Rispur.


Auditøren: Kjenner De denne Klokka, ho er funni i Reisekista Dykkar?
Arrestanten; Nei.
Auditøren: Før honom til Fengslet att.
Dagen etter. Auditøren: Kjenner De no Klokka att.
Arrestanten: Ja.
Auditøren: Kor morosamt det var. Aa kjenner De ho fraa?
Arrestanten: Hr. Auditøren synte meg ho igaar!

 
Guten: Bur det Menneskje paa Maanen, Far?
Faren: Ja, Guten min, og det er mange av dei.
Guten: Kor trongt det maa vera, naar Maanen berre er halv, daa.
 
 
Læraren: Korleids kunde Jonas faa Plass i Magen aat Kvalen?
Guten: Han var ein av dei smaa Profetarne.