Sant og vist.


At Reaktionen nu er begyndt i Telemarken, synes temmelig sikkert, segjer Høgre og Bratsb. Amtsavis . Og spør du hot det væl er, som hev gjort, at Bakslaget kjem, so fær du Svar og det so det søkk i deg: Det er Folkehøiskoleelevernes forargelige Adfærd i Siljord og Qvams Omtale af Amtmand Arneberg i Stortinget.

Det ser me Synderegistret. Det er ikkje so svert langt, men so er det væl istaden so mykje grovare, veit eg. Ja grove maa dei vera, naar dei skal kunna sopa Folket reint for Framstigstankar og blaasa inn litt Bakstræv istaden. Det er sanneleg godt gjort det, av 5 _ fem _ halvvaksne Gutar og ein Stortingsmann!

Men var det soleis, so hadde vist Høgre gjort klokare i aa tagt seg endaa eit Bil til desse Atterhaldstankarne hadde fenget fest seg betre. Naar dei no tek til aa juble so tidlegt, kunna det vera spelegt, at dei heldt paa berre paa Trass. Og daa hev Sikkerheits-ventilarne aat Høgrepartiet gjort Partiet ei klein Tenest. Moralen aat Vinstre, som etter deira Ord er skral nok fyrr, og som dei vel vilde prøva aa faa betre Skikk paa, hev dei gjort verre. Og dei hev, som væl er det verste Tap for dei _, skuvat Hjelpesmenn fraa seg.

Men trøyst dykk Gamlingar! Eg vil ikkje leggja ei Byrd til paa dykk. Det er vist tungt nok aa bera paa Millomalderens Tankar, om de ikkje fær meir til. Eg tenkjer de kann vera rolege for, at derikkje var noko aa forrenna seg paa.

Bratsb. Amtsav. fekk ut av ei Prenteville i Varden, at Telemarkingarne varløse Karle. Ja somen maatte me vera løse, naar 5 unge Tankeløysingar skulde kunna blaasa oss i koll med ein Pust! Alle sannar vist, at det var glætt gjort av dei. Det var eit Utslag av den Tankeløysa, som er eit Sermerkje for 17 _18-aaringar. Eg hev helder aldri høyrt nokon Vinstremann forsvara dei paa annan maate.

Men Høgre krev, at Vinstre skal vera ansvarlegt for kvar manns Gjerd. Vinstre er ugudelegt, dei maa Bank-kasserar stryk til Amerika med Kassa, so fær ikkje Partiet Lastord for det, og det er rett etter vaarMeining. Men naar ein Unggut, som kanskje held med Vinstre i Tankeløsye gjer eit Skøyarstrik paa ein hell annan Skule, _ helst ein Høgskule _, ja so _ so fær me høyra um Vinstres moralske Fordærvelse!

So er det Qvams Umtale av Amtmann Arneberg, som skal hava verkat so i sama Retning. De kann vita, at naar ein slær tvo so store Synder ihop, so maa det meir enn vega upp dei gode Tankarne Telemarkingarne fyrr hev havt um Vinstre! Høgre hev vegjet dei, men ikkje funnet dei for lette. Og med dei vil dei no erobre Telemork!

Eg skal ikkje innlata meg paa aa døma um, anten Hr. Arnebergs politiske Standpunkt ham selv uafvidende, som Qvam sagde, kann hava innverkat paa hans Paaankemyndigheit hell ikkje i Saki mot Haukom. Men det som væl var eit rimelegt Krav aa setja til ein Amtmann, var daa, at han saag væl gjenom Akterne, fyrr han paa-anka ei Sak.

Det kann ein hava sine Tvilsmaal um Hr. Arneberg hev gjort i denne Saki, tykkjer eg. 
Ein Ikkje-jurist med aalment sunt Folkevit maatte av Akterne kunne sjaa, at dei og Domspræmisserne stod i Strid med kvarandre.

No, med dette kann det vera, som det vera vil. Retten hev sigrat, og det er det vigtugaste.

Men Høgre-innsendaranne og Brtsb. Amtsav. burde helder latet voret med aa profetera. _ Det er betre aa tigja enn aa tala, naar ein dermed berre vekkjer falske Voner.

B.