[Tidender.] Kyrkjelegt Sjølvstyre

 
vert det arbeidt paa no mange Kantar av Landet. Den nye Statsskikken sette Liv i Høgreprestarne Landet rundt. Daa Sverdrup var vorten Ministar vart dei var det, som dei aldri fyr hadde havt ein Tanke um, nemleg at Kyrkja trengde Sjølvstyre. Det var inkje som det burde dette, at Staten skulde hava Bugti og baade Endarne i Guds Kyrkja, som trengdest meir Fridom.

Sjølvstyre _? ja, ettersom ein tek det til. Det er no inkje det Heuch og dei Kararne legg i det Ordet, at kvart Kyrkje-medlem skal vera med aa avgjera Saker, som kjem Kyrkja ved. Nei, men Prestarne skal faa den Magti, som Staten hadde fyrr, so hev Kyrkja _ _ Sjølvstyre. Kyrkjefolket skal ellest og liksomfaa noko Magt; men det skal gjerast so godt kring Presteveldet, at dei inkje fær fram stort meir enn det Prestarne gjev dei lov til aa faa fram.

Naar Høgreprestarne set seg noko i Skallen, so er det Gutar, som legg seg i Selen for aa faa det fram, det veit alle, som kjenner til, korleis Selmeradressurne vart til og dei politiske Preikurne fraa i fjor, og likeeins Arbeidet for Prestevelde iaar.

Kyrkjemøtet her i Kristiania i fjor, gjorde Vedtak um, at det skulde haldast eit Møte i kvart Stift av Utsendingar fraa dei ymse Sokner, og dei skulde daa segja si Meining um det, som Møte her i Kristiania hadde komet med Framlegg um, og likeeins skulde dei velja Utsendingar til eit nytt Kyrkjemøte. Naar no denne Tanken hadde vortet fylgd heilt, so vilde me fenget fram ei Folkemeining, og alt vilde voret til Nytte; men Prestarne utyver landet tok det paa den Maaten, at Utsendingarne paa Lag skulde segja ja og Amen til det, som Kristianiamøtet hadde vedteket. Dei kallad saman Soknefolket; men, ettersom Meldingarne lyder fraa fleire Stader, so fekk inkje Folk eingong Lov til aa halda Ordskifte um, anten det skulde veljast Utsendingar elder inkje, dei skulde berre velja _.

Men no er Saki den, at Fleirtalet Av Folket gjerne vil hava meir kyrkjelegt Sjølvstyre; men dei trur inkje dei kann faa det ved aa faa eit Prestestyre. Daa dei difor saag, korleis Prestarne for fram, so gjekk dei sin Veg og var inkje med i noko Val. Berre nokre faa av Venerne aat Presten var med og valde. Stundom kunne det kanskje naa upp til paalag 50 Mann, men ofte var det berre 20 elder 10, og stundom var det so faa, at dei inkje kunne velja nokon. I det Tilfelle valde Presten jamnaste seg sjølv.

Av Utsendingar, som er valde paa sovoren Maate, hev det no voret haldet 4 Stiftsmøte, der dei hev tolkat sin Samhug med Kristianiamøtet for i fjor og valt Utsendingar til eit nytt Kristianiamøte. Det siste av desse Møti vart haldet paa Hamar no ein av Dagarne. 4 Prestar og 8 Lægmenn vart valde til Utsendingar derifraa.

Det kann henda, at Prestarne liver i den Trui, at Stiftsmøter, som er komne istand paa slik Maate, skal kunna hava nokon Innverknad paa Stortinget, naar det skal taka for seg kyrkjelege Lovar; men dei kjem til aa gjera Rekning utan Vert. Folk kjenner so altfor godt, korleis Møti er komne istand, og til det kjem, at dei, som inkje var med aa valde til Stiftsmøtet, dei er det truleg, som gjer Utslaget, naar det skal veljast til Ting, so dei gode Herrarne kann slaa fraa seg Tanken um, at Tinget gjeng med paa aa innføra større Prestevelde i Kyrkja, enn der alt er, _ no for det fyrste iallfall.

Fraa ein annan Kant vert det og arbeidt trulegt for aa faa kyrkjelegt Sjølvstyre; det er det vestlandske Reformparti . Dei hev nyleg haldet eit Møte i Bergen, der paalag 1000 Menneskje var tilstades. Dei uttalad i det store og heile Tilslutning til Framlegget hans 
Jakob Sverdrup um Menighedsraad og Prestevalg. Vestlandet i det heile er mest for Sverdrups Framlegg, og dei hev god Von um aa faa fram det dei vil, berre dei inkje forivrar seg, so dei øydelegg sitt eiget Arbeid. Paa 
Austlandet og ymse andre Stader, er, etter dei Meldingar me hev fenget fraa ymse Bygder, Saki endaa so lite kjend, at det ettersom fleire Vener av Sverdrups Framlegg meinar, inkje er raadelegt aa setja den upp som Valprogram alt iaar.

Men me vonar, at det inkje vert mange Aar til, fyrr Kyrkja, inkje berre Prestarne, fær stella med det, som høyrer Kyrkja til.

Vestlandspostensegjer, at Styringi hev teket Jakob Sverdrups Framlegg upp paa sitt 
Program. Me hev inkje set noko til det andre Stader; me hev berre set, at Framlegget er skrivet av Jakob Sverdrup og gjenomset av Blix. Dersom heile Styringi tek det upp paa sitt Program iaar, so vaagar ho formykje. Det me iaar fyrst og fremst hev aa gjera, det er aa verja Parlamentarismen. Ser me oss so Raad til aa faa inn kyrkjelegt Sjølvstyre med det sama, so vilde det vera so mykje betre. Me hev mange Saker, som burde fram; men det gjeld um, at me er varlege, og at me inkje køyrer for fort.