Raaheit i Maal.

 
Det er sume, som synast meina, at Norskheit er paalag det same som Raaheit. Den Meiningi er gamall nok, for ho var alt uppe i 
Henrik Wergeland sine Dagar. Han og hans Tilhengarar vart støtt skuldade for Raaheit, og naar Motstandararne skulde visa si Foragt for det Norske, var det berre aa slengja fram nokre Styggord um Gamalost og Skinnbrok.

Det var naturlegvis illa gjort. Men paa den andre Sida skal me leggja Merkje til, at det ogso var mest i det ytre, at Norskheiti var kjend den Gongen.

Annarleides er det no. For um det enn er so, at Maalsaki i sin djupaste Grunn umfatar meir enn Maalreisningi, _ ho umgrip Formerna for heile vaart folkelege Liv _ veit me likevæl, at Norskheitsarbeidet elder Maalsaki no nærmaste gjeng ut paa aa faa eit norsk Bokmaal, og at det andre nasjonale Arbeidet i allefall ikkje er so uppe til Dryfting elder so umstridt som nettupp denne klaaraste Sida.

Naar difyre Folk no meina, at Norskheit er det same som Raaheit, daa maa dei helst meina, at det norske Maal er raatt. Og det segjer dei ogso ofta tydelegt nok.

Kann eit Maal vera raatt?

Ja, utan Tvil. Eit Maal, som ikkje er brukt av annat enn raae Folk utan Upplysning, og som ikkje hev voret Tolk for Tankar og Daning, det maa vera raatt.

Er detta Tilfelle med det norske Maal?

Nei. For det fyrste kann det ikkje ganga an aa segja, at det norske Folk, som talar dette Maalet, er eit raatt Folk utan Upplysning. Og for det andre hev det i den siste Mannsalderen voret fleire Diktarar og Upplysningsmenner, som hev tolkat altslag Tankar paa Landsmaalet, so at det er bra uppdyrkat. Ikkje so aa forstaa, at det kann segjast no alt aa vera eit heilstøypt dyrkat Maal; det vilde vera eit Mirakel, um so var. Men det er lettvint aa bruka, og det er reint utrulegt, kor rikt det er i Grunnen er, naar han berre vert kjend med det tilgagns.

Aa kalla det norske Maal for eit raatt maal no i vaare Dagar syner berre Uvitingskap. Den, som kjem med slikt, syner, at han ikkje hev fylgt med si Tid. Han kann ikkje kjenna den telemarkiske Folkediktning, han kann umogelegt hava leset Janson, Vinje, 
Blix elder Garborg. Ingen, som hev leset desse Forfattarar, kann koma med det Paastand, at Landsmaaet ikkje er istand til aa bera ein Kultur. Det stod ikkje paa, um vaart Folk hadde sopass Kultur og Upplysning, som det kannfaa gjenom Landsmaalet.

Men det gjeng an aa koma med Raaheti paa norsk Maal liksom paa kvart annat Maal i Verdi. Det er sjølvsagt. Ukvæmsord, Bannskap og Styggsnakk er raatt og forkastelegt paa alle Maal, og det høyrest verst paa norsk for oss, for alt er tydelegast paa Morsmaalet. Men Raaheiti er i dette Tilfellet ikkje hjaa Maalet, men hjaa den, som brukar det, og det anten han talar dansk elder norsk.

Forresten er der i alle Maal Ord, som er vakre, og Ord, som er mindre vakre. Maalmenner bør vera varsame i Valet og velja sovidt mogelegt aalmenne og vakre Ord.

Dag.