Tidender.

 
Kristiania, den 7de Juli.

Tingvalet for Vestupplandet skal haldast paa Litlehamar 1ste oktober. Amtmannen hev skrivet til Valstyri og sagt, han trur det er best, at alle Valmannsvali i Amtet vert haldne sama Dagen _ 14de September.


Landsdomar Quam vil flytja til Embættet sitt i Sudtrøndelagen, fyrr Valet vert haldet der.
Han vil soleis inkje taka mot Val i Nordtrønde-lagen.
 
 
Folkemøte hev det voret haldet paa Gvarv i Telemork. Millom 40 og 500 Menneskje var
tilstades. Høgretalaranne var: Pastor Hauen og Pastor Ottesen. Paa Vinstre Sida talad V.
Ullmann, Tingmennerne Bentsen, Thomesen, Rinde og Sveinsson, Pastor Jespersen, Bonde Halvor Bøle, Olaf Ingolfsrud m. fl. Ordskiftet var kvikt og ført paa ein pen Maate.


Dømd til aa missa Livet . Ole K. Sagbraaten fraa Nordre Aurdal vart i Vinter skuldad for, at han hadde drepet Kjeringi si. No hev Underretten dømt, at han skal missa Livet. Den dømde sit framleides i Fengsel i Valders og vil inkje ganga ved, at han hev gjort det, dei skuldar honom for. Saki er no hjaa Overretten.