Tri Forteljingar av Prosper Merimée. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 8 av 8. Fyrste delen.)
 
 
-32-

Det var so stilt som i Daudingeheimen. Roger reiste seg endeleg, sagde Godkveld aat henne laag i Mælet, men nokso roleg.

_ Godkveld! svara ho turrt og kaldt.

Roger fortalde meg sidan, at han vilde hava drepe seg den Dagen hadde han ikkje vore rædd for at Kamratarne vaare skulde gjeta Grunnen til hans Sjølvmord. Han vilde ikkje, at hans Minne skulde vera ærelaust.

Dagen etter var Gabriella likeso glad som ellest; ein kunde tru, ho hadde gløymt Løyndomen fraa fyrre Kvelden. Roger hadde vorte myrk, drøymande og vrang. Han kom knapt ut av Romet, skydde Venerne sine og gjekk ofte heile Dagar utan aa segja eit Ord. Eg trudde, det kom seg av eit rosverdigt Tykkje, og eg freista fleire Gonger aa trøysta han, men han bad meg ganga langt burt ifraa seg. Ein Dag gav han fraa seg Skarvord um heile den hollandske Nation og vilde faa meg til aa tru, at det i Holland ikkje fannst ein einaste skikkeleg Mann. Løynleg spurde han etter Ætti aat den hollandske Løytnanten, men ingen kunde gjeva han nokor Greide paa det.

Seks Vikur etter dette ulukkelege Spilet fekk Roger ved eit Tilfelle fat i eit Brev aat Gabriella, skrive av ein Kadett, som syntest aa takka henne for alt det gode ho hadde gjort for han. Roger vart sinna og for paa henne med Hædingsord. Han som var so hard, eg veit ikkje um det bar so av, at han slog henne.

_ Evlaust, sagde han, hev denne Spretten gjeve deg mange Pengar? Det er det einaste dei held av, og du slengde deg vist burt aat den verste Ukjura, berre han var rik nok.

_ Kvifor ikkje? svara Skodespilarinna kaldt, men ... eg vilde ikkje stela fraa han.

Roger sette i ein Skrik i Storsinne. Han drog skjelvande Kniven sin og stirde eit Bil paa Gabriella med ville Augo. So samla han alle sine Krefter, kasta Vaapnet for Føterne sine og for ut av Romet. Same Kvelden gjekk eg helder seint utanfyri Bustaden hans, og daa eg saag det var ljost hjaa han, gjekk eg inn for aa laana ei Bok. Han hadde det overlag annvint med aa skriva.


-29-

Roger sagde, at fyrr han kjende Gabriella, hadde han ikkje vist kvat Kjærleik var.

Ein hollandsk Fregat kom inn i Hamni. Offiserarne gjorde eit Middagslag for oss. Me drakk alle Slag Vin, og daa Duken var burttekjen og me ikkje viste kvat me skulde taka oss fyri, for dei talar ikkje godt Fransk, desse Gutarne, so sette me oss til aa spila. Det saag ut til at Hollendaranne hadde mykje Pengar; og iser Fyrsteløytnanten, han vilde spila so høgt, at ingen av oss var huga paa aa vera med han. Roger, som ellest ikkje var van med aa spila trudde, at her galdt det um aa halda paa Landsens Æra. Han spila daa og sette so høgt, som den hollandske Offiseren vilde. Fyrst vann han, sidan tapa han. Daa dei hadde halde paa so eit Tak og skiftevis hadde vunne og tapa, skildest dei, utan at dei hadde gjort det Slag.

So gjorde me til Vedrlag eit Gjestebod for dei hollandske Offiserarne. Spila gjorde dei. Roger og Løytnanten kom i Lag att. I fleire Dagar hadde dei Stemne snart i ein Kafé snart umbord; dei freista alle Slag Spil og iser Trictrac ¹ ) og auka stendigt Innskotet, so dei tilslutt kom til aa spila um 25 Napoleonar i Kula. Det var ein uhorveleg Sum for slike fatike Offiserar som oss: meir enn Løni for tvo Maanar! Daa der leid ei Vika, so hadde Roger tapa alle dei Pengar, han aatte og meir enn tri hell fire Tusund Francs ² ), som han hadde laant av Per og Paal.

De tvilar kanskje paa at Roger og Gabriella tilslutt kom til aa hava Pung saman: det vil daa segja, at Roger, som nyst hadde fengje ein god Slump hadde lagt til 10 hell 20 Gonger so mykje som ho. Men han hadde til sit eigje Bruk berre tekje 50 Napoleonar. No hadde han likevæl vore nøydd til aa taka til denne Varavoni for at han kunde halda ved og spila. Gabriella kjærde seg ikkje eit Slag um det:

Hushaldspengarne tok same Veg som Lummepengarne hans. Snart laut Roger spila ut dei siste 25 Napoleonarne sine, han stræva


-30-

og gjorde seg fyri so Sveitten rann; difor vart Kula lang og i Tvilom. Det kom so vidt, at Roger med Blyanten i Handi ikkje hadde meir enn ein Kans for aa vinna. Eg trur, han maatte hava 6 og 4. Det var langt ut paa Notti. Ein Offiser, som lenge hadde site og sett paa dei spila somna tilslutt i ein Armstol. Hollendaren var trøytt og svevnug; og so hadde han drukke mykje Puns attaat. Men Roger han var vaken og nagga av den villaste Vonløysa. Det var Skjelte i han, naar han kasta Terningarne. Han kasta dei so hardt mot Brettet at eit Vaksljos fall paa Golvet. Hollendaren snudde straks Hovue mot Ljoset, det hadde skvottet Vaks paa
Klædi hans, so saag han paa Terningarne. _ Det var 6 og 4. Roger tok imot dei 25 Napoleonar, bleik som Dauden. Dei heldt ved aa spila. No gjekk det betre for min ulukkelege Ven, enndaa han gjorde det eine Miskastet etter det andre og spila som um han vilde tapa. Løytnanten vart stor paa seg, han tvidubla, tiedubla Innskoti: han tapa alltid. Eg synest eg ser han enno; Andlitet var so kvitt som Vaks.

Tilsltut stod han upp og hadde daa tapa 40,000 Francs, som han betalte utan at ein kunde sjaa den minste Uro i Aasyni hans.

Roger sagde: Det me hev gjort ikveld er ikkje noko aa tala um. De sat mest og sov; eg vil ikkje hava Pengarne dykkar.

_ De skjemtar, svara den rolege Hollendaren; eg hev spila overlag godt, men Terningarne hev vore imot meg Godkveld! og han gjekk sin Veg.

Dagen etter fekk me vita, at han hugsprengd yver sit Tap hadde skote seg ei Kula i Skallen paa Romet sitt, etter at han hadde drukke ein Bolle med Puns.

Dei 40,000 Francs, som Roger hadde vunne laag utbreidde paa eit Bord, og Gabriella stirde paa dei med ein vælnøgd Smil um Munnen. No er me rike lell, sagde ho; kvat skal me gjera med alle dei Pengarne?

Roger svara ikkje; han var som hugstolen, sidan den Tid Hollendaren døydde. Me skal gjera all Slag Galenskap, vart Gabriella ved. Pengar, som er vunne so lett, lyt øyddast lett au.


-31-

Lat oss kaupa ei Kalesjevogn og vera lagføre med Marinepræfecten og Kona hans. Eg vil hava Glimesteinar, Kasjemirklæde. Bed um Farlov, so fer me til Paris! Ho stana for aa sjaa paa Roger, som stod og stirde i Golvet og studde Hovue med Handi, han hadde ikkje høyrt paa henne og syntest aa hava myrke Tankar.

_ Kvat er tids, Roger? ropte ho; eg kann ikkje faa eit Ord av deg.

_ Eg er ulukkeleg, sagde han endeleg med ein saar Ank.

_ Ulukkeleg! Gud forlate meg, du hev væl ikkje Samvitsagg fordi du hev ribba denne store Mynheer? ³).

Han lette paa Hovue og saag paa henne med ville Augo.

_ Kvat gjer det, sagde ho, kvat gjer det, at han hev tekje det so syrgjelegt og hev skote det vesle han hadde i Skallen sin! Eg tykkjer ikkje Synd i dei Spilarar, som tapa; og det er daa betre at Pengarne hans er i dine Hender enn i hans: han vilde berre hava sløst dei burt med aa drikka og røyka.

Roger gjekk att og fram i Romet med Hovue luta mot Brjostet og Augo halvopne og fulle av Taarur. Det var Ynk aa sjaa han.

_ Veit du, sagde Gabriella, at Folk, som ikkje kjenner sitt æventyrlege Tykkje, lett kunde tru, at du hadde svike?

_ Aa um det var sannt? ropte han med tungt Maal og stadna framved henne.

_ Haa! svara ho og drog paa Smilen, du hev ikkje Skarpsinn nokk til aa svika i Spil.

_ Jau, eg hev svike, Gabriella; eg hev svike som ein Skarv, hev eg.

_ Ho forstod, at det nokk var altfor sannt, det han sagde, for han var so undarleg mjuk: ho sette seg paa ein Sofa utan aa laata det Slag: Eg vilde helder, sagde ho tilslutt saar i Maalet, eg vilde helder, at du skulde hava drepe tie Mann enn hava svike i Spil.


¹) Eit Slag Bretspil.
²) Ein Franc er paa Lag 71 Øre.
³) Mynheer er det hollandske Ordet paa Herre. Ums.