[Tidender.] Fæl Daud.


Fraa Eikersund skriv dei i Egersundsposten. No siste Nyaarsaften hadde Tarald Kvalben i Eikersund treft saman med Gardbrukar Sem Eike fraa Eikersund Landsokn og Rasmus Tengelsdal fraa Bjørkrheim, som baade var gifte med Systerdøtterne hans; han hadde tenkt seg til aa vitja dei. Dei køyrde fraa Eikersund saman alle tri og alle var dei fulle. I Fystningi sat Tarald Kvalben paa eit Bordlass saman med K. Tenesdal; men daa dei kom 2 _3 Kilometer fraa Byen, gjekk han yver paa langkjerra hans Sem Eike. Paa Vegen trefte dei saman med ein annan Bordkøyrar, som og var full, og han slog Fylgje. Ved Tengsebrui vart T. Kvalben og Sem Eike etter; dei tvo andre køyrde fyre til ein Gard heiter Dyrsand. Paalag midvegs millom Fotland og Dyrsand trefte ein Tenestgut fraa Fotland honom Sem Eike. Han gjekk daa ved Sida av Kjerra og Hesten sin. Guten saag og noko, som han trudde var ein Sekk, som laag og slang etter Kjerra. Men daa han saag nærare etter, synte det seg, at det var ein Mannakropp, som hekk fast millom Sprinklarne i Kjerra etter det eine Beinet. Det var Tarald Kvaldben, som det saag so ut med. Med stor Møde fekk Guten lyft Mannen upp i Kjerra att. Han saag daa, at Trøya hans var sundrivi; men ellest trudde han inkje det vantad honom noko. So gjekk det vidare til Dyrsand, som dei naadde Kl. 8 ½ um Kvelden. Daa vart Tarald boren i Hus av tvo Mann, som budde der og R. Tengelsdal. Dei saag daa, at Tarald hadde eit stort Saar i Bakhovudet; Haar og Skinn var vekkskurat, so ein saag inn paa berre Beinet. Paa den eine Skuldri var burtrivet baade Klædi og Kjøtet, so ein saag like inn paa Skulderbeinet. Sjukingen talad sovidt at han sagde: Gud hjelpe baade meg og Dykk. Han vart lagd paa noko Halm ved Omnen, og Kl. 10 ½ um Kvelden var han daaen. Folki paa Dyrsand hev sagt, at Sem Eike var so full, at han korkje gjorde elder sagde noko, som det var nokor Greide paa. 
Etter som ein kunde sjaa paa Vegen, der dei hadde køyrt so hadde Tarald hanget i Kjerra paalag 2 Kilom. Han er no sett under Tiltale, fordi han saag so klent til med den ulukkelege; men han segjer, at han var so full, at han sansad ingen Ting.