Stend den norske Sak so overlag laakt?


I Fedrah. No. 59 er der ein Maalmann X. ute og ropar paa alle Mann i Vaapen, Fedralandet er i Faare: Maalmennerne fær nokk arbeida no; snart kann det verta for seint _ ein svensk Mann heve vortet Professor i Filosofi her.

Vaare norsklynde Statsraadar kunna ikkje hava vist elder viljat, kvat dei der hava gjort, meiner X.; so vondt kann han ikkje tru deim.

Skulde daa Norskdomen voret so overlag myket betre stellt, um me hadde fenget ein norskføddMann til at bera fram eit unorskfilosofisk System i et unorsk Maal? Ikkje trur eg stort paa det.

Men eit veit eg visst: den Tale, at ein svensk Professor i Filosofi skulde vera ein Livsfaare fyre den norske Sak, at Norskdomen skulde hava so ynkelig litet Livskraft _ den Tale sømer seg illa fyre ein Maalmann.

Og er ho so laak i Rynom som i Synom, den Trui X. heve paa Maalsaki, daa er det vel snarare hans Tru paa Saki enn Saki sjølv , som er i Livsfaare. Og daa vil eg giva X. ei god Raad: kom ut millom det norskeFolk og sjaa, kor Norskdomen brydder upp av Grunnen som Gras og Blom i Grovedr um Vaaren, sjaa kor Tusund etter Tusund fær Augat upp fyre, at dette er deira Livssak; kom ut millom deim som dagleg liva i den Kjensgjerning, at Livet er norsk, just so langt som det er Liv; kom ut til oss Bygderne rundt, sjaa og liv med; kom ut til den store Flokken av deim, som er so vidt livsprøvde i den Saki, at dei berre smila til slik Faare; _ og du skal snart læra aa smila med sjølv.

Med det same vil eg faa Lov aa segja, at Professor Monrad med sine Statskuptankar longo sidan er so vel ihelslegen, at det korkje er Helte- elder Riddarferd no lenger aa sparka til den fallne Fiende.

Vonheim 23. 12. 1884.

Matias Skard.