Ubrukelege Lærarar?

 
Eg skreiv det i Fedrah. her straks paa Nyaaret, at det var ikkje nokon Faare, um slike fekk vera
Lærarar i Folkeskulen vaar, som var Dissentarar, dei kallar. No var det ein Andr. R . ute i Fedrah. og sagde det gjekk aldri an. Korleids skulde det ganga med Historielæra daa, um det t. D. kom ein Katolikk til aa verta Lærar? Og det er mange, som hev den same Otten.

Men kvifor hev dei daa ikkje meir Otte, so som det no er laga, daa dei ikkje veit um Skulmeistararne, kva Slag Trudom dei hev, anten dei held seg til nokor Tru elder ikkje? 
For det er so underlegt med desse Seminararne vaare, det vert so mange Fritenkjarar av dei, som er utlærde der. Men no maa dei halda so dult kva Meining dei hev i so Maate, og berre laast vera gode kristne og rette Trudomsmenn, berre for at dei skal sleppa aa missa Livebraudet sitt. Men vart det meir fritt med det, at kvar fekk visa si Tru og det vart Lærarpostar aa faa for slike, som ikkje i alle Delar heldt seg til Luttertrui, daa vilde alt slikt koma til Synes, og Folk fekk velja den, som dei likad best. For det er ikkje meir han gjeng ut paa den nye Loven skulde verta, enn at Folk skulde faa Lov til aa taka seg ein slik ein til Lærar, um dei vilde. Det vart ingen Tvang paa dei. Er det ein dugande Lærar og ein bra Kar i alle Maatar, so er det det same, anten han held seg til Lutter elder Paven, for daa kjem ikkje Historieundervisningi det Slag ved, det er mi Meining. Men er det ein, som brukar Historia berre til aa prova sine Sermeiningar i Tru og Kyrkjesaker, so segjer eg, han er uhøveleg til Lærar, um han aldri so mykje hev dei same religiøse Meiningar som eg sjølv. For ein Historielærar er ikke sett der til aa læra Borni upp anten i Dogmatikk elder i si eigi Syn paa Historia, men han skal leggja Stoffet so til rettes for Borni, at dei kann læra aa tenkja sjølve.

Det er ellest fleire Maatar aa taka Historieundervisningi paa. Det er sume, som berre driv paa og lærer fraa seg Namni paa Kongar og Keisarar og Aarstal og fortel um Stridar og Herferder. Det kann daa væl vera det same, um det var ein rein Heidning, som lærde meg det.

Sume tek helst for seg framifraa Menn i dei forne Tider og legg ut um dei, og tel oss til aa verta likeso gilde og trugne Karar som dei var. Daa trur eg det mest kjem an paa, at Læraren er ein bra Kar sjølv, og at han hev Kjærleik til dei han skildrar. Naar so desse Heltarne hans er gjæve og mønstergiilde Menn, so spyrst det ikkje so mykje um, anten dei heiter so elder so, anten det er Katolikkar elder Reformerte, for det er berre dette Læraren sigtar paa: aa faa Vekt ein Hug i Borni til sjølve aa stræva etter aa verta gjæve og dugelege Folk.

So er det andre, som tek Undervisningi paa den Maaten, at dei freistar aa finna Utviklingi og Samanhenget i Historia og leitar etter Orsakerne til ymse Hendingar og dømer alt, som tykkjest vera rangt og skakt baate ved Folk og Tilstand, og rosar og lastar til baade Sidur, utan aa draga fram einskilde Flokkar og segja, at det berre er dei, som det var noko ved. I dette Tilfelle kjem det ogso berre an paa, um Læraren er ein bra Kar. Er han Katolikk daa, so vil han ikkje berre lasta dei Reformerte, og er han av Lutters Folk, vil han ikkje berre rosa sine. Som no t. D. Reformasjonen; den vilde han ikkje sjaa paa berre fraa sin kyrkjelege Synstad, men leggja fram Kjensgjerningar og framstella baade dei gode og dei laake Sidur, all Stad freista aa finna baate Rett og Urett paa baade Kantar; for det veit han, at ingen Ting er so god, at han er fullkomen, og ingen Ting so ille, at det ikkje finst noko godt der.

Soleids tykkjest eg det maa vera greidt, at paa kvaslag Maate ein prøvar det, so spyrst det ikkje um, kva Trudomsgrein ein held seg til for Historieundervisningi sin Del, men einast um det er ein samvitsfull Mann og dugande Lærar .


E