Tidender.


Kristiania, den 21de Oktober.


Krigen i Sudan. Mahdien vil inkje gjeva seg. Han hev no sleget seg i Ro paa nokre Haugar nedanfor Klogam like ved Nila. Elvi er der smal og Bergveggjerne er bratte paa baade Sidur. Mahdien fyr hev revet ned Telegrafstrængjer og spent yver Elvi, so ingen skal faa sigla kortkje upp elder nedetter Straumen. I Tamai lig ein Flokk av Folket aat Mahdien. Føraren for dei, Osmann Digna, hev fenget Bodsending fraa Mahdien um, korleids han skal fara fram. Han skal gjera Engelsmennerne so mykje Mein som mogelegt utan aa koma dei for nær og Folkje, som bur i Nærmunom skal han vera snild imot. Ellest segjer dei, at Mahdien skal hava mange Vandskar med dei Innfødde og, daa mange Stammer inkje vil tru paa honom og gjeva seg under honom. I eit stort Stykkje av Landet hev Folket litet aa liva av, so dei ræddest for, at der skal verta reint galet med Svolt og annat som plar fylgja med Matløysa.


Belgia. Den nye Skuleloven hev, som me fyrr hev nemt gjevet Prestarne Hals og Haand yver Skularne. Og dei veit aa nytta Magti si, dei Kararne. Alt no hev dei stengt 5 høgre Skular, 3 Millomskular, 9 Normalskular og yver 100 lægre Skular. Talet paa dei Skular, som vert stengde aukar med kvar Dag og Lærarar og Lærarinnur gjeng arbeidslause. Men det er inkje alle Stader, at det gjeng fredelegt for seg, naar Skularne skal stengjast. Det kjem ofte til druge Slagsmaal liksom no for nokre Dagar sidan i Sunzeilles. Byraadet heldt Møte, der det skulde avgjerast, um Gjenteskulen skulde leggjast ned elder inkje. Folk var forvitne etter aa høyra, korleids det vilde ganga, og samlad seg utanfor Raadstova. Presten vilde have Skulen nedlagd, og han fekk sin Vilje fram; men inkje fyrr fekk Folkehopen utanfor Vissa for, kor det var gjenget, fyrr dei braut seg inn i Raadhuset og jagad Raadet fraa kvarandre. Borgarmestaren fekk ein Stein i Hovudet, so han datt ned og mange andre fekk Styggeleg Juling. Etterpaa gjekk dei til Prestegarden og peip og heldt Leven alt det dei orkad. Presten skaut paa dei, men ikkje fyrr hadde han gjort det, fyrr Flokken tok til aa slaa sunde Dører og Glas og gjekk um og plundrad alt, som inne var. Det var med Naud at Politiet fekk Ende paa Røra.


Jarnvegsmøte paa Gjøvik . Utsendingar fraa Kristians Amt kom saman i fyrre Vika for aa semjast um ein Jarnvegsplan. Men det var vanskelegt aa verta forlikt, daa kvar vilde hava sitt. Synst i Fylket vilde dei hava ein Jarnveg beinast fraa Gjøvik til Kristiania, Nordvestbanen dei kallar, 18 Mil lang, 17 Mill. Kr. dyr, Valdrisarne vilde hava Bane uppgjenom si Bygd, og for Gudbrandsdølen stod det um aa faa Jarnveg fraa Litlehamar og uppigjenom til Sell, Heidemarkingen hadde meste Baten, um han vart bygd millom Litlehamar og Hamar.

Etter eit langt Ordskifte og Raadlegging gjorde dei endeleg ei Semje slik, at Forsamlingi ynskte ein Jarnveg fraa Kristiania til Romsdalen yver Litlehamar, soleids, at Arbeidet for det fyrste fekk delast i tvo: fraa Kristiania til Gjøvik, og fraa Litlehamar til Sell, men utførast samstundes. Og samtidig Line yver Heen gjenom Aadalen til Fagernes i nordre Aurdal.


Eit Folkemøtevart haldet paa Gjøvik Dagen etter Jarnvegsmøtet. 400 Mann. Arvesen hevdad at det, som no kravdest, var eit heilt nationalt Upplysningsverk, likeso fult, som det me no hadde var tomt, likeso norskt som det me no hadde var unorskt.


Statsministar Sverdrup heldt Middagslag for Kongen um Fredagen. Det var innbodet 50 _60 Mann, dei høgste Embætsmenn i Byen, Storthingsmenn fraa Kristiania, Medlemer av Nemnder o.s.v. Storthingsmann C. Stang og Ihlen, Professorerne Monrad og Kaspari var hindra fraa aa møta.


Kongen heldt Lag for Regjeringi Sundagen og for dei avgjengne Statsraadar um Mandagen.


Kongen skal opna ein ny Jarnveg, Siljansbanen, i Sverike næste Maanad.


Henrik Ibsen hev havt ein Agg i seg mot Heimlandet sitt i lange Tider og han hev berre haldet seg utanlands, nokot, som hev gjort, at Skrifterne hans hev vortet hosta uheimlege. No naar Landet hev komet seg i eit annat Stand, ser det ut til at han tek til aa blidgast att. Bjørnson var ilag med honom i Sumar, og hev vel sett honom paa ei betre Tru. Det hev gjenget Ord um det no at han vilde reisa heim aa faa seg Gard innmed Kristiania, og no segjest det, at han skal inkje vera uhugad paa aa verta Styrar for Teatret her; det hev han voret før eingong ogso, og framifraa lagom er han til di, kann De vita. Det vart gildt, um det vart nokot av, daa kunde me venta rett Skikk paa Teatret vaart, som no i det siste berre hev haldet Samlag med Kristianiaaanden og voret eit Bakstrævarhol av fremste Slaget.


Tvo Kvende-studentar var frami og talad i Ordskiftet i Studentarsamfundet sin Laurdagen. Og dei talad godt.


Mild Haust. Ved Kraakerøy hev dei funnet mogne Jordbær og Klungerrosur no i Haust.


Vinteren. I Nordmarki skal det desse siste Dagarne hava voret like til 6 Grader Kalde.