Aat Kvinnom i Samtalelagi.

 

Det er i den seinare Tid vortet meir og meir sedvanlegt, at Kvinnor faa vera med i Samtalelag. Sumestader hava dei endaa Valrett, so dei er med aa velja Styre og kann sjølv verta innvalde i Styret.

 

Me kann ikkje finna annat, enn at dette er Rett, daa Kvinna i alt, som det let seg gjera, byr hava same Retten som Mannen. Den, som trur, at Kvinna er av eit ringare Slag enn Mannen, han heve ikkje fylgt stort beter med Tidi enn Tyrkar og andre asiatiske Folkeslag, som enno halda uppe Mannens fullkomne Yverherredømme yver Kvinna som ei Religionsgrunnsetning.

 

Men det, som eg gjerna vil halda fram her, er, at den unge Kvinna byr gjera det, ho vinn, til aa hevda den Retten, som alle edle og rettenkjande Menner no um Dagen er samde um, at ho tilkjem.

 

Og det kann Kvinna gjera paa den Maaten , at dei Kvinneungdomar, som hava Hug og Lag til aa vera med i Ordkastet um emne, som er paa Tale i Samtalelagi, koma fram med sin Meining derum helst i Bladet, som vert skrivet i Laget. Ennvidare byr dei Kvinnor, som ynskja, at eitkvart Emne skal verta dryft i eit Møte, ikkje halda seg tilbaka, men setja fram Forslag um det og skriva i Bladet derum, um dei synast. Likaeins byr dei setja fram Forslag, um det er eikvar Bok, sym dei ynskja skal verta upplesi i Laget.

 

Paa denne Maaten vil Kvinna faa meir aa segja i Samtalelagi, um ho endaa ikkje er med i sjølve Ordkastet, som det vistnog vil taka ei god Tid endaa, fyrr ho vert med i.

 

(Dag).

 

Frå Fedraheimen 11.02.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum