[Tidender.] Fædrelandet


lastar oss for vaart Stykkje i Fedrah. No. 57, der me sagde, at Fædrel. synte liti Trupaa baade Sedugskap og Kristendom.

Bladet segjer no, at me hev vrengt Meiningi deira, og at vaare Angreb kun skyldes Fiendskab og Lysten til at sige noget ondt (um Bladet) i Forbindelse med den deraf muligens flydende Mangel paa Evne til at kunne læse og forstaa, for at fortolke det paa mildeste Maade.

Bladet segjer, at det var Trui paa stigende Renhed og Sædelighed blandt Menneskene overhovedet d. e. ogsaa inden den Del af Menneskeheden, som staar udenfor Kristendommens Paavirkning, som var ukristeleg; men at me hev teket det, som um det var Tale berre um Sedugskapen innanfor Kristendomen.

Det er daa underlegt, kor klene Folk kann vera til aa lesa. Me nemnde tydeleg, at det som galdt, var um Sedugskapen skulde verta større millom Menneskja &dvs; Menneskeheden. Og me leet falla Ord um, at det var fraa Kristendomen, at den rette Lyftingi var aa venta. Men me maatte lasta Fædrel. for at det, som vil vera eit kristelegt Blad, hev so liti Tru paa, at Kristendomen kunde vera ei Kraft og ein Surdeig i Utviklingi i Heimen. For all Mistru til det aalmenne Framstiget er i sin djupaste Grunn Mistru til Kristendomens Evne til aa magta Tidi .

Me vilde gjerne vera Vener med alle, som held paa Kristendomen, men naar me ankar paa Fædrel., skal ingen kunde segja, at me gjer det av Fiendskab til Bladet. Det er einast fordi me trur det er vaar Plikt aa aatvara imot ein maate aa verja Kristendomen paa, som me finn er so missvisande og skadeleg.