Til "Fedraheimens" Lesarar!

 
Takk for det gamle Aaret alle som hev fylgt oss, alle De, som hev lagt Godviljen til og gjort Bladet kjent millom Folk, skaffat det fleire Tingarar og sendt Stykkje til Bladet.

Det vert alt fleire og fleire, som skriv paa Norsk, men desverre hev det nok synt seg, at Bladet endaa er reint for lite til aa røma jamvæl alt det som er godt og leseverdugt av det, som vert oss tilsendt. Aa gjera det rette Utval er difor ofte vanskelegt, og aa gjera det so, at alle vert nøgde, er umogelegt. _ Me vil raada Folk til aa skriva saa stutt som det er mogelegt, daa kann me faa taka inn fleire Stykkje og sleppa aa strjuka ut so mykje.

Men fyrst og fremst vil me minna Folk um, at det som gjeldst mest um er aa faa Bladet endaa større. Maalsaki treng no eit vonom større Blad med ein fast Flokk av Medarbeidarar; men det krevst Pengar til det.

Maalvenerne vaare kann inkje leggja seg det aalvorlegt nok paa Hjarta, kor vigtugt det er, baade for at Maalet skal koma til sin Rett, og for at her kann verta eit sunt og sterkt Folkeliv, aa faa eit godt og vælskrevet Maalblad.

Um det og kann vera Smaating ved Maalformi elder eit og anant Stykkje i Bladet, som nokon inkje kunde lika fullvæl, so bør ingen sann Maalmann draga seg undan for det, men halda det for si Pligt aa arbeida alt han kann for Bladet. Lat oss halda det klaart for Auga, at um det kann finnast smaae Usemjur millom oss, so er Maalarbeidet so stor og frægd og vonfull ei Sak, at me alle skulde bindast ihop i ein Kjærleik til det same Arbeid.

Me veit ingen Maate, som baate fatig og rik kann arbeida paa med større Framgang for vaar nasjonale Sak enn aa arbeida for Fedraheimen.

Likesom me sjølve set alle vaare Voner til dette Arbeidet.

Tru inkje, at det er Regjering og Storting, som no skal fullføra Maalverket. Nei det er kvar norsk Mann og Kvinne, som skal gjera det.

Allvist er det Ungdomen, som Kravet her skal stellast aat. Lat oss sjaa, at det er Aalvor, Magt og Merg i Noregs Ungdom!

Fedraheimenvil bera ut Tidender um det, som vert gjort i Regjering og Storting, og um dei vigtugaste Hendingar ellest heime og i Utlandet. Han vil fortelja Smaanytt og Rispur, Forteljingar og Sogur. Han vil hava Kvæde og Brevsendingar fraa Bygderne. Han vil fylgja med i Bokheimen, og vil greida ut um Dagsspurmaali og um dei vigtugaste Tankar, som kjem til Synes paa alle Leider.

Han vil hevda ein norsk Politikk, eit norskt sjølvstendugt Aandsliv, Fridom og Sjølvstyre i Stat og Kyrkje, han vil hjelpa den som er liten og veik. Og framfor alt vil han sjaa etter det, som høver Bonden.

Han vil byggja alt paa Kristendoms Grunn.

Og hermed eit godt Nyttaar.

Bladstyret