Stortingsvali.

 
IV.
 
(Del 7 av 9. Fyrste delen.
 
Korleis bør Tingmennerne no vera lagad?
 
Det er sume, som meiner, at ein fyrst og fremst bør sjaa til aa faa inn gode Talarar i Tinget. For naar dei ikkje ser att mange Spaltar fraa Tingmannen sin i Stortingstidendi, so trur mange, at han inkje er noko dugleg. 
Dei mæler honom likesom med Metermaal. Men det kann likevæl vera baade av dei duglegaste og av dei som hev mest Vyrdnad og som det vert mest set etter i Tinget, um ein ikkje ser so mykje ifraa dei. For i Komitearne er det, at Arbeidet vert gjort, at Kunnskapen og Dugleiken mest kjem fram; det er ikkje so reint ofte, at eit aldri so godt Ordskifte i Tingsalen kann umhuga nokon og vinna fleire Røyster for ei Sak. Kvar hev si Meining ferdug, fyrr Saki kjem til Forhandling, so at det ofte er meir for den som er utanfor enn i Tingsalen, at ein held Talar. Og hev ein noko aa klaga paa Tinget, so maa det helder vera, at der vert talat altfor mykje enn for lite. Saker, som hev voret frame mange Gong og som er so utgreidde, som dei kann verta, vert uppattrødde i det endelause, so der stundom kann rørast og fløkjast isaman, der ingen Floke er, og so endar det kanskje med, at heile Saki vert sett ut. Det kostar Landet Pengar alle desse lange Talarne, og Tinget vert aldri ferdugt med det som det skal, um det so sit langt utgjenom Sumaren.

Og ikkje er det mange elder, som kann halda lange Talar utan aa taka upp att det som er sagt fyrr. Nei høvelegste Tingmannsemne er den, som kann segja si Meining klaart og greidt og nemna stutt kva Grunnar dei stød seg til. Thomesen og Jaabæk hev det paa det Laget, dei er gode Talarar. Lat oss faa mange slike. Me hev betre Bruk for lange Utlegg og Fyredrag utanfor enn i Tinget.

Skal Stortinget vera fullgod Berar for Folkestemningi, so var det godt um det so mykje som mogelegt hadde Menn fraa alle Samfundsklassar og at dei ymse Bygdelag i Fylkjet hadde sine Menn. Men det trengst ikkje endeleg um, at det skal sendast Menn, som er fraa same Bygdelaget; det kann gjerne henda, at eit Bygdelag kann finna høvelegare Maalsmenn for seg paa andre Kantar i Fylkjet enn dei hev det sjølve. Noko som skulde vera meir ansande etter, var at dei ymse Tenkjemaatar Aldrar og Utviklingsstig og gjerne Livsvilkaar i Folket burde repræsenterast. Det var ikkje væl um det vart sent anten berre av Ungdomen elder Alderdomen iveg, men nokon som høyrde til dei eldre Ættlag og nokre til dei yngre Framstigemenn, daa vilde det jamnast i hop, so det ikkje vart anten for seint elder skjott etter Bygdehøvi, men Maaten vart passad.

Det bør vera vituge og praktiske Menn ein sender til Tinget, ikkje slike, som gjeng med for mange Teoriar, slike kjem det sjeldan noko verkeleg nyttigt ifraa. Helder ikkje bør det vera Menn, som hev for store Tankar um seg sjølve, dei kjem berre til aa gjera Skade. Annleis er det, naar det er Menn, som stiller seg sjølve til aa veljast paa. Det var ikkje ille um det kunne verta meir Skikk dette.
 
Det er so trugje og greidt. Hev ein Mann umframs Tankar og Synsmaatar som han gløder for og strævar for aa faa ført fram til Utslag, so vil det vera ei Trong for honom aa faa vera med aa avgjera desse Sakerne; han vil freista aa faa koma paa Stortinget, og daa melder han ifraa, at han gjerne vilde verta vald. Men her er skikken den endaa, at slikt vert haldet for Skamm, det er likesom dei vil traa berre etter Løni og sovoret, heiter det. Men daa skulde det væl vera større Skam i aa søkja Kongen um eit Embætte paa Livstidi veit eg, enn aa søkja Folket um aa faa gjera Tingmannsgjerningi eit Triaar.

( Meir.)