For seint ute.


(Av Arne Garborg ).
 
(Framhald).

(Del 2 av 5. Fyrste del.)
 
Naar ein Nordmann er ute og ferdast, tenkjer han som so: du finn altid ein Baat, som gjeng til Kristiania. Men Knuten er, at det finn han ikkje altid.

Millom Hâvre og Kristiania kann du koma ein Gong fjortande kvar Dag. Millom Antwerpen og Kristiania like eins ein Gong andrekvar Vika. Men no er det so væl stelt og so sløgt uttenkt, at dei tvo Baatarne gjeng nokonlunde samstundes. Den eine Vika gjeng det altso tvo Baatar millom Kristiania og den Kanten av Fastlandet, den andre Vika gjeng det ingen. Og so kann du ikkje eingong lita paa, at Baatarne gjeng etter Ruten.

Eg kom til Antwerpen um Onsdagen den 3die Juni. Men der var ingen Baat. Det var ein, som skulde ha gjenget den 28de Mai, men som eg visste ikkje hadde voret der daa; den tenkte eg so smaatt no kunde vera komen. Men nei. Det gjekk ikkje Baat herifraa til Kristiania fyrr den 11te Juni. So lengje var det ikkje Tanke for meg um aa drygja; eg fekk draga til Amsterdam, og det strakst. Med Udstillingi fekk det vera som det kunde; eg fekk sjaa litt paa Konsta, og dermed laut eg vera fornøgd. Eg hadde tapt ein 
Dag i Paris, og den galdt det no aa spara inn att.

Nei, so fekk eg vita, at det ikkje gjekk Baat fraa Amsterdam fyrr um Laurdagen. Laurdags Kvelden den 6te Juni. Kva kunde det so nytta aa hasta? Eg kunde likso godt liggja her som i Amsterdam.

Det gjorde eg daa. Dei fekk segja kva dei vilde der heime; eg kunde ikkje stiga lenger enn eg var kloven. Taka Jarnvegen upp gjenom Danmark hadde eg ikkje Raad til, og ikkje vilde eg helder, so varmt som det no var.

Ja du kann tru det var varmt. Kom ein ut paa Gata, laag Soli yver Nakke og Aksler med ei Steikjing og Gløding, so det kjendest som ein skulde gaa under ei vond Tyngd, som vilde klemma ein i Kne. Eg gjekk og drog etter Pusten som ein Fisk paa Land, drakk Isvatn av alle Slag og undrast paa, um eg ikkje skulde faa Solstyng. Uppi Utstillingi var det verst. Eg sveittad som ein Sil og kunde knapt halda uppe Augo.

Norig hadde fenget ein fælt god Plass i Kunstavdelingi; og dei, som forstod seg paa det, sagde, at det svarad plassen sin nokso godt. Eg for min Part totte det var fint og gildt mest alt i hop. Med det same ein kom inn, sat Amund Helland rett imot ein, so livs livande med sin fæle Hatt og den løynske Smilen, at ein mest kom til aa helsa paa han, og so kjende ein seg heime med ein Gong. Sidan var det Bilæte paa Bilæte med norsk Natur og norskt Liv, ærlegt framsynt, friskt og modigt. Men naar ein hadde voret i dei andre Avdelingarne og so sidan kom inn i den norske att, saag ein, at Norig er eit fatigt land. Alle Bilæti var so smaae, so knapt tilskorne, so knipne. Maalaranne vaare hev nok ikkje Raad til aa maala paa store Dukar. Dei maa knipa sine Tankar inn paa smaae Rom, for Duken er dyr, og Raama er dyr, og det er nok ingen her heime, som kjøper Bilæte, naar dei er dyre.

Takke til, at dei kjøper, naar dei er billege. Dei fleste gjeng nok berre ned paa Maleriauksjonen og kjøper seg eit Stykkje Skog elder Sjø for 20 Kronur elder so. Um det er godt elder laakt, det kann vera ytt som bytt for den norske Intelligensen. Mengdi likar kanskje eit Bilæte alrabest, naar det ser ut som eit Oljetrykk. Den store forgylte Raama er i alle Tilfelle Hovudsaki; ho fyller so godt paa Veggen.

Og so kann ein gaa ned til Vollmann og faa seg ei Athene i Gips til Skrivebordet og Kronprinsen og Kronprinsessa i Terrakotta for 5 Kr. Stykket til aa setja paa Piedestallen elder Hyrnehylla. Dermed hev den upplyste Del av nasjonen so mykje Kunst, som den treng.

Og Folket...

Av Skulpturarbeid var der tvo i den norske Avdelingi. Og dei var ikkje store dei helder. Dei var ikkje større enn at det kunde vera Von um, at Nasjonalgalleriet elder Kunstsamlaget kunde hava Raad til aa kjøpa dei. Og so kann ein sjølv tenkja. Det eine av desse Bilæti var Skeibroks Træt. Naar ein ser paa denne stakkars Gjentungen, som sit der og søv yver den kvasse Stoleryggen, so uttrøytt og arm, at ho ikkje kannhalda Augo uppe lenger, so ser ein, korleis Folkethev det. Det er det jamne seige Slit for aa liva og slaa seg igjenom, det; stort meir vert det ikkje. 
Modige Maurar dei, som ofrar seg for Kunsten i dette land! for stor Takk kann dei ikkje venta, og stor Takk fær dei ikkje helder. Det er Gjeld og Sveltihel for dei fleste, og so er der kanskje hundrad Mann i Landet, som bryr seg um det dei gjerer, og kanskje tie, som forstend det. _

Eg gjekk der inne i den lumrande Varmen, til dess det tok til aa svimra for meg; so maatte eg ut. Um Kvelden var eg paa Scala og Eden og Palais Indien og andre slike Stader, saag paa Akrobatar og Songarar av baae Kjøn og drakk tyskt Øl, som ein ikkje vert full av, men berre tung. Eg var aaleine og likad meg so midt i Lag. Nordmenn saag eg baade her og der, men ingen, som eg kjende.

Dagen etter tok eg Industriutstellingi. 
Det var like varmt, elder endaa verre. Ein maatte søkja Skuggen, dersom ein ikkje vilde braana reint burt. Og det var her som andre Stader: di heitare det er, di mindre er det av Skugge. Bakvendt skal det vera! Inne i Utstillingi var der som i eit Dampbad.

Eg gjekk gjenom mange Land, fyrr eg fann Norvège. Det var Norig, Sverig og Danmark i eit Rom, berre skilde fraa kvarandre med smale Gangar og Flag; Norig var fremst. Litt klemd um Bringa var eg, daa eg gjekk inn: kva kunde væl vesle Norig ha aa visa fram i slikt eit Storheimsstemne?

Jau, me hadde Brennevin. Ingji Naud med Norig, so lengje det hev Brennevin! Og so Øl. Brennevin og Øl. Skaap etter Skaap med Flaskur, og so naturlegvis han Guten med Pinnhuva, han som sit og rid paa eit Anker og hev ein Dunk under kvar Arm; han hev visst voret paa alle dei Utstillingar, som nokon veit aa nemna. Av Tre er han utskoren, og som ein Tremann ser han daa og ut. Dei maa liva lystigt like væl der uppe i det Islandet Norig, tenkjer væl Utlendingen, naar han ser alle desse Skaap og Reisverk fulle av svarte tunge Flaskur med underlege Merkesetlar i kalde Fargar og utstasad med rare Figurar og Krot. Men me hadde andre Ting. Me hadde Hestskosaum. Den var ikkje ille. Og me hadde Tremasse. Tremasse paa Flaskur, saag fælt rar ut. Karjolar veit eg ikkje um eg saag. Men eg saag Smedarbeid, som ikkje var verst. Det kom burt, naar ein liknad det i hop med Smedarbeid fraa Belgien, England elder Amerika; men det leet seg daa sjaa paa. So var det utstilt hyvlad Bord; dei luktad so friskt og godt av Furu. Og Peltsverk! Det saag noko armt og glanslaust ut mot t. D. russiskt; me kann væl ikkje laga det so fint til; men det maa me kunna læra. Nei, nei, at me ikkje sender eit Par hundrad av dei beste Arbeidskararne, me hev, til kvar einaste slik Utstilling, so dei kunde faa sjaa, kor mykje me hev att aa læra av alle Slag! Det er for Folk som oss, at slike Framsyningar skulde gjera mest Nytte.

So lengje gjekk eg og saag paa desse norske Utstillings-skaapi (Montrer), til eg totte det var vondt aa faa Pusten. Dei var so laage! laage og tunge og nedklemde og klumpne; der var ikkje Reisning i dei! Det var som naar ein kjem til Kristiania fraa ein utanlandsk By; ein tykkjer alle Husi ligg paa Kne. Det vantar ei Høgd paa dei. Dei stend so krukne og modlause, vaagar liksom ikkje aa retta Rygg; ein fær skil Hug til aa lyfta paa dei, kjeika dei upp. Det ser ut som Tanken hadde voret aa byggja dei store; men so, naar Byggmeistaren kom til andre elder tridje elder fjorde Høgdi, so var der ikkje meir Pengar, og so maatte han leggja Tak paa halvferdigt Hus. So paa Lag var det med desse Skaapi. Dei stod og krukte og gjorde seg smaae, vaagad ikkje aa retta Rygg; solide var dei, so dei kunde staa seg for ei Kanonkula, men halda seg frie og rake, det kunde dei ikkje. Det var som dei ikkje rett visste, um dei torde vera her millom so mange fine Skaap fraa andre Land. Eg gjekk ut meir bringeklemd enn eg kom inn. Langt fram, langt fram, sagde eg for meg sjølv; gamle Norig er stort, men Kulturen vaar, den er liten. _

Det var ikkje utherdande lenger i Bygningen; eg maatte ut og faa meg noko med Is i. Men fyrst gjekk eg innum til ein Tyrk og kjøpte meg eit Cigarett-Munnstykke; det skulde vera liksom til eit Minne. Og enno hev eg ikkje kastat det burt. Det er sælt fint: Munnspissen av (falskt) Rav, Resten av forgylt Metal med mykje Krot; under heng eit litet forgylt Lekkje og ein Halvmaane. Som eg var ferdig med denne Handelen, kom det drivande ein katolsk Prest. No gjeld det aa vera fin! tenkte nok Tyrken; han drog fram or Skaapet sitt eit stort Krucifiks, som han vilde hava Presten til aa kjøpa. Det var gilde Greiur: Krossen var svart, polerat Tre, og Kristusbilætet av Elfenbein. No skal du sjaa, tenkte eg, her fær me stort Tolerancetablaa: ein kristen Prest, som kjøper eit Krucifiks av ein Tyrk! Men Presten saag ikkje just ut som han vilde gjeva Uppvisning i Tolerance. Han saag ut som han var rædd. Eg veit ikkje, um han slog Kross for eg, men det var visst ikkje langt ifraa; og apage Satanas! stod tydeleg aa lesa i heile hans Aatferd. MenTyrken heldt paa med sitt; han forstod visst ikkje, at ein Prest kunde sjaa eit Krucifiks utan aa kjøpa. Endeleg spurde Presten, kor mykje det kostad. Seksti Frank, totte eg Tyrken svarad. Daa gjekk Presten. Det same gjorde eg. Det vart nok ikkje noko Tolerance-tablaa av denne Gongen.
 
_ So kom Fredagen, og so skulde eg draga.

( Meir.)