Or ei Kallsbok.


(Slutt f. f. No.)
 
(Del 2 av 3. Fyrste delen.

Um den andre Gordspresten (J. L.) staar det ikkje mykje i Kallsboken; han var her fra 1852 til 1876, daa han fekk Avskil. Um han staar berre dette: Sogneprest J. L. omtales af Almuen som en venlig, omgjængelig og overmaade medgjørlig Mand. Naar det vert understreka dessa tvau Ordi, so er det Sanning alt ihop. Han let kvar faa gjera, som han vilde. Men stundom vil det vera væl so høveleg aa staa imotStraumen, naar den gaar den galne Vegen. Mannen er no yver aatti Aar; han høvde kanhenda til Tidi og Folket, som daa var. Og det tor henda, at Domen yver hans Liv og Verksamheit ikkje vert so streng som yver den fyrste. Eg skal ikkje segja meir.

Den tridje, Forfattaren av Kallsboki, A. E. var her fraa 1876 til 1882. Det staar i Kallsboki, at mykje vart annerleids i hans Tid. Eit Par Hus paa Prestgarden vart umvølt, ein liten Hagje stelt till ny Vedkjørsel til Prestegaarden anlagt (paalag 20 Alner!), Bygnaden bordklædd og Eldhuse tekt med Hellur _ fyr Laan paa Embætte. Det vart i hans Tid 2 Skulelærarar meir i Gjelde, og Skuleborni skulka ikkje so mykje som fyrr. Meir fær me ikkje veta um han sjølv.

Men det er ein Hugnad aa sjaa, kva denne Mannen, som dømde so mildt um sine Fyremenn, har aa segja um Gordingarne. Han skriv millom anna;

I det hele taget maa Hallingen siges at være et baade i aandelig og legemlig Henseende kraftigt Folkefærd. De er livlige og begavede, lærvillige og modtagelige for Paavirkning. _Naar Hallingen behandles paa en kjærlig og høflig Maade, er han medgjørlig og godslig. Faar han imod nogen, det være med eller uden Grund (?), bliver han stiv og stridig, hensynsløs og hevngjerrig (?). I Handel er han slu (?) og beregner godt. I sine Bemærkninger er han ofte træffende og kløgtig, Med Hensyn til Charakter og Temperaments Beskaffenhed er der ikke ringe Forskjel mellem Befolkningen i Hovedsognet og Annexet. Hemsedølerne er rolige, besindige og fredsommelige, men ogsaa mere nøieregnende og mere paapassende med Hensyn til Udgifter. Golingerne er heftige, stridslystne og mere flotte i Levemaade. _Ved Gjestebud, især i Brylluper og ved Høitiderne, fornemmelig i Julen lever man temmelig overflødigt med Mad og Drikke; ellers i Regelen tarveligt og nøisomt. Hallingens daglige Kost er dog i det hele taget temmelig kraftig. Tilbøieligheden til stærke Drikke er ikke lidet fremtrædende og i beruset Tilstand forekommer hyppigst fra Hallingens Side de sædvanlige Udskeielser og Voldsomhed, saasom Slagsmaal, Knivstik etc., idet da Hidsigheden og Hevnlysten bryder løs. Hallingens værste moralske Fiende er Drukkenskab, Utugt og Pengebegjærlighed(?). En udpræget Selvfølelse, der mangen Gang udarter til Stolthed, Stivhed og  Selvgodhed(?), har han tilfælles med alle vore Fjeldbønder _.

Som ein ser, brukar Presten her eit kraftigare Spraak; det er liksom han ikkje kann finna sterke Uttryk nok. Ein fær ein Teft av, at Aalmugjen har hardare Hud, so han ikkje her tarv lena paa Slage, men kann draga aat det han orkar. Hi sterke Kjempa av ein Prest, som brukte corporleg Refsing, so han mest slo Folk ihel, men lell vart elska, og den andre yvermaateleg medgjørlege Mann, som let kvar gjera, som han vilde, dei kann han handsama so fint og so lint og mjukt, som var han rædd, dei hellest kunde gaa sund millom Fingrarne hans. Endaa Presten tok groveleg imist, naar han skildrar Hallingen, eg likar lell betre hans harde strenge Dom enn denne Leikingi med Fyremennom hans, der han ikkje kann nemna Tingen med sitt rette Namn. Presten har verka her i 6 Aar, og lell kjenner han ikkje Hallingen. Som Bymann har han dømt, og difyr teikna eit Bilæte, som med smaae Brigde kunde passe paa alle Prestegjeld i Landet.

Han ser ikkje Skilnad paa, kva Hallingen varog kva han er. Han varvill, raa, balstyren og hugad til Slagsmaal og Drykk. Men hadde han lært noko anna av Prestom sine? Det vert Sanning her det gamle Orde om Herren og Sveinarne: Det var i lang Tid ikkje verre Hus til enn Prestgarden. I den Tidi vart Aalmugjen handsama som ein Træl. Var daa nokon, som ikkje gjekk av Vegen, naar dei Store kom køyrande, so vart han kalla raa, stiv, o. s. fr. Fjellbonden er stød, heldt Ord, er faamælt, men hugsar godt; og no krev han, naar han møter Bymannen, halv Veg; men daa vert han karakteriseria stiv, stridig, hensynsløs og hevngjerrig.

Det er eit Drag i Folkelynde, som Presten ikkje hev fengje Tak i, og so glepp det alt og vert berre Tull. Hallingen er som flestalle Fjellfolk innesluttad, faamælt og mistenksam, serleg mot alle Framande. Han kann løyna seg so godt, at kanhenda ikkje eigong Grannen hans rett skynar han. Det hekk ihop med di, at han har vokse upp i tronge, snøve Forhold. Det er, som hadde Fjelli, som stengjer paa alle Kantar og klemmer Bygdi samen i smaae Grender elder einsløngde Bruk, og klemt Folke og gjort det faamælt og trongsynt. Dei, som sjeldan svallar ved Folk, sjeldan opnar seg fyr andre, vert ofta mistenksame mot andre. Ein ser detta hjaa Dummingom: Dei trur, alle svallar um dei. Fjellbonden har lengje lide under det, at alle Byfolk finn aat dei. Byfolk trur dei er dumme; nei nei er berre trongsynte, har lite lært, lite 
set. Fjellbonden hugsar godt; der Raaskapen sit atti, der kjem væl i Fylla og mangt, som av andre var gløymt. Detta kallar Presten Hemngirugskap. Hallingen er ikkje hemngirug, men han har vakna upp til meir Sjølvkjensla, so han ikkje lenger let seg handsama som ein Hund. Presten H. tenkte seg vist til aa kunna fara aat med Gordingom, som han vilde, allvist i Pæingvegen. Det gjekk ikkje, og so vart han harm, reiste sin Veg og slengde etter seg dessa Ordi: stiv, stridig, hemngirug.

Korleids fyreheld det seg med Prestens Tale um Hallingens værste moralske Fiender: Drukkenskab, Utugt og Pengebjærlighen?

Drukkenskab! Det er ein Bygdaskikk, som Presten har set seg blind paa, at Hallingen, naar han fær ein Dram formykje, ikkje sit roleg, men gjeng ut, spretter seg, hugar og skrik. Eg torer segja, at det er ikkje mange Stad i Lande, det vert drukkje mindre enn i Hallingdal. Hallingen kann drikka dugeleg i ei Helg, i eit Lag, men kanhenda hellest ikkje smaka Brennevin heile Aaret. Her er usædvanleg faa eigenlege Drikkarar. Det vert drukkje mykje meir i Husom hjaa dei Store t. d. Øvreheiti og Storingom paa Nes, so Presten ikkje burde neisa Hallingen fyr Drukkenskab, alvist ikkje nofyrtiden.

Utugt! Her er det Nattelaupingi, som Presten kallar Utugt. Nattelauping er ein stygg, raa Skikk, det er vist og sannt; eg skal vist ikkje forsvara han. Men at Lauslivnad skulde vera eit Sermerkje paa Hallingen, er Usanning. Eg skal berre nemna, at her er faae Tausungar (uægte Born), og det er oftast Gjentur, som har tent i Byom, som kjem heimatte framlæst, som ein Mann kalla det. Det er fraa Byom baade Lauslivnaden og Drukkenskapen kjem.

Pengebegjærlighed!Det er ogso her Bymannen, som har dømt rangt, fordi han ikkje kann gjera Skil paa Sparsemdog Girugskap. Folk maa her træla, slita og slæpa fyr kver Skilling; vert ein Storkar, er han snart Fant. Alt er smaatt og vesalt; skal ein hava so mykje tilovers, at han kann greida sine Skattar og andre Utreidslur, lyt han nok spinka og spara alt han orkar, um det ikkje skal bera den galne Vegen. Det vore væl, um det vore lite meir Sparsemd, enn det er, baade hjaa Høg og Laag, so vore det lite minder Armod.

Det er hellest ein underleg Lagnad, at det er denne Presten, som neiser Hallingen fyr Girugskap. For det gaar det Orde her i Bygden, at han var umaateleg sli etter Pæing. 
Tjuv trur alle andre stela, og Presten meiner, Gordingen er girug! Um denne Man-nen gaar det mang ei morosam Histori. Han laag heile Tidi i Strid med Folk _ um Pæing. Det andre Prestar ikkje hadde kravd, det kravde han. Han ligg endaa og søkjer Folk etter Offer av Korfolk, som aldri hev vore betalt. Han tok til aa vilje hava Offerskjeppa av alle serskilde skyldsette Smaalapper, sjølv um dei aldri hadde vore bygd. Han vilde hava 16 Mrk. Smør (Offerskjeppa i Hemsedal) av Sjølveigarbruk, som støtt hadde vore vane ved aa betala to Mark (Arbeidsdag). Han reikna Tiendesettungen ved Umsetningi til det nye Maale til 10 _ tie _ Liter. Han trætta med Brudfolki om Bitalingi, so mange var nøydde til aa taka Viels paa ein Sundag (etter Loven). Han kravde 9 Skilling fyr ¼ Mark Smør, 12 fyr ½ og 18 for 1, naar det vanta lite, men var snøgg til aa takka fyr god Vegt, naar dei var 1 _2 Merker yver. Han gav Tenestfolki lite Mat, men vilde hava mykje Arbeid. Han kravde Betaling fyr Papire, naar ein skulde hava ei offentleg Attest. Han torde ikkje kjøpa seg ein Kop Kaffe, der han kvilte paa Reisa til Hemsedal, men hadde kokt Kaffe med paa ei Flaska. Han krangla med Heradsstyre um Likningi, daa dei hadde sett, at han aatte 10,000 Krunur, og han aatte kannhenda 10,000 Dalar. Denne Prestemannen skuldar Gordingen fyr Girugskap! Men det er ikkje slutt endaa: Daa ikkje Folk vilde gjeva honom meir, enn dei trudde, han skulde hava, la han Sak mot fleire i Hemsedal og Gord um Offerskjeppa. Han tapte baade ved Underretten og ved Høgsterett. Gordingen er stiv, stridig, sli etter Pæing, _ ja det passar væl paa ein, som fyr nokre Aar sidan var Gording, men no er ein annan Stad. Paa dei Gordingarne, som er atte, passar det slet ikkje.
 
( Meir.