Verjing mot Mistyding.


Fraa Forfattaren av Stykkjet Langt fram i Tidi .

Daa eg høyrer, at det er Folk paa Mine Kantar, som so groveleg misforstend dette Stykkjet, maa eg bry Bladet med ei liti Utgreiding av Meiningi.

Stykkjet var eit myrkt Hugsviv, fenget under saare Inntrykk av, kor syrgjelege Fylgjur det kunne tenkjast aa faa for Kristendomen, um den Tanken vart godkjent, at Fleirtalet skal raada i aandelege Ting. Eg vilde gjera dette klaart for Folk paa den Maaten, at eg sette det Tilfellet, som eg hjarteleg gjerne vilde ynskja aldri kom, men som eg likevæl ikkje held for utenkjelegt, at Fritenkjarskapen fekk so stort Velde, at han fekk Fleirtalet med seg, og at Kristendomen vart so nedhalden, han laut stræva seg fram paanytt som i gamle Dagar som ein annan Mindretalsflokk. Med andre Ord, at Tiderne vart so umvende, at Kristendomen fekk den same Stelling som Fritenkjarskapen no. Ja sette Tilfellet uti det ytste, at det vart so umsnutt, at Fritenkjarskapen kom til aa verta som ein ny Religion med sine Kyrkjur og Prestar, og med likeso mange Fritenkjardogme, som me no hev kristelege Læresetningar; og eg freistad daa med faae Ord paa den eine Sida aa faa teiknat eit Bilæte av kor grysjeleg ein Lærdom um Religion og Moral det kunne verta til, dersom det gjekk som sume Fritenkjarar tykkjest vilja. 
Paa den andre Sida vilde eg gjeva eit Fyre-syn um korleis Kristendomen daa kunne koma til aa verta hatad og kjøvd soleis, at dei Kristne vart haldne for likeso radikale Samfundsumstøyparar som Fritenkjaranne no. Eg tenkte meg fram til sovorne Tider, som Bibelord ogso tykkjest ottast, at Kristusnamnet vert vanvyrdt, og dei, som held seg til dette einast, vert agtad for einfengde Styvringar og stemplad som vantrugne og ulyduge mot Statens Meining.

Fekk Folk klaart Auga for dette, kor vanskipeleg ein Religion og Moral seinare Ætter kunne faa hevda for Samfundet, og kor ulikleg ei Stelling Kristendomen vilde faa, soframt den Grunnsetning vart vedteki, at Fleirtalet hev Rett til aa styra som det vil i Aandslivet, daa tenkte eg dei vilde tenkja seg um betre og fara vislegare fram, naar det kom slike aalvorlege Spursmaal fram, som det gjorde i 
Kiellands Sak.