Tidender.

 
Kristiania, den 9de Desember.

Sudan. Det skal vera komet Melding til Dongola um, at Mahdien er daaen; men korkje Styringi i Ægypten elder England hev fenget nokor viss Melding um det, difor er det litet aa retta seg etter.
 
 
England. Røysterettsloven er no vedteken i Yverhuset og stadfest av Dronningi. Baade Tingi hev fenget Heimlov til 19de Februar 1885.


Tyskland. Bismarck hev havt Motgang i Riksdagen alt. I 1874 vart det vedteket ein Lov um, at kvar katolsk Prest, som utan Løyve av Politiet gjorde nokor Slag Kyrkjetjenest, skulde visast ut av Landet. No kom Windthorst (av Midtpartiet) med Framlegg um, at denne Loven inkje skulde gjelda lenger. Bismarck sette seg imot Framlegget; men likevel vart det vedteket med 217 Røyster mot 93. Bismarck er ille stemd mot Riksdagen fyrr, og denne Motgangen vil snaudt nok gjera honom blidare.
 
 
Ovtru. Ute ved Sandefjord døydde det ein Smaagut. Ein vaksen Gut i Grannelaget var mykje plaaga av Vorter paa Henderne; han hadde høyrt, at det beste, som gavst for det var aa vaska seg i Likvatn, difor gjekk han av og vaskad seg i Likvatnet etter Guten som var daaen. Strakst etter vart han sjuk av trondheimsk Halsesykje (Difterit), og Lækjaren sagde, at det var av den Sjukdomen Guten, han hadde vaskat seg i Likvatnet, etter, var daaen.

 
Cleveland, den nye Presidenten i Amerika, hev ervt 50,000 Dollars etter ein Riking, som døydde for nokre Aar sidan i Pittsburg. Rikingen hadde gjort Vedtak i Ervebrevet um, at den fyrste Demokrat, som vart President, skulde hava so mykje av Medelen hans. Cleveland skal vilja bruka Pengarne til Framhjelp for Partiet sitt.


Bjørnstjerne Bjørnson var 52 Aar no um Maandagen.


Stort Tiltak i Telemorki. 3die Oktober hadde nokre Telemarkingar Møte paa Ulefoss, og der valde dei ei Nemnd (G. Hafstein, H. Karlsen Siljan, Chr. K. Kleiver og H. Borgen), og denne Nemndi byd no Folk inn til aa slaa seg saman og skipa eit Trelastbulag. Fyremaalet for Bulaget skal vera aa faa Trelasten skoren og hyvlad paa finaste Maaten og so faa selt til so høge Prisar som mogelegt. Alle Telemarkingar, som eig Skog kann faa vera med i Bulaget. Tiltaket skal grunnast med 400.000 Krunur; kvart Lutbrev er paa 400 Krunur.


Skatt paa Sveinkallar vil dei no hava i Frankrike. I Framlegget stend, at Folketalet minkar so mykje kvart Aar, at det vert naudturvelegt aa leggja Skatt paa ugifte Menn, som er yver ein viss Alder.


Kvinnesaki. I Thalegnak, Amerika, er det ein Høgskule for Indianararne. Skulen er søkt av 68 Studentar, og blandt desse er det fleire Kvinnfolk.

_ I Holland er ei Kvinna, Frøken H. R. D. Mey Bladskrivar; ho er den fyrste Kvinna, som er Bladskrivar der i Landet.


Kvinnesamlaget i Boston hev nyleg haldet ein Fest til Minne um, at Negrarne i Amerika vart frigjevne. Mange av dei, som hev arbeidt mest for Negerfridomen var med og fleire av dei var yver 80 Aar.


Fraa Panama fortel ein reisande: Kanalselskapet hev 7000 Arbeidarar og av dei ligg 600 tilsengs. Dette syner meire enn nok, kor usunt det maa vera der. Mest alle Arbeidararne er fraa Jamaika. Naar nokon av Uppsynsmennerne døyr, fær Folk høyra um det; inkje so med Arbeidararne. Den gule Feberog Malaria drep for Endes baade Evropæarar, Amerikanarar og dei som er fødde der i Landet.


Ein Fatikmann i Karlsruhe, Tyskland, som nærde seg og Kjeringi og 6 Born ved aa samla Klutar, fekk ein Dag Paabod um, at han skulde koma upp til ein av Ministrarne. Der fekk han vita at ein av Skyldfolki hans, som budde i England var daaen, og at no skulde han faa 6 Millionar Dollar i Arv etter honom.