Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 7 av 11. Fyrste delen.)
 
-28-
 
honom Mat baade ein Gong og tvo. Fyrste Luten av Vintrarne gjekk det ogso an. Daa for han umkring paa Sætrarne, braut seg inn og tok alt etande, han kom yver, for dei brukte aa setja att Mat, som dei skulde ha, naar dei kom for aa køyra ut Møk og hava heim Høyet um Vintrarne. Men mange, som kjende Svein fraa han var Smaagut, torde ikkje anna enn aa taka heim all Maten sin um Haustarne.

Daa det leid ut paa Vinteren vart det verre. Daa livde han berre av Fisk, Hare og Rjupe, som han fangad; men det var inkje alle Tider, han hadde det helder. Han laag alltid inne i Stoga, til han hadde etet upp siste Biten. Daa han so var matlaus og skulde ivegen paa Fangst, kunne det bli vondt Ver, so det var sume Gonger baade ein Dag og tvo, som han inkje kom or Stoga.

Namnet Røe gjekk reint yver til Røvar, for alle tykte, dette høvde best. Fjorde hausten han var i Sæterstoga, kaupte han Hund og Kikar. No tok det til aa ganga likare med Jagti. Same Hausten skaut han tvo Reinar. Men aldri vart det noko av fyrr Svolten drog paa. So lenge han hadde noko i Sekken, tok han det fælt makelegt. Dei sae, at han inkje gjekk lenger millom kvar Gong han kvilde, enn Byrsa hans var lang til. Naar nokon, som var i Fylgje med honom, tykte at det gjekk for smaatt, sa han: 
Det hev ingen Hast, so lenge det er noko i Sekken. Hev du inkje leset Bibelboki? I ho stend det: Ein skal ikkje syta for den Dag i Morgon.

Femte Hausten, han dreiv som Skyttar, skaut han ein Elg, ein Bjørn og tvo Reinar. Men daa var han inkje god Gut aa tala til for simple Folk. Jamvæl Storfolk laut gjera seg fine, um dei skulde faa eit skikkelegt Svar av honom.

Same hausten fekk han i Hest paa ein snøgg Maate. Daa han skulde bera heim Hudi av Bjørnen, fekk ein Hesteleitar fraa Grannebygdi sjaa honom. Han kjende Svein paa lang Leid; men kva han hadde paa Ryggen, kunde han inkje skyna. Han trudde


-25-

livande Sjel so skal eg no helsa dykk paa at eg vart konfermert av ein Prest strakst nordanfor Trondheim fyrste Hausten eg var burte som sae at han hadde konfermert mange daarlegare enn eg som han tok ein Dalar for og so var eg længe paa Mostad Værk og lærte blaase Jarn so var eg hjaa ein Urmakar og ein Snikkar so de kann veta eg hev set mykje stort baade paa Sjø og Land som eg inkje kann skrive um no daa eg hev so daarleg Tid so eg inkje hev meir nyt aa fortelja dykk enn at ho Ingebjørg Bestemor døydde nyst fyrr Haakon Bratten reiste sa han daa fær eg slutta Brevet mit denne Gong for eg kjem væl heim att til Vaaren so de skal faa høyre mykje meir som inkje er noko aa skriva um her.
 
Lofoten den 10de i denne.
 
Svein Hallvardson Haugen.

Du fær faa Sigurd Lien til aa lesa Brevet som inkje segjer noko.

S. H.
 
 
V.
 
Sist i Juni, Sumaren etter, kom Svein heimatt i fillutte Klæde og med ei gamal Skinnskreppe, som han hadde nokre slitne Fillur og eitpar skarve Tænger i, paa Ryggen. Daa han kom inn i Stoga, sat Far hans i Høgsætet og skrapad eit Grautfat, som han hadde etet or. Han var nyst komet att fraa Byen, der han hadde setet i fem Dagar paa Vatten og Braud for ein Elg, som han hadde voret med og skotet paa ulovleg Tid.

No gav Svein seg ut for aa vera full-lærd Smed, brukande Urmakar og halv Snikkar. _ Mange Reglur hadde han aa fortelja um store Mannsverk, som han hadde gjort paa Sjø og Land der nord.

Soleis fortalde han, at han hadde skotet ein ovstor Kvalfisk, rundjulat den sterkaste Mann, som fanst i heile Nordland og drepet tri digre Bjørnar. Ein Bjørn hadde han skotet, ein hadde han

7

 
-26-

sleget ihel med ei Øks og ein hadde han narrat burt under ei Sag, so han miste hovudet med ein Gong.

Sumaren og Hausten utyver raklad han Gardarne millom med Skreppa paa Ryggen og smidde; men daa det leid yver Joli og vart kaldt, syntest han, det var best aa vera inne. Eg vil inkje bry meg meir um Smidingi fyrr det lid ud paa Vaaren, sa han. Han tok til med Klokkarbeid. Det gjekk bra ei liti Rid; men so fekk han tvo Stogeklokkur, som han skulde stella same Dagen. 
Han tok sund baade tvo paa ein Gong og la dei paa kvar sin Ende av Bordet; men som han der for, kom han til aa velta Bordet yverende, so Klokkurne rullad yver heile Golvet. Han tok Sopelimen og sopad isaman Stykki, og etter langt Arbeid fekk han alt paa Bordet att. So tok han til aa maata og maata og ingen Veg kom. Han vart sitjande den Dagen og langt ut paa den andre; men Klokkurne fekk han inkje isaman. Daa hadde han alle Stykki i ein Sekk. _ Dagen etter, daa Eigarmennerne kom og skulde henta dei, fann han fram Sekken og sae: De fær dele, som De er Vener til. Sidan vart det langt imillom kvar Klokka, Svein fekk aa stella. Daa det leid fram paa Vaaren, sette han burt i Skogen og til aa hogga Timber framved ein liten Bekk. 
Folk undrast paa kva han no tenkte paa; men snart fekk dei vita, at han vilde faa istand eit Jarnverk, so det kunne bli Arbeid aa faa for dei mange Stakkarar, som inkje hadde noko vidare aa gjera, og for at Folk kunne sleppa føra Jarn lange Vegjer. Men no maatte ingen kalla honom Svein Haugen lenger. Dei, som kom til aa nemna det Namnet, naar dei talad til honom, fekk inkje Svar, og brevi, som hadde den Utanpaaskrift, vart sende attende. Svein Røe skulde Namnet hans vera, etter Eigaren av eit Jarnverk, som han hadde voret paa, daa han var nordanfor. Men dei fleste syntest væl dette Namn var for stutt, elder kanskje det og var andre Grunnar som gjorde, at det som jamnaste vart Røvar istaden for Røe. _ Han arbeidde ridomtil i tvo Aar paa Jarnverket og kom solangt, at han kunne blaasa Jarn. Daa kom han under med, at Bekken var for liten, so det vilde bli gangande for

 
-27-
 
smaatt. Han strauk fraa heile Stellet der og sette burt til ein større Bekk og tok til aa hogga Timber og arbeidde paa nytt Lag. Der arbeidde han eit Aars Tid. Han sette upp Hus til Verket og tuftad ei Stoge; men det vart ikkje meir.
 
Han drog no i Vegen og laante seg ei Rifle og tok til aa fara paa Jagt. Han for nord og sud, aust og vest i Skogen og uppe paa Fjellet med ei Byrse paa Oksli og med ein matlaus Sekk paa Ryggen. Det gjekk lenge tufs med Jagti; men det var alltid Byrsa, som hadde Skuldi. Det er faafengt aa faa i ei Byrse, som det gjeng an aa raaka noko med, sa han, naar nokon talad med honom um Jagti. Naar han vart for svolten, var han burt i Gardarne og smidde einkvan Dagen imillom. Soleis for han og raklad eit Aar. Daa flidde han Byrsa, han hadde laant, og gjekk til ein namngjeten Byrsesmed og fekk honom til aa gjera seg ei Rifle. 
Stor og sterk var ho og vog jamt eit Bismarpund.

No tok han sitt Pakk og Ty og drog burt i ei gamal Sæterstoge, som laag framved eit lite Fiskevatten langt burte paa Fjellet, og tok Bustad. Jagti byrjad helder inkje rart med den nye Byrsa. Rett som det var um Haustarne kom han paa Sætrarne mest ihelsvolten og bad um at faa kaupa seg Mat. Daa han hadde fenget Mat, sa han som oftast: Ja, eg hev ikkje Pengar paa meg no; men eg fær koma att og betala eingong sidan, og vil dykk ha Ferskmat, so skal de faa det med det fyrste.. Men dei fleste fekk venta lenge paa Betalingi. Daa han kom igjen seinare, var han like so uppraadd som sist, og daa laut dei gjeva honom Mat paa nytt; men paa same Rekneskapen.

Dei tvo fyrste Aar, han var i Sæterstoga burte paa Fjellet, var Livemaaten hans mykje attaat simpel. Endaa det gjekk an um Sumrarne og Haustarne utyver, solenge dei laag paa Sætrarne med Kreturom, for daa gjorde han seg Ærend dit, rett som det var, med nokre Fiskar elder eitpar Treskeider, som han vilde gjeva burt. Og naar han kom med slike Saker, so laut dei daa gjeva

( Meir.)