ho til dei; dei tek imot all Ting, det er Guvernøren, som stend for og tek imot.

_ Var det inkje likare daa, at me gav ho til Latkin?

_ Aa nei han bergar seg væl sjølv. Lat oss no setja oss til og skriva eit Brev til
Guvernøren.

Eg samtykte, fann fram Papir og bad David segja fyre.

Men best som eg skulde byrja skriva, fekk me høyra ein Staak. David bisnad, og eg lagde forstøkt Pennen fraa meg.

Det kom nærmare, me saag paa kvarandre. Kvat var det paa Ferde? Me høyrde Maalet paa Farsyst og paa Far og paa Trinkillitatin.

_ Det er Klokka, skal du sjaa. Eg vaagar, at Skarven Vassilj hev sviket oss.

Dei var alt paa Gangen utanfor Romet vaart. Eg var halvdød av Fæla, ogso David var bleik som Kalken paa Veggen, men Augo glødde som paa ei Ørn.

Og no gjekk Døri upp, Far og Farsyst og Trinkillitatin og Vassilj og Juscka kom styrmande inn.

_ Kjeltringar _ skreik Far _ endeleg hev eg Dykk.

_ Ut med Klokka _ skreik han, daa han fekk sjaa ho i Davids Hender.

Men David skaut seg beinast aat Glaset utan aa segja so mykje som eit Ord og sprang beinast ned paa Gata.

Eg som var vand aa fylgja honom i alle Delar, sprang etter og fylgde Fots Føte.

_ Tak dei, tak dei _ skreik dei etter oss.

Men me sprang det hardaste me kunde. David fyre, og eg nokre Stig etter, og bak oss styrmde ein heil Her med Forfylgjarar.


XVIII.

Sidan desse Hendingarne er det gjenget mange Aar, og det er rart aa minnast attende; men endaa kann eg inkje forstanda kvat det var som kunde gjera Far so vond; det var som nokot fælt ved denne Klokka.

Vassilj hellest hadde inkje sviket oss, som David tenkte; han var for mykje rædd sjølv til det. Men det var ei Tenestgjente, som hadde set Klokka hjaa Vassilj og hadde fortalt det aat Farsyst, og soleids vart Samanhengjet kjent.  

Me sprang det meste me orkad burtetter Gata. Folk som me møtte, saag forstøkte etter oss og gav seg til Sida.

Bak oss høyrde me den same Huging og Roping i Einingi: Halt dei, halt dei!

_ Kor vil du helst daa? _ spurde eg _ daa David bøygde inn i ei Tverrgate.

_ Til Oka _ svarad han _ i Vatnet maa Klokka.

_ Halt Tjoven! _ høyrde me bak oss.

Men me hadde fenget ein Fyrimun, og det er inkje att langt aat Elvi. David er alt utpaa Brui, som ei Pil spring han framum Vaktmannen, som til faafengjes freistad aa stinga Piggstaven sin millom Føterne hans for aa stagga honom.

David sprang uppaa Rekverket _ ein blaa Blink, og Klokka laag i Vatnet. Straks etter saag eg Føterne til David svivande i Lufti i ein stor Boge, og kom med utslegne Armar og Hovudet fyri stupande nedi Elvi.

Eg kann inkje fortelja, korleids det var med meg den Stundi. Eg var eit Par stig i fraa David, men eg minnest berre at eg sette i med ein Skrik, seig nu paa Brui og uvitad.

Daa eg kom til meg sjølv att, var det ingen aa sjaa paa Brui, men frammed Aabredden var det mykje Folk, og utpaa Elvi laag det ein Baat, ein Mann var so vaat, at Vatnet silad av Klædi hans, han drog paa ein stor myrk Tull, endeleg skynad eg, at det var David, dei hadde dreget upp.


( Meir.)