Nasjonal Vitenskap, Pontus Wikner og sumt annat.

 
Det var ein grepa Mann, som skreiv um nasjonal Vitenskap i No. 56. Eg vilde gjerne faa Lov til aa segja nokot um det, eg og.

Hev me so stor Rett til aa klaga paa det nye Ministeriet vaart, naar Dagbladet, som i mange Aar hev voret _ elder skulde hava voret _ den fremste Maalsmannen i Pressa fyr det nasjonale ikkje hev voret likare? Me hev nok altfor lenge latet det skura, som best det kunne, i Staden fyr aa retta paa det range med same det tedde seg.

Det var liksom eit Stykke nasjonal Vitenskap aa kalla fyr, endaa det nok var berre eit litet Stykke _ at heile Heimskringla vart umskrivet paa Landsmaal, men Dagbladet nemnde ikkje eit Ord um det, og ingen Maalmann, so vidt eg veit, gat eit Ord um, at Dagbladet ingenting sagde.

Daa Frøken Van Zandt fyr ei Tid sidan drakk seg full paa eit fransk Theater, stod det likso mykje um det i Dagbladet, som heile Soga um Halvdan Svarte, trur eg mest.

Eg vonar visst, at den nye Utgjevaren av Dagbladet vil hava Augurne betre uppe enn dei hine hadde. Han vil sona det, som hine hev syndat?

So var det nokot annat.

Me er eit namnlaust Folk. Me hev eit Grunnlag, men Taket liksom vantar.

Me hev ein nasjonal Politikk, so det knakar, men Toppen, den som skulde syna fram vaart nasjonale Sjølvstende, Utanriks-Politikken .

Dei segjer me hev ein nasjonal Vitenskap (?) Men Toppen paa den nasjonale Vitenskapen, Filosofien, kor er den?

Hine Vitenskaparne er i Grunnen berre Fag-Vitenskapar. Den einaste Vitenskapen, som kunne vera heiltut nasjonal i sann Meining, det er nettupp Filosofien.

Naar so Filosofien er burte, kor er so den nasjonale Vitenskapen?

Me hev no ein Filosof, ein Tankeheros desmeir.

Han hev lært seg sjølv og andre tysk Filosofi.

Elder rettare: han vildelæra andre den Filosofien. Men kven hev leset dei filosofiske ¨Bøkerne hans?

Det einaste aa snakka um, som Folk hev leset av honom i seinare Tider, var eit Stykke um Trykket, som kunne verta for stærkt og meir slikt.

Endaa hev han gjort nokot, som Folk hev tott Gaman i. Daa han talad no nyst mot Kvinnesaki, gav han Laura Rømke Tilføre til aa koma med eit ypparlegt Tilsvar.

Men hans Filosofi hev ikkje lagt mange Steinar til vaar nasjonale Bygning.

I det gamle Trakia, er det fortalt, kvad Skaldarne slik, at Dyr og Tre lydde etter dei.

Sameleids hjaa oss. For me hev ikkje stort meir Filosofi enn dei gamle Trakarne.

Naar Bjørnson og Ibsen og Kjelland skriv ei Bok, so lyder heile Landet.

For rett som det er, kjem dei med nye store Tankar.

Der det ikkje finst Filosofar, lyt Diktaren kveda dei Tankarne, som Filosofarne skulde greida ut fyr oss.

I Staden fyr aa faa dei store Spursmaali utgreidde i klaare Tankar, fær me det som Poesi.

Me hev ein nasjonal Poesi _ Gudskjelov _ men nasjonal Vitenskap hev me ikkje.

Og me fær det nok ikkje so snart helder, for vaart liberale Ministerium hev sett ein svensk Mann til Lærar i den nasjonale Vitenskapen, den som paa god, klaar Prosa skulde tolka det høgste i Aandslivet vaart.

Eg vonar, at Bjørnson og Ibsen og Kjelland maa kveda i mange Aar endaa, for sanneleg, det trengst, um me ikkje skal vandra heilt ut i Myrkret og paa Slutten sitja som ein svartklædd Neger i ein stumende myrk Kjellar og eta Blanksverta og drekka Blekk.

Ja, det ser ikkje ljost ut.

Um eg ikkje misminnest, skreiv Prof. Wikner fyr nokre Vikur sidan, at han sette _ Naturvitenskaparne høgt.

Kvat vilde Folk segja, um Ministeriet utnemnde ein Mann til Professor i Theologi, som hadde sagt, at han sette Kristendomen høgt?

Og i det 19de Aarhundrad vil daa dette koma paa eitt ut.

Det er Synd paa Monrad og Wikner.

Monrad vilde gjerne vera med aa gjera sitt til, at Aandslivet vaart kunne auka seg upp. Men det tok ein annan Veg, enn han vilde, det vaks ifraa han og uppyver han, han stod under og saag paa, han kunne ikkje skyna det, det trykte han, og han vart rædd Trykket kunne verta for stærkt.

Det er Synd paa Wikner og, at ein Mann, som er so elskeleg i alle Maatar og so vensæl skal koma til og gjera Bøddeltjeneste.

Det er eit stygt Ord, men Ordet er rett nok.

Vaare unge Studentar skal læra Filosofien sin paa Svensk _ for det er beintfram Uraad, at Wikner kann læra seg Norsk; fyrste Gongen Studentarne kjem inn i høgste Aandslivet, fær dei det paa eit framandt Maal.

Ved Eksamensbordet vil dei svara med dei Ordelagi, som dei hev høyrt paa Fyrelesningarne _ dei vert reint forsvenskad.

Ja _ det vert med Bokmaalet vaart mest som med Huset, som Pastor Heuch snakkad um i Gymnastiklokalet.

Elder me kann taka eit annat Bilæte. Bokmaalet er mest som det gamle Yggdrasil: det hev tri Røter, ei i Norig, ei i Sverige og ei i Danmark. Det finst einkvar Skrivaren som Marie og Amandus Schibsted, som vatnar Roti, so Treet alltid held seg grønt, elles kom det snart til aa visna, daa Bygdemaali og mange Maalmenner og Draken Bjørnson gneg paa Roti, og Professor Wikner gneg paa Toppen, og det rotnar paa Sidurne, og Treet lid meir vondt, enn Folk veit um.

Hev det liberale Ministeriet visst, kvat det gjorde, daa det kallad Wikner til Norig?

Hev Vinstremennerne i Ministeriet ætlat seg til paa denne Maaten aa kverka Bokmaalet vaart fort og væl, so vil eg segja, at slikt er klokt _ men faarlegt.

Elder er det nokre i Ministeriet, som hev nedrøystat hine og vil _ kverka det nasjonale?

So vondt kann eg ikkje tru.

Eg forstend ikkje heile Greide.

Men so mykje forstend eg:

Maalmennerne fær nok arbeida no. Snart kann det verta for seint.


X.