Tidender.

 
Kristiania, den 20de Februar.

Stortinget ser ein aldri noko større ifraa dei fyrste Vikurne. Dei hev nok med aa taka imot fraa Regjeringi og samraadast um Lovframlegg og anna, som maa vera innsendt i fyrste Delen av Februar. Og so er det daa Arbeidet i Komiteen, som dei hev aa stella med. Me hev nemnt nokre av Framleggi, her skal me melda um nokre fleire:

Lækjar (hev voret) Chr. Vidsten søkjer um Kr. 400 til aa granska Maal paa Vestlandet. _ O. J. Høyem søkjer um, at Staten skal kaupa Restupplaget av Bibelsoga hans (500 Stykkje) for 1000 Kr. til Umdeling millom Skulelæraranne (innsendt av L. M. Bentsen, Berner m. fl.) _ O. J. Høyem sender eit Framlegg um offentleg Bruk af Folkenamn i heimlege Former (innsendt av Liestøl), og likeins eit Framlegg (innsendt av Liestøl) um Namn og Jordvidd aat Husmannsplassarne. _ Jurynemndi hev sendt inn Framlegget sitt. _ Advokat Mejdell sender ogso eit Framlegg um Jurysaki. _ Blackstad, Roll og Motzfeldt vil hava umbrigda Loven um Riksretten. _ Berner vil hava Stortinget til aa godkjenna ei Utgaave av Grunnloven. _ Hvamstad, Blilie, Blekastad og Mustad søkjer um, at der skal byggjast Jarnveg fraa Kristiania gjenom Gudbrandsdalen til Romsdalen.


England. Parlamentet vart opna um Torsdagen. Gladstone hadde skrivet til kvar iser av Vinstre og bedet dei møta fram, daa han hadde vigtuge Saker aa leggja fram for Tinget denne Gongen. Føraren aat Høgre hadde og skrivet til Tankefrendarne sine og bedet dei møta fram alle som ein.

Vinstre i England er usamde um korleids der skal farast fram i Sudan. Ein Flokk, som hev Charles Dilke til Førar, vil at England inkje skal leggja Vaapni sine, fyrr dei hev tuktat Mahdien; men Chamberlain og Flokken hans held paa det, at England for galet fram, daa det blanded seg i Striden i Sudan, og at det no gjer rettast i aa taka Krigsfolki sine derifraa so snart som mogelegt. Det er og mange, som meiner, det er faarlegt aa senda Krigsfolk fraa India til Sudan, daa dei trur at det inkje er fleire Soldatar enn det trengst der i Landet.


Krigen i Sudan . Engelskmennerne skal no leggja ein Jarnveg millom Suakim og Berber. Arbeidet skal byrja straks, so Krigsfolki skal hava lettare for aa reisa heimatt, naar dei hev gjort fraa seg Herferdi til Sudan.

Siste Telegrammi melder, at Engelskmennerne den 14de Februar rømde fraa Gubat attende til Abu Klea. Kanskje kjem dei til aa draga seg til Gakdul og, daa det skal vera meire Vatn der. Dei segjer, at Mahdien kjem mot Metemneh med 50,000 Mann og mange Kanonur. Metemneh og Gubat ligg nære kvarandre, og Styringi i England hadde paalagt Krigsfolki i Sudan aa taka Metemneh; men det vert det no inkje nokot av for det fyrste, ser det ut for.
 
 
Krigen i Tonkin . Det gjeng framleides godt for Franskmennerne i Tonkin. Siste Telegrammi melder, at dei hev øydelagt tvo kinesiske Krigsskip med tilsaman 33 Kanonur og 750 Mann.
 
 
Rusland. Det ser ut for, at Rusland trur, at det orientalske Spursmaal, (Spursmaalet um, kvat som skal gjerast med dei Land, som Turkiet no eig) snart skal koma paa Bane att, og det bur seg til so godt det kann, for aa faa ha eit stort Ord med i Laget den Dagen. Dei held soleids no paa med aa byggja baade mange og store Krigsskip i Svartehavet; Sebastopol skal vera Hamn for Floten paa den Kanten. Dei bygg og nokre Krigsskip ved Østersjøen. Rusland strævar i det heile etter aa verta ei Stormagt tilsjøs, og det hev dugande Menn til aa stella med Floten, so det er Von um, at det snart er megtugare paa Sjøen, enn det nokosinn fyrr hev voret etter Krimkrigen.


Turkiet. Daa Turkiet fekk spurt, at England hadde gjevet Italia Lov til aa taka eit Landstykkje ved Raudehavet, gav det Order til, at Krigsskipi skulde letta Anker og sigla gjenom Suez-Kanalen. Men korkje England elder Italia bryr seg noko um det, daa Krigsskipi hev leget paa Hamni ved Stambul i mange Aar utan noko Slag Tilsyn, so dei no er mest ubrukelege.


Kronprinsparet reiste til Stockholm att no um Onsdagen.


Præmivinnarar ved Skirennet:

1ste Præmi, eit Staup verdt 100 Kr., Mikkel T. Hemmestveit, Telemarki.
2dre _ Kristian H. Jessen, Kristiania.
3dje _ Torjus T. Hemmestveit, Telemarki.
4de _ Peder H. Grøttum, Sørkedalen.
5te _ Wilhelm Nikolaisen, Kristiania.
6te _ Edvard L. Lillehagen, Bærum.
7de _ Gerhard Mathisen, Kristiania.
8de _ Svenning Svenningsen, do.
9de _ Karl Knudsen, do.
10de _ Sigurd Gotaas, do.

Ialt var det Præmiar for 400 Kr., og endaa var det 3 Attpaapræmiar.


Fine Folk . Frøken Ida Wedel-Jarlsberg var for fin til aa eta Middag hjaa Statsministar Sverdrup saman med Kronprinsen og Kronprinsessa. Baade Kongen og Kronprinsparet bad so mjukt dei kunne um, at ho skulde vera med; men det hjalp inkje. Og Høgrebladi fortel og, at Far aat Gjenta heldt med henne og gjorde soleids sitt til, at Folk no lær baade aat Far og Dotter. No er Gjenta reist til eit Bad i England, og det kann nok trengjast, at ho kjem ut og fær læra Folkeskikk.


Telefon paa Preikstolen . Ein svensk Fabrikant hev søkt um Lov til aa leggja ein Telefonstreng til Visby Domkjyrkje, so at dei, som ikkje kann koma til Kyrkja, kann sitja heime og lyda paa Presten, medan han talar i Kyrkja.


Fraa Gamletidi . I 1877 fann dei i Rayun, Millomægypten, 30,000 Papyrusrullar. Dei trur det er Resten av eit stort Bibliotek hev voret. Dei eldste Rullarne er fraa 489 før Kristus og 
dei yngste fraa det 10de Aarhundradet etter Kristus. Ein skal der finna Greide paa mangt som ein inkje fyrr kjende til um det gamle Ægypten. Eit Stykkje av Bibelen skal der og vera, og det det eldste, som er funnet. Erkehertug Rainer i Austrike er det, som no eig Samlingi, og ein dugande Mann, Professor Karabatschok i Wien, held paa aa granska ho.


Mordfreistnad i Kyrkja. Ein Arbeidsmann i Armidale, New South Wales, skaut paa Bispen medan han stod ved Altaren, men raakad inkje. 
Det synte seg sidan, at Mannen var sjuk av religiøst Vanvit.


Diamantar for paalag 4,500,000 Krunur, vart det utsendt fra Kaplandet i November Maanad f. A.