Trønderen kjem ogso.

 
Vinstre-foreiningi i Frosta hadde Møte no 9de Oktober.

Daa vedtok Foreiningi samrøystes aa slutta seg til dei Vedtak um Maalsaki, som er gjort av Sogns Lærar-samlag; men Foreiningi fann, at ho maatte gjera eit Tillegg.

Det vart ordat frampaa um, at det ikkje vilde hjelpa stort um desse Vedtaki vart lovfeste no strakst, for dei fleste Lærarar i Folkeskulen er utan Vilje og Evne til aa undervisa paa norskt Maal, og skal det norske Bondefolk venta paa aa faa sitt Maal inn i sin eigen Skule, til Undervisning i Bygdemaal og Landsmaal hev vortet innført paa Seminariarne, og til Lærarar, som hev faatt Upplæring i det der, kjem inn i dei fleste Landsskular _ so var det aa gruve for, at Kua kunde døya, medan Graset grodde.

For aa gjeva Læraranne, som no er i Folkeskulen Rettleiding i Bygdemaal og Landsmaal so snart som mogelegt, trudde Vinstreforeiningi, at det maa koma istand Maalskular for dei.

Til Vedtaki av Sogns Lærarforeining vart det gjort dette Tillegget: Der oprettes Kursus for Landslærerne, hvor de kan faa Undervisning i norsk Bygdemaal og Landsmaal.


Andreas Naavik.