Den politiske Stelling i Danmark.


Biskop Monrad heldt nyleg ein Tale paa eit Folkemøte, som me gjev eit Ordrag av:

Eg kom til aa tenkja paa, korleis ein Tingmann skal sjaa paa Veljaranne sine, og eg fann ikkje noko høvelegare aa samanlikna det med, enn at han skal sjaa paa dei som Mor si. Og so vil eg daa og tala til dykk som til ei kjær Mor. Ja kjære Mor, eg hev ei Sorg aa fortelja deg. Naar eit Menneskje hev stridt for noko i mange Aar, og han endeleg hev naatt det, og det so med ein Gong brest sund og fell ned att, daa kjenner han ei djup Sorg. Naar ein t. D. hev balat og strævat for aa hava Fedragarden sin og gjeva han aat Borni sine, og so alt med ein Gong fell i hop, so han maa ganga ifraa alt saman, daa er det liten Hugnad ved det. Eg hev no i 45 Aar arbeidt paa Danmarks konstitusjonelle Fridom, og no ser eg paa ein Gong Absolutismen bryt fram av Grunnloven vaar.
 
Det kann ikkje anna enn saara meg i Hjartat. Men eg skal ikkje tala um det, men eg skal sjaa paa Saki. Eg skal fyrst sjaa aa finna det, som Høgre og Vinstre er samstelt um, og so kva som skil dei og sidan um kva det er som kann gjerast.

Baade Høgre og Vinstre maa no sanna, at me no liver under Absolutismen. For naar det stend i Grunnloven, at Inntekter og Utgifter i Staten skal avgjerast ved Lov, og det so kjem ein provisorisk (Braabils-) Finanslov og tek seg til Rett paa Pengar, som er negtad av eit av Tingi, so er ikkje det anna enn Einvaldsstyring. For korleis er det med Retten til aa styra med Pengarne vaare daa, naar Regjeringi kann taka berre som ho vil?

Men so kjem det, som det er tvo Meiningar um. Høgre segjer, at det er med full Rett , at Absolutismen hev kropet ut av Grunnloven, at han hev Grunn for seg der. Men Vinstre negtar dette. Høgre held seg til § 25 i Grunnloven. Der stend det væl, at naar det ikkje er gjort nokon annan Finanslov, so hev Regjeringi Rett til aa gjera seg ein aaleine. Men so stend det attaat, at den ikkje maa strida mot Grunnloven, og var ikkje denne Tilsetnaden, so kunne heile Grunnloven falla. Og naar det no stend i § 1, at Regjeringsformen er indskrænket-monarkisk og i § 2, at Lovgjevingsmagti er hjaa Kongen og Riksdagen til saman, og naar me veit, at Stellet med Pengesakerne høyrer med under Lovgjevingsmagti, daa synest det meg, at det ikkje høver med Grunnloven, naar Regjeringi vedtek Pengesaker, som er negtad av eit av Tingi.

Kva skal me so gjera?

Høgre segjer, at me fær ganga til Riksretten, soframt me trur, at me lid Urett. Men her maa me segja, at i Ordningi av Riksretten er det nettupp at Riksskipnaden vaar er uhøvelegst. Naar Loven set Medlemerne av Landstinget inn i Riksretten, so var det med den Voni, at Domaraanden skudle trengja inn i Landstinget og lyfte det upp til den høge upartiske Stelling, som ein Domar maa hava.
 
Men denne Voni hev sprunget. Det er so langt ifraa, at Domaraanden hev komet inn i Landstinget, at tvert imot den politiske Ovhugen hev trengt inn i Riksretten og trengt ut Domaraanden. So der torer ein ikkje venta seg nokon verkeleg upartisk og paaliteleg Dom. Og dessutan hev Riksretten ikkje noko med aa døma um, korleis Grunnloven skal tydast, han hev berre aa døma, um ein Ministar hev gjort Lovbrot elder ikkje. Det er Lovgjevingsmagti einast, som kann gjeva Lovfortolkningar.

Men kva skal me so gjera? Ja det er Naudi, at dette er so vandt aa segja. Sume segjer, at Folketinget slett ikkje skal forhandla med dette Ministerium, me no hev. Eg finn no, at dette hev Faarar med seg. For tek Folketinget til aa segja sin Dom um Finansloven, so kann ikkje Regjeringi lata vera aa taka Umsyn til den Domen. Men naar no Tinget ingen Ting segjer, berre negtar alt saman, so gjer ein det lettare for Regjeringi aa stella alt berre paa eigi Haand, soframt ho daa ikkje berre paa Sett og Vis vil ganga sine eigne Vegjer til det ytste. Kanskje det kunne vera ynskjelegt, um Folketinget sette ned ei Nemnd, som skulde forhandla og faa klaare og greide Uttal fraa Regjeringi.

Striden soleis som han no er, stend mykje paa korleis Kjøbenhavnsfolket og andre Bymenn vil stella seg. Eg som hev set, kor gjævt Byarne ei Tid hev stridt for Fridomen, kann ikkje anna enn syta det Umslaget, som her er gjort. Men det er aa vona, at det kunne venda seg att, og det vilde vera til stor 
Trygd for Fridomen vaar.

Grunnloven vaar er no liksom sigen i Svevn; me maa ynskja, at han maa vakna upp att, at han igjen maa koma til fullt Lov.

Lat oss trugne halda paa den gamle Grunnloven, soleis som han er forstaden ifraa gamal Tid, og aldri sleppa den.

Den gamle Grunnloven live!