[Tidender.] Kristiania


heldt seg stød. Og no er Høgre sæle, endaa er inkje Politikken tapad, meiner dei; endaa hev Kristiania sine 3000 Mann, som ikkje hev bøygt Kne for dei nye Gudar. Avgudsdyrkararne, som Vinstre vert kallat, tel berre 1400 millom sine. Og Morgbl. maa sanna Ordi hans Daae, at Hovedstaden er en Klippe, som Radikalismen og onde Magter vil kunne beskylle, men som de ved Guds Hjælp aldrig kunne overskylle. Og Horehusi og Brenvinssjappurne blømer og lyser utyver Landet, medan Prestarne gjev Byen si Vælsigning og pryder honom med Kristendoms-Namn.

Ja Kristiania hev voret ei fast Klippe, det er vist. Alle Vindar, anten dei hev komet fraa Sud hell Nord, so hev dei spaknat, naar dei naadde dit. Sjaa no dei store Folkevandringar fraa Bygderne, som hev siget inn til Kristiania, alle dei radikale Elementer, som er komne dit, kor vart det av dei? Dei er sokne ned i ei bottenlaus Myr. Og tru daa den Myri aldri kan verta fullstappad so det vart fast Grunn der ogso? Det ser ut til aa vera langt fram endaa, for no er daa alt Fleirtalet av Folket her Innflutningar, men endaa munar det inkje.

Og so alle Innsig av Tankar og Synsmaatar, som fylgjer med Skipsferdsla fraa Utlandet, dei skulde væl hava kunnat sprengt denne Borgi her?

Nei det er som all Ting av det Slaget ogso døyvest burt til ingen Ting i Kristiania, det som daa slepp innum Tollvakti, som nok er strengare til aa føra uppsyn med Tilførsla av Tankar enn av Silkje og Vin.

Det er som um den friske Havgusten inkje magtar aa naa fram alle desse Sundi og Vikarne inngjenom til Hovudstaden, og den lette Fjellvinden fær aldri sleppa nedi denne Hola, men susar yver Hovudet paa Byen, som er skjermd med eit patent Skoddetak.

Hadde inkje Kristiania denne Evne til aa klumsa og magtstela alle Folk, ja Tankar og alt som ho fær Tak i, so var det inkje so mykje aa klaga paa lel, at me hadde ein fast Bakstrævarfylking her, som kunde eggja upp dei nasjonale Kjenslur i Folket og mana dei til Gjerning. Men slik som det no er, berre syg Kristiania Mergen utor Folket og Landet og vert ei Framsyning av vaar nasjonale Armodsdom paa alle Leider.

Um no hellest ogso Kristiania var heitande Vinstre no, so vart det væl berre skire Daamløysa, so vakt og veikt, at det var snaudt um du kunde kjenna rette Vinstretefti av det, Aatvik og Tiljamning og Kompromis paa alle Leider, til liten Bate for ein sterk og heil folkeleg Landspolitikk. Det er nok best, at Bonden fær stella med Politikken aaleine endaa eit Tak, han greider det daa, og so kann Kristianiabuen faa standa og sjaa paa.

Nei skal Kristiania verta Vinstre, som munar nokot, daa maa det koma annan Kveik i henne, det maa koma ei Rørsle paa same Vis og med same Verkningi i Byarne, som Jaabæks-rørsla var paa Bygderne; det er inkje nok med store Ord berre og Fjakling hit og dit, det maa veksa fram eit greidt Programm, men det er det inkje aa tenkja paa, fyrr Arbeidaren slepp fram i same Stilling som Bonden paa Landet. For Arbeidsmannen skal styra i Byen og Bonden paa Landet, fyrr vert det inkje nokot Tak i Politikken. Byarne vert inkje nokot sjølvstenduge fyrr, kor som er, berre Etterslenget aat Bondeflokken. Dei fær inkje nokot aa segja lel i Storpolitikken, um dei sender iveg aldrig so store og lærde Menn. For i vanlege og stille Tider kjem det inkje so mykje an paa aa hava Flogvit, Talarar hell gode Hovud i Tinget, men sanne Repræsentantar for Fleirtalet baade i Bygd og By. Men kunde dei senda iveg Arbeidarar, vart det annleids, daa vilde Byarne og verta vyrde.

Men det er lenge, fyrr ein kann venta, at Kristiania-arbeidsmannen kann koma fram; det nyttar vist lite aa berre freista aa ruska i honom fyre eit Val, Arbeidet og Agitasjonen maa leggjast paa eit djupare og sannare Grunnlag. Her finst daa inkje eit fult høvelegt Byblad endaa; var det noko Aalvor med Vinstrehugen hjaa Vælstandsfolket millom Vinstre her i Byen, so var daa dette det fyrste dei tenkte paa.

Men hellest hev Bønderne ogso mykje ugjort for sine Frendar i Byen; dei maa gjeva Arbeidsmannen full Røysterett, fyrr er det inkje aa venta, at det skal verta rett Sjølvkjensla hjaa honom, fyrr er det umogelegt aa faa lyft honom upp til full Vyrdnad for sine Samfundsplikter og til sann Kjensla av sine Krav.

Bønderne maa eingong faa Augat upp for all Vesaldomen i Byarne og hjelpa paa den Maaten, som dei kann. For Byarne hev so stor Innverknad paa Landsens Høve i det heile, at naar Bønderne hjelper upp Byarne, hjelper dei seg sjølve og. Men daa maa dei koma seg utav den Villtrui, at Byen det er Storingen og Bonden berre Arbeidstrælen, nei Saki er nok den, at det er Bonden som er Herremann og Husbonden, Byarne er berre Smaafolket. Til meir Bonden stig i Sjølvvyrdnad, til meir vil han slutta aa ovunda Byarne, men heller kløkkjast yver dei og sjaa det som ei kristeleg Plikt aa koma desse laage og fortrengde til Hjelp. Han vil læra aa skyna, at i Staden for agande Stordom og Rikdom er det meir av Svolt og Armod i Byen og Stakarsdom paa alle Vis.

Val etter Val vert Kristiania spurt, som det stend i Visa:
Kor er du fødd og kor er du bori? Og kvar Gong vert det svarat so vekjømelegt:
I Berget er eg fødd, i Berget er eg bori,
_ med det regnar og det blæs _
I Berget er alle mine Aaklæde skorne.
_ Men nordan under Fjellom
der leikar dei Nordmenn.