[Tidender.] Mindre Eksis.


Det er innsendt eit Framlegg til Tinget, som gjeng ut paa, at Ungguteksisen skal kunna setjast ned til 30 Dagar, og at med 18 Dagar Aaret kann Gamlekararne berga seg.

Framlegget er underskrevet av Tingmennerne L. M. Bentsen, Foosnæs, Rinde, Sørum, Blekastad, Melhus, Sørensen, Wekselsen, Sveinsson, Sæter, Reierson, Berge.

Dei segjer som so, at Folk tek til aa krevja hardare og hardare paa det, at Eksisen vert minkad og Utgifterne til Herstellet avtekne, so mykje som det let seg gjera, utan at Landsverjingi fær Mein. For det er so trongt for Arbeidsfolk no, at dei treng faa ei Letting.

Og so gjeldst det um, at Herstellet fær vinna seg noko meir Kjærleik og Samhug allvist hjaa Ungdomen, daa fyrst kann ein lita paa det, naar det vart Aalvor. Men daa maa alt dette gagnlause Paradestellet leggjast burt. Og gjer ein det, daa kann ein stytta vonom meir paa Eksisen. Den Hagleiken, som det trengst um, vert meir einfengd, og lettare aa næma og læra. Gutarne vil faa meir Hugnad i aa eksera, Lydnaden vert betre og Tidi vert betre nyttad.

Og fær Folket fyrst rett Liv i Hersaki, so vil ogso Herøvingar snart koma inn i Skulen.

Ei stor Vinning var det, um Ungguteksisen vart lagt meir uppi Heimbygderne, anten tinglagvis elder for større Krinsar.