Jurynemndi

 

er no ferdug med Utkastet til Lov um Rettargangsmaaten i Straffsaker. Boki er aa faa i Bokbuderne og kostar Kr. 1.00.

 

Med aa setja upp Grunnarne sine for Lovverket er dei endaa inkje ferduge, vonleg vert dei det i Januar Maane, so det vert framlagt aat det fyrste Stortinget.

 

Det er eit ofsa stort Lovverk, 46 Kap. og 515 §§.

 

 

Det skal verta tri Slag Domstolar.

 

 

I. Lagmannsdomstolarne.

 

Det skal vera 6 slike i Landet:

 

a) Ein for Borgartings elder Oslo Lagdøme (Kristiania, Smaalenene, Jarlsberg og Larviks Lagsokner).

b) Ein for Eidsivatings elder Oplandenes Lagdøme (Akershus, Hedemarkens, Kristians og Buskeruds Lagsokner).

c) Ein for Agdesida Lagdøme (Bratsberg, Nedenes, Lister og Mandal og Stavanger Lagsokner).

d) Ein for Gulatings elder Bergens Lagdøme (S. og N. Bergenhus og Bergens Lagsokner).

e) Ein for Frostatings elder Trondhjems Lagdøme (S. og N. Trondhjems og Romsdals Lagsokner).

f) Ein for Haalogalands Lagdøme (Nordlands, Tromsø og Finmarkens Lagsokner).¹)

 

I kvar av desse Domstolarne skal det ialt vera 13 Mann, 3 Domarar (ein Lagmann og tvo andre Domarar, som inkje er Medlemer av Høgsterett) og 10 Lagrettesmenn til aa avgjera Skuldspursmaalet.

 

Desse Domstolarne skal møta 4 Gong um Aaret, og det trengst inkje endeleg aa vera paa den same Staden.

 

Her er det Lagrettesmennerne aaleine, som hev aa avgjera um ein er skuldig elder inkje, og so er det dei 3 Domararne, som paa dette skal forma Domen.

 

Men so er det nokot annleids med desse tvo andre Domstolarne. Der er Domar og Meddomsmenn ihop um aa avgjera Saki.

 

 

II. Femmannsdomstolarne.

 

Her skal det vera 5 Domarar; den vanlege Underdomaren som Formann og 4 Meddomarar.

 

 

III. Trimannsdomstolarne.

 

Her skal Underdomaren vera med som Formann og derattaat tvo Meddomarar.

 

Desse tvo siste Domstolarne held Rett ved dei vanlege Ting.

 

Til aa vera Lagrettesmenn og Meddomarar skal det fyrst veljast eit større Tal av Menn, og av desse skal det veljast ut ved Lutkast dei, som trengst til dei einskilde Saker. Og baade Klagaren og den som er sakad hev Rett til aa skjota ut ein Del av Domararne.

 

 

¹) Her er Namni soleids, som dei stend i Utkastet; det er gildt, at dei tek upp so mange gamle

norske Namn, men naar dei hev byrjat paa det, kann dei daa inkje setja norske Namn paa

altsaman, so me kunde sleppa aa dragast lenger paa desse fille Namni paa Amterne? Det er

paa Tid at Folk kastar alt dette framande Skrapet no.

 

Frå Fedraheimen 31.12.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum